Vedlegg: Svarbrev av 2. februar 1996 fra statsråd Sandal til komiteen.
Eg viser til brev av 5. desember 1995 der komiteen ber om kommentarar til forslaget frå representanten Sigurd Manneråk om at det blir lagt fram ei stortingsmelding om arbeids- og læringsmiljøet for elevar og lærarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen.
Representanten Manneråk peiker på eit problem i samfunnet vårt i dag. Mobbing og vald blant barn og unge har i aukande grad blitt fokusert. Det blir arbeidd svært godt ved mange skular for å betre det psykososiale miljøet både for barn og vaksne. At vi likevel finn døme på åtferd - av til dels svært alvorleg karakter - som vi ikkje ønskjer, er ei utfordring departementet arbeider med.
Lovverket
Sentrale styresmakter har i mange år vore opptekne av arbeids-, lærings- og oppvekstmiljøet. Lov om arbeidervern og arbeidsmiljø, som vart vedteken i 1977, omfattar også arbeidstakarar i skuleverket, med unntak av kap. X - om arbeidstid (lærarane har særskilde tariffavtalar om arbeidstid). Elevane sitt arbeidsmiljø er ikkje omfatta av denne lov, men er omtalt i lov om grunnskulen § 16 og i lov om vidaregående opplæring § 15. Opplæringslovutvalet har kome med forslag om at spørsmålet om å la arbeidsmiljølova gjelde for elevar eller å ta særreglar inn i opplæringslovgjevinga, blir greidd ut ( NOU 1995:18 , s. 176). Utvalet har dessutan gjort framlegg om at alle som er knytte til skulen, skal arbeide for å hindre at elevar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlinger.
I det vidare arbeidet med opplæringslovene vil departementet vurdere forslaga frå utvalet. Departementet tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon hