Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, fra Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, fra Høyre, lederen Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, fra Kristelig Folkeparti, Lars Gunnar Lie og fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg den grundige gjennomgangen Regjeringa gjer av dei ulike fiskeriavtalene Noreg har med andre land for 1996 og gjennomføringa av fisket etter avtalene i 1994 og 1995. Komiteen har merka seg innhaldet i og praktiseringa av dei ulike tosidige fiskeriavtalene som opnar for eit gjensidig balansert fiske i dei einskilde økonomiske sonene til avtalepartnarane. Ein har vidare merka seg avtalen som Noreg har gjort med Canada om handheving av reguleringane på overskotsbestandar i den kanadiske økonomiske sonen. Denne avtalen er handsama av Stortinget i Ot.prp. nr. 3 (1995-1996) .

       Komiteen er nøgd med at Noreg har fullført prosessen for å ratifisere FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 samstundes med FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav.

       Komiteen vil særskilt vise til det samarbeidet Russland/det tidlegare Sovjet og Noreg har hatt om forvaltninga av fiskeressursane i sine økonomiske soner og i tilgrensande havområde. Ein vil i den samanheng vise til ein einstemmig merknad i Innst.S.nr.23 (1995-1996) kor ein uttaler: « Komiteen er særs tilfreds med dette samarbeidet ».

       Det gode samarbeidet mellom norske og russiske styresmakter må etter komiteen si oppfatning vere med å danne eit mønster for det fiskerisamarbeidet Noreg for øvrig tar del i saman med andre kyststatar. Komiteen vil i denne samanhengen peike på det uheldige i at einskilde kyststatar bryt grunnlaget for ei berekraftig ressursforvaltning gjennom høg innsats i fiske på både regulerte og uregulerte bestandar i internasjonalt farvatn. Samarbeidet med Russland om forvaltninga av dei nordlege bestandane må utviklast vidare på grunnlag av FN-avtalen om fiske på det opne hav til også å gjelde ein felles kystvaktinnsats for å stoppe Islands og andre nasjonar sitt uregulerte fiske i desse områda.

       Utfordringane i fiskerisamarbeidet framover blir etter komiteen si oppfatning å føre vidare ei forvaltning basert på ei vitskapleg rådgjeving som har til mål å skape grunnlaget for ei berekraftig utvikling i fiskerisamfunna i Noreg og i alle dei nasjonane vi har ulike fiskeriavtaler med. Komiteen vil i denne samanheng særleg vise til situasjonen i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat for mellom anna konsumfiskbestandane og silda. Regjeringa understrekar i meldinga kor alvorleg situasjonen er. For høg fiskeinnsats i høve til ressursgrunnlaget, utkast av fisk og fiske på ungfisk - særleg i høve til sild - verkar alle som negative faktorar i ei ressursforvaltning som skal vere berekraftig. Komiteen er samde med Regjeringa i at arbeidet med å få ressursuttaket ned på eit nivå som er i samsvar med ressursgrunnlaget i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat må få høg prioritet.

       Komiteen vil peike på at statistikkgrunnlaget for ressursuttaket kontinuerleg må kvalitetssikrast. Norsk fiskeristatistikk er sentral i dei vurderingane som ligg til grunn for ressursforvaltning og -uttak. Denne statistikken må i einkvar samanheng kunne settast opp mot eige ressursuttak, eksporttal og andre fiskerinasjonar sine statistikkar. Uvisse omkring ulike tal i fiskeristatistikken vil òg kunne føre til at det kan stillast spørsmålsteikn ved korleis kontrolltiltak, ressursuttaket og -forvaltinga blir lagt opp.