Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 1996 på nokre kapittel under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Barne- og familiedepartementet - samanslåing av sosialforskingsinstitusjonar.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 176 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 48 (1995-96)
  • Dato: 30.04.1996
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

    Til Stortinget.

       Departementet gjer framlegg om tekniske omleggingar av budsjettet for 2. halvår 1996 som følgje av samanslåinga av fire forskingsinstitusjonar i Oslo, Institutt for sosialforsking (INAS), Norsk gerontologisk institutt (NGI), Barnevernets utviklingssenter (BVU) og Program for ungdomsforsking (UNGFORSK), jf. B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 1 (1995-1996). Departementet tek sikte på å etablere det nye sosialpolitiske forskingsinstituttet frå 1. juli 1996. Innflytting er komen i gang. Nokre tilsette må bli plasserte i tilleggslokale utanfor Munthesgate/Fuglehauggata. Namnet blir Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

       Instituttet vil som føresett bli organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, forvaltingsmessig underlagt Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. NOVA vil etter dette sjølv opprette stillingar og tilsette personale. Instituttet vil få løyving over post 50 etter som det sjølv disponerer inntektene sine og ikkje kjem inn under bruttoprinsippet for budsjettering i statleg verksemd.

       Departementet gjer framlegg om å auke instituttgruppa for samfunnsforsking (ISAF) sitt utgifts- og inntektsbudsjett med 1 mill. kroner. ISAF vil ha ansvaret for dei administrative fellesoppgåvene for det nye instituttet og Institutt for samfunnsforsking i Munthes gate, og vil få tilført midlar til desse driftsoppgåvene innafor ramma av det samla budsjettet til det nye instituttet på basis av avtale.

       Departementet vil i budsjettproposisjonen for 1997 fremje eit samordna budsjettframlegg for det nye instituttet i samsvar med retningslinene for statleg finansiering av forskingsinstitutt og med grunnløyving over kap. 287. Løyvingar til strategiske instituttprogram eller til prosjekt kan òg kome frå andre departement.

     Komiteen syner til at samanslåinga av fire forskingsinstitusjonar i Oslo til eit nytt sosialpolitisk forskingsinstitutt vart handsama av Stortinget 14. desember 1995, jf. B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 1 (1995-1996). Instituttet blir etablert frå 1. juli 1996 og får namnet Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

       Komiteen syner til proposisjonen der departementet legg fram dei tekniske omleggingane av budsjettet som samanslåingane fører med seg for budsjettåret 1996. Komiteen er samd i departementet si tilråding til budsjettendringar.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 1 (1995-1996) hvor disse medlemmer gikk imot sammenslåing av de sosialpolitiske forskningsinstituttene. Disse medlemmer tar til etterretning at Høyres syn ikke fikk flertall, og støtter på denne bakgrunn proposisjonen.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 1 (1995-1996) der dette medlem gikk inn for å slå sammen de sosialpolitiske forskningsinstitutter, utenom Barnevernets utviklingssenter. Dette medlem gikk inn for en modell der BVU skulle få en sterkere tilknytning til Høgskolen i Oslo.

       Dette medlem tar til etterretning at forslaget ikke fikk flertall og støtter derfor proposisjonen.

     Komiteen syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1996 vert det gjort desse endringane:

Utgifter.
Kap. 287 Statlege forskingsinstitutt
  01  Lønn og godtgjersle,
        blir redusert med kr 2.194.000
        frå kr 14.518.000
        til kr 12.324.000
  11  Varer og tenester,
        blir auka med kr 795.000
        frå kr 7.828.000
        til kr 8.623.000
  21  Særskilde driftsutgifter,
        blir redusert med kr 4.750.000
        frå kr 21.400.000
        til kr 16.650.000
  50  (Ny)  Tilskott til nytt
        sosialforskingsinstitutt,
        blir løyvd med kr 2.379.000
Kap. 671 Norsk gerontologisk institutt
  01  Lønn og godtgjersle,
        blir redusert med kr 1.840.000
        frå kr 3.680.000
        til kr 1.840.000
  11  Varer og tenester,
        blir redusert med kr 808.000
        frå kr 1.615.000
        til kr 807.000
  50  (Ny)  Tilskott til nytt
         sosialforskingsinstitutt,
        blir løyvd med kr 2.327.000
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
  50  (Ny)  Tilskott til nytt
        sosialforskingsinstitutt,
        blir løyvd med kr 1.050.000
  71  Forsking, utvikling og
        opplysningsarbeid m.v.,
        blir redusert med kr 1.050.000
        frå kr 37.035.000
        til kr 35.985.000
Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
  50  (Ny)  Tilskott til nytt
        sosialforskingsinstitutt,
        blir løyvd med kr 1.000.000
  71  Forsking og utviklingsarbeid,
        blir redusert med kr 1.000.000
        frå kr 14.105.000
        til kr 13.105.000


Inntekter.
Kap. 3287 Statlege forskingsinstitutt
  01  Inntekter ved oppdrag,
        blir redusert med kr 4.750.000
        frå kr 21.400.000
        til kr 16.650.000
  02  Salsinntekter m.v.,
        blir redusert med kr 20.000
        frå kr 1.088.000
        til kr 1.068.000
  03  Diverse inntekter, blir auka med kr 1.000.000
        frå kr 34.000
        til kr 1.034.000
Kap. 3671 Norsk gerontologisk institutt
  01  Oppdragsinntekter,
        blir redusert med kr 27.000
        frå kr 53.000
        til kr 26.000
  02  Tilskott frå andre statlege
        institusjonar, blir
        redusert med kr 294.000
        frå kr 588.000
        til kr 294.000


Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 30. april 1996.

Jon Lilletun, Marit Lefdal, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.