1. Bakgrunn og formål
1.1 Sammendrag
Som bakgrunn for meldingen kan vises til at ved behandlingen av Innst.S.nr.6 (1994-1995), jf. Dok.nr.8:47 (1994-1995), i oktober 1994 ba Stortinget Samferdselsdepartementet legge fram « ... eit kortfatta, overordna strategidokument for norsk samferdselspolitikk seinast våren 1996 ».
Samferdselskomiteen pekte i innstillingen på den fordel som ligger i at stortingsmeldingen om den overordnede politikken kan behandles før en behandler de enkelte sektorplanene våren 1997.
Formålet med meldingen er å gi en kortfattet framstilling av de hovedprinsipper som ligger til grunn for Regjeringens arbeid med en helhetlig transportpolitikk. Det legges vekt på å belyse de områder der det kan være et større behov for samordning og koordinering av tiltak på tvers av sektorene, slik at ressursbruken i samfunnet og i transportsektoren blir mest mulig effektiv og at en gjennom en bærekraftig transportpolitikk styrker næringslivets konkurranseevne.
Meldingen skal være et grunnlag for det videre arbeid med de ordinære sektorplanene innenfor veg, bane, luftfart og havner/kystforvaltning som legges fram i 1997. Valg av strategi innenfor den enkelte sektor vil bli behandlet i sektorplanene. I arbeidet med sektorplanene vil det være særlig viktig å legge vekt på samordning.
Regjeringen ønsker å videreutvikle styringsopplegg, plansystemer og planprosesser for å legge til rette for en større grad av helhetsløsninger, både når det gjelder å utnytte eksisterende transportsystem og ved ulike investeringstiltak. Regjeringen vil legge vekt på at informasjonsteknologien blir utviklet og utnyttet med sikte på å effektivisere transportene.
Det ligger en stor utfordring i å få gode og effektive løsninger for samordning gjennom god kontakt mellom landtransport og sjøtransport i havnene og tilrettelegging for kombinerte transporter. Regjeringen ser det også som viktig at det i større grad samarbeides om tiltak som f.eks. etablering av felles kollektivterminaler, bedre overgangsmuligheter, takst- og billetteringssystemer m.v.
Økonomiske rammer og andre viktige politiske premisser for samferdselssektoren må vurderes i sammenheng med Regjeringens generelle politikk. Slike forutsetninger vil bli fastlagt i forbindelse med Regjeringens arbeid med langtidsprogrammet som legges fram våren 1997.
1.2 Komiteens merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ragnhild Barland, Aud Blattmann, Kari Helliesen, Johan M. Nyland, Ola Røtvei og Solveig Torsvik, frå Senterpartiet, Johanne Gaup, Terje Sandkjær og Magnus Stangeland, frå Høgre, Ole Johs Brunæs, Oddvard Nilsen og Thorhild Widvey, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll, og frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan, vil streke under at hovudmålsetjinga for samferdselspolitikken er å leggje tilhøva til rette for ein mest mogleg enkel, effektiv og sikker transport av personar og gods i alle delar av landet innafor naturen si tolegrense.
Komiteen vil peike på verdien av å ha eit overordna strategidokument for samferdselssektoren som skal leggjast til grunn for arbeidet med dei ulike sektorplanane. Dette var og hovudgrunnen til at ein samla samferdselskomité i Innst.S.nr.6 (1994-1995) ba Regjeringa om å leggje fram eit kort, overordna strategidokument for norsk samferdselspolitikk seinast våren 1996. Ein vil dermed få sjå alle sektorane og samferdselspolitikken i ein heilskap, før ein startar meir detaljbehandling av dei ulike sektorplanane som vert lagde fram for Stortinget våren 1997.
Hovudintensjonen med ein overordna strategiplan for samferdselssektoren er at det skal vere eit operativt arbeidsdokument, og der ein tek utgangspunkt i hovudmåla for samferdselspolitikken og søkje ved hjelp av ulike strategiar å oppnå det som er sett som hovudmål for dei einskilde sektorane.
Komiteen meiner at ein strategi som gir auka ressursbruk til dei mest miljøvenlege transportformer, vil vere ein aktuell problemstilling i åra som kjem for å medverke til å redusere miljøproblema. Komiteen vil streke under at det er viktig at dei delplanar om transport og biologisk mangfald som departementet er i ferd med å utarbeide, munnar ut i ein handlingsplan som konkretiserer verkemiddel og tiltak som betrar miljøaspektet i samferdselssektoren. Jf. FN-konvensjonen om biologisk mangfald og styrking av naturfagleg kompetanse i denne samanheng.
Komiteen viser til at samferdselspolitikken i stor grad er sektorisert, med eigne rullerande sektorplanar for både vegsektor (Norsk veg- og vegtrafikkplan), jernbane (Norsk jernbaneplan) og luftfart (Norsk luftfartsplan).
Komiteen vil streke under utgreiinga i meldinga om at sektorplanane i samferdselssektoren kan føre til at dei ulike kommunikasjonssystema ikkje i tilstrekkeleg grad vert sett i samanheng.
Komiteen vil vise til at hamnesektoren til no ikkje har hatt same status som dei andre samferdselssektorane. Komiteen har merka seg at Regjeringa varslar ei melding om hamner og kystforvaltning våren 1997. Komiteen meiner at hamnesektoren må bli ein integrert del av samferdselspolitikken på lik linje med dei andre sektorane. Eit første nødvendig steg i det høve vil vere å innføre ein sektorplan for hamne- og kystforvaltninga. Dette vil føre til ei større jamstelling av sektorane på samferdselsområdet.
