Innstilling frå sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 1996 under kap. 2755 Helsetenesta i kommunane.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 275 (1995-1996)
- Kildedok: St.prp. nr. 81 (1995-96)
- Dato: 13.06.1996
- Utgiver: sosialkomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 1996 under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 8,1 mill. kroner har samanheng med revidert avtale med Norske Fysioterapeuters Forbund om takstar og driftstilskot. Det er avsett reservar til dekning av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
Departementet opplyser at Kommunenes Sentralforbund/staten har ført forhandlingar med Den norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om avtalar for perioden 1. juli 1996 - 30. juni 1997. Forhandlingane for legane og psykologane er ikkje avslutta. For fysioterapeutane inneber avtaleframlegget ein auke med 1,1 % pr. 1. juli 1996. Eigenbetalinga frå pasientane er halden uendra slik at heile auken i takstane kjem på refusjonsdelen.
Avtalar om driftstilskot og takstar for legar og psykologar
Da forhandlingane mellom Kommunenes Sentralforbund/staten og Den norske lægeforening og Norsk Psykologforening ikkje er avslutta, kan spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda til refusjonar som følgje av nye avtalar med desse ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til. Det blir lagt til grunn at eigenbetalinga for pasientane blir halde uendra, og at ein eventuell auke i takstane dermed kjem på refusjonsdelen. Den endelege løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.
Tilskot til fastlønsstillingar kjem i staden for dei trygderefusjonane som blir gitt til privatpraktiserande legar for kurativt arbeid. Tilskotet var i 1995.192.900 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr. veke/1.600 konsultasjonar pr. år og 150.400 kroner knytt til minst 14 timar/1.000 konsultasjonar. Depatementet tilrår at tilskota til fastlønsstillingar for allmennlegar blir auka med 10 % til respektive 212.000 kroner og 165.000 kroner for 1996. Bakgrunnen for denne reguleringa er at trygderefusjonane har utvikla seg sterkare enn fastlønstilskota dei siste åra. Meirutgiftene i 1996 blir om lag 13 mill. kroner som kan dekkjast innanfor løyvinga på kap. 2755 post 61.
Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 3. juni 1996 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1996 - 30. juni 1997. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats, 1,1 %. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 % av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Meirutgiftene for trygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1996 blir 5,2 mill. kroner.
Fastlønstilskotet var 99.900 kroner i 1995. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet auar til 105.000 kroner for 1996. Tilskot til fastlønsordning for fysioterapeutar blir auka med 2,9 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen, Bjørnstad, Bæivi, Hornslien, Kristoffersen og Øye, medlemmene fra Senterpartiet, Gløtvold, Kvalbukt og Viken, medlemmene fra Høyre, Gabrielsen og Høegh, medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, Nyhuus, medlemmet fra Kristelig Folkeparti, Svarstad Haugland, og medlemmet fra Fremskrittspartiet, Alvheim, viser til forhandlingsordninga angående driftstilskudd og takster for privatpraktiserende fysioterapeuter, psykologer og leger mellom på den ene siden de berørte organisasjoner, som er Norske Fysioterapeuters Forbund, Norsk Psykologforening og Den norske lægeforening, og på den andre siden staten og Kommunenes Sentralforbund.
Komiteen har merket seg at det er inngått avtale for fysioterapeutene som forutsetter ei høyning av takster og driftstilskott med 1,1 % pr. 1. juli 1996, og som forutsetter uendret egenbetaling for pasientene.
Komiteen har merket seg at forhandlingene for de privatpraktiserende legene og psykologene ikke er avsluttet, og at dette oppgjøret derfor ikke kan behandles i vårsesjonen.
Komiteen slutter seg derfor til at departementet får fullmakt til å gjøre forandringer i trygderefusjonene som følger av de avtalene som partene eventuelt måtte komme fram til. Komiteen har også merket seg at egenbetalingen for pasientene forutsettes uendret, og at departementet legger fram for Stortinget den endelige bevilgningssaka senere.
Komiteen viser til merknadene og til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
På statsbudsjettet for 1996 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. 2755 | Helsetenesta i kommunane | ||
62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, | |||
kan nyttast under post 71, | |||
aukast med | kr | 2.900.000 | |
71 Refusjon fysioterapi, kan nyttast | |||
under post 62, aukast med | kr | 5.200.000 |
Sosial- og helsedepartementet blir gjeve fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 1996 på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske lægeforening og Norsk Psykologforening om regulering av honorartakstane frå same dato.
Oslo, i sosialkomiteen, den 13. juni 1996. |
Sylvia Kristin Brustad, | Asmund Kristoffersen, | Valgerd Svarstad Haugland, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |