Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Nærmare om framlegga til endringar

Kap. 11 Slottet, Bygdø kongsgård og Oscarshall

       For å kunne gjennomføre planen for arbeidet med opprusting av inventar og utstyr på Slottet, er det behov for å gjere nokre bestillingar i 1996 som gjeld planlagte tiltak i 1997. Behovet for slike bestillingar er venta å utgjere omlag 1,5 mill. kroner.

       På denne bakgrunnen gjer Finansdepartementet framlegg om at departementet i 1996 kan bestille for inntil kr 1.500.000 ut over løyvinga for 1996 under kap. 11 Slottet, Bygdø kongsgård og Oscarshall, post 11 Varer og tjenester.

Kap. 20 Statsministerens kontor

       I samanheng med frigjeringsjubileet 1995 blei det vedteke å reise eit nasjonalt frigjeringsmonument i Narvik, jf. Innst.S.nr.283 (1995-1996).

       Ein del av kostnadane med dette monumentet vert ikkje utbetalt før i 1997. For å håndtere dette, gjer departementet framlegg om at løyvinga under kap. 20 post 21 på 3,0 mill. kroner, får stikkordet « kan overføres ».

Kap. 21 Statsrådet

       Lønskostnadane for 1996 ventast å bli noko høgare enn budsjettert. Finansdepartementet gjer derfor framlegg om at løyvinga under kap. 21 post 01 vert sett opp med 0,7 mill. kroner. Kostnader i samanheng med regjeringsskiftet, vil departementet kome tilbake til seinare.

       Ein vil også gjere framlegg om at løyvinga under kap. 21 post 11 vert sett opp med 0,6 mill. kroner, som følgje av ein auke i reiseaktiviteten i 1996.

Kap. 1610 Toll- og avgiftsdirektoratet - toll- og avgiftsetaten

       For å forenkle administrasjonen av løyvinga på post 21 Spesielle aksjoner, gjer departementet framlegg om at løyvinga under post 01 Lønn og godtgjørelser vert sett opp med 3,0 mill. kroner, og at løyvinga under post 11 Varer og tjenester, vert sett opp med 7,0 mill. kroner. Post 21 skal minskast med ein tilsvarande sum og setjast til null.

       Departementet presiserar at dette er ei teknisk omdisponering og at føremålet med løyvinga ikkje skal endrast.

Kap. 1616 Andre utgifter til skatte- og avgiftsinnkreving

       På bakgrunn av rekneskapstal og statistikk for fyrste halvår 1996 er det grunn til å rekna med ein sterkare auke i portoutgiftene enn det løyvingsoverslaget bygde på.

       Departementet gjer framlegg om at den vedtekne løyvinga under kap. 1616 post 11 Varer og tjenester, vert sett opp med 25 mill. kroner.

Kap. 1618 Skattedirektoratet - skatteetaten

       Ein del av løyvinga på post 11 Varer og tjenester skal nyttast til IT-prosjekt, m.a. BOTA og MER-prosjektet.

       På bakgrunn av forskyvingar i tid vil ikkje alle utgiftene verte fakturerte i 1996.

       På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at den vedtekne løyvinga for 1996 under kap. 1618 post 11 Varer og tjenester, vert sett ned med 10,0 mill. kroner.

Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå

       Ved utgangen av 1995 utgjorde akkumulert mindreinntekt i samanheng med forskningsoppdrag o.l. på kap. 4620 post 01 Salgsinntekter og post 02 Spesialoppdrag 6,5 mill. kroner.

       Om lag 4,6 mill. kroner av denne mindreinntekta var forskyvingar av inntekter til 1996, mens resten av mindreinntekta på 1,9 mill. kroner i hovedsak skuldast at salet av Statistisk årbok og Historisk statistikk vart mindre enn venta.

       Riksrevisjonen meiner at meirforbruket på 1,9 mill. kroner under kap. 1620 post 21, er uhjemla og har tatt saka opp i Dok.nr.1 (1996-1997).

       For å dekkje inn dette underskotet på 1,9 mill. kroner, gjer Finansdepartementet framlegg om at løyvinga i statsbudsjettet for 1996 under kap. 1620 post 01, vert sett ned med 1,9 mill. kroner til 165,1 mill. kroner.