Komiteen føreset at det i tilknyting til dei ulike sektorplanane vert lagd opp til ei samordning med ei prioritert ressursbruk både innafor kvar enkelt sektor og mellom dei ulike sektorane, både på politisk og fagleg nivå.
Komiteen meiner at dette kan gjerast ved at ein samstundes med framlegging av sektorplanane legg fram eit eige dokument « samferdselsplan » som tek opp dei meir overordna prioriteringar på tvers av dei ulike sektorane.
Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil gå ut frå at det er nødvendig med ei styrking av plankompetansen innan hamne- og kystforvaltninga for å få til ei større jamstelling av sektorane innan samferdselsområdet.
Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på at intensjonene med St.meld. nr. 32 (1995-1996) er å vurdere ressursbruken i hele samferdselssektoren. Disse medlemmer mener dette forutsetter en koordinering av ressursbruken i planprosessen mellom ulike offentlige aktører og departement. Disse medlemmer forutsetter at Regjeringen selv vurderer hvordan dette best kan gjøres og hvilke plankapasitet som er nødvendig for å gjennomføre prosessen. Disse medlemmer er ikke kjent med at Regjeringen i denne forbindelse har bedt om økte ressurser slike flertallet mener er nødvendig.
Komiteens fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, har merka seg at departementet sitt formål med denne meldinga er
« å gi en kortfattet framstilling av hovedprinsipper som ligger til grunn for Regjeringens arbeid med en helhetlig transportpolitikk. » |
Fleirtalet vil i den samanheng vise til at vedtaket som Stortinget gjorde, innebar følgjande:
« Stortinget ber Regjeringa leggje fram eit kortfatta, overordna strategidokument for norsk samferdselspolitikk seinast våren 1996. » |
Fleirtalet konstaterer såleis at Regjeringa sin intensjon med denne meldinga er å gje ei skildring av hovudprinsippa som ligg til grunn for politikken i dag på dette området, og legg ikkje opp til ei nærmare drøfting av val av overordna strategiar og eventuelle konsekvensar dei ulike strategival har for sektorane samla og for den einskilde sektoren. Fleirtalet meiner det er nødvendig å slå klarare fast kva overordna strategiar som skal leggjast til grunn, og slik å vere ein forpliktande overbygning over sektorplanane.
Fleirtalet har merka seg at departementet i meldinga ikkje kjem inn på dei økonomiske rammene som skal leggjast til grunn for samferdselssektoren. Fleirtalet meiner at skal ein overordna strategisk plan ha noko verdi, må ein kome inn på økonomiske rammer og ressursbruk.
Fleirtalet meiner at den framlagde stortingsmeldinga ber preg av å vere ein presentasjon av den sitjande Regjeringa sin samferdselspolitikk, utan at det i nemnande grad er trekt opp strategiar for ønska retning for utviklinga framover. Dokumentet ber i liten grad preg av å trekkje opp overordna strategiar som verkemiddel i samferdselspolitikken. Hovudkapitlet « En helhetlig transportpolitikk » blir heller ein presentasjon av generell drøfting av dei ulike sektorar enn presentasjon av strategiar og eventuelt val mellom ulike overordna strategiar.
Fleirtalet viser til at departementet t.d. i Norsk veg- og vegtrafikkplan vil leggje opp til å presentere ulike strategiar for investeringar i vegsektoren. Innretninga på investeringsprogrammet vert avgjort av om ein vektlegg t.d. « miljøstrategien », « framkommelegheitsstrategien », « distriktsstrategien » eller « trafikktryggleiksstrategien ». På same måten hadde fleirtalet venta at Regjeringa i denne meldinga ville presentert Stortinget for ulike strategiske val når det gjeld den samla innsatsen på samferdselssektoren, og vist korleis ulike overordna målsettingar gir ulik profil på samferdselsinvesteringane.
Fleirtalet meiner at ein i dokumentet ikkje i nødvendig grad klarer å skilje mellom det som er målet for samferdselspolitikken og dei verkemiddel som ein brukar for å oppnå måla. Ei klarare presisering av dei overordna mål og verkemiddel er nødvendig. Hovudintensjonen med eit overordna strategidokument er å sjå alle sektorane og samferdselspolitikken i ein heilskap. Dette ville etter fleirtalet sitt syn gjere det nødvendig med meir utfyllande analysar av ulike strategiar når det gjeld ressursbruk og konsekvensar for dei ulike transportformene i eit lengre tidsperspektiv.
Fleirtalet viser til at miljøproblem knytta til samferdselssektoren er eit sterkt veksande problem internasjonalt.
Fleirtalet viser til at miljøaspektet i stadig sterkare grad må vere med i vurderingane av satsingsområde innafor samferdsel. Fleirtalet meiner at det hadde vore ønskjeleg med ei sterkare fokusering på det overordna aspektet miljøpolitikken må ha for samferdselspolitikken i eit lengre tidsperspektiv. Fleirtalet vil i den samanheng vise til dei internasjonale pliktene Noreg har slutta seg til.
Fleirtalet meiner miljøaspektet må tilleggjast stor vekt når samferdselspolitikken vert utforma. Det er vidare viktig at den totale ressursbruken innan samferdselssektoren vert brukt på ein måte som samla sett gjev best miljøgevinst. I vårt langstrakte land, med store avstandar, vanskeleg topografi og store variasjonar i busetting, vil den beste miljøgevinsten bli oppnådd om ein vel framføringssystem som er tilpassa desse tilhøva.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet mener at strategimeldingen gir gode grunnlag for framtidige beslutninger i samferdselspolitikken.
Utviklingen framover krever særskilt engasjement for å redusere transportens miljøulemper, og økt oppmerksomhet for å sikre at vår transportpolitikk ses i sammenheng med utviklingstrekk i det øvrige Europa.