1. Samandrag
Landbruksdepartementet gjer framlegg om omorganisering ut frå dei føringane som vart gjevne under Stortinget si handsaming av B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 2 (1995-1996). Stortinget bad da Regjeringa om å leggje fram ei eiga sak om organisering og samordning av høgre utdanning og forsking på landbruksområdet. Eit fleirtal la vidare til grunn at Noregs Landbrukshøgskole (NLH) og Noregs Veterinærhøgskole (NVH) skulle overførast frå Landbruksdepartementet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet frå 1. januar 1997. Ei arbeidsgruppe har sidan utgreidd organiseringa.
Departementet gjer framlegg om at dei fire statlege forskingsinstitusjonane Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skogforsking (NISK), Norsk institutt for planteforsking (Planteforsk) og Statens veterinære laboratorier (SVL) vert organiserte som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter frå 1. januar 1997 og med eigne styre. Etter framlegget skal det gjerast unnatak frå det statlege løyvingsreglementet § 4 (bruttobudsjettering) og § 10 slik at institutta sjølve kan opprette og inndra stillingar. Tenestemannslova vil fortsett gjelde.
Departementet legg opp til at basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd, og at grunnløyvingane til dei einskilde institutta går fram av budsjettproposisjonen etter at råd er innhenta frå Forskingsrådet. Tilpassing til dei nasjonale retningslinene for statleg finansiering av forskingsinstitutt må finne stad over tid, m.a. deling av basisløyvinga i grunnløyving og strategiske instituttprogram. Verksemd knytta til forvalting og til utviklings- og serviceoppgåver skal finansierast som oppdrag over andre budsjettkapittel.
Departementet vil vidareføre og styrke samarbeidet mellom høgskolane og forskingsinstitutta. Det blir lagt opp til auka bruk av bistillingar som kan nyttast båe vegar for å styrke samarbeidet og den forskingsbaserte undervisninga. Ein må unngå å byggje opp dobbeltkompetanse. Departementet legg vekt på at det vert ryddige avtaleforhold når det gjeld kjøp og sal av tenester.
Departementet ser strategiske instituttprogram som eit viktig verkemiddel for å auke samarbeidet mellom institutta og i høve til høgskolane. Særskilde midlar vil bli avsette til slike program, og Forskingsrådet vil ha ansvar for å utvikle dei.
Forvaltings- og styringsansvaret for Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole vert overført til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet frå 1. januar 1997, jf. ovanfor. Det er i proposisjonen føresett at Landbruksdepartementet skal ha finansieringsansvaret for dei fem einingane Senter for husdyrforsøk, Senter for klimaregulert planteforsking og Laboratorium for analytisk kjemi ved NLH og Dal forsøksgard og delar av drifta av forsøksanlegga ved Institutt for småfeforsking ved NVH. Desse einingane er sentrale for den nærings- og forvaltingsretta FOU-verksemda som er nært knytta til Landbruksdepartementet sitt sektoransvar.
Framlegga i proposisjonen vil bli evaluerte etter fire år. Evalueringa vil omfatte omorganiseringa og finansieringa av dei fire forskingsinstitutta, ordninga med at Landbruksdepartementet framleis skal ha finansieringsansvaret for dei fem einingane ved dei vitskapelege høgskolane og andre disposisjonar i samband med overføringa av desse høgskolane, særskilt avtalene om utveksling av tenester.