2. Komiteen sine merknader
Komiteen viser til at Europarådet også i 1995 fekk fleire nye medlemer, og at medlemstalet no er oppe i 38. Europarådet er i stigande grad i ferd med å bli ein alleuropeisk organisasjon, særleg etter at også Russland blei medlem av Europarådet i 1996. Når det gjeld Russland sitt medlemskap viser komiteen elles til vedtaket i Europarådet si parlamentarikarforsamling om å setje ned ein ad hoc tilsynskomité for overvaking av situasjonen i Tsjetsjenia.
Komiteen viser vidare til at det er teke fleire initiativ for ei sterkare samordning av arbeidet i OSSE og Europarådet. Komiteen ser dette som verdifullt, og vil be Regjeringa framleis medverke til dette.
Komiteen viser også til at Europarådet i aukande grad er engasjert i prosjekt i og samarbeidsavtaler med land i Sentral- og Aust-Europa.
Komiteen viser til at parlamentarikerforsamlinga i Europarådet i april 1995 rådde ministerkomiteen til å vurdere å suspendere Tyrkia sin rett til deltaking i Europarådet, om ikkje det skjedde ein vesentleg framgang i tilbaketrekking av styrkane frå Nord-Irak og gjennomføring av pliktene landet har teke på seg som medlem av Europarådet. I juni blei det rapportert at dei tyrkiske styrkane var heilt trekte ut frå Irak, og at ministerkomiteen hadde innleia ein dialog med Tyrkia om gjennomføring av dei pliktene landet har som medlem. Komiteen vil be Regjeringa medverke til at Europarådet følgjer nøye med i gjennomføringa av reformprosessen i Tyrkia, som må ha som siktemål å konsolidere demokratiet og å styrke vern om menneskerettane i landet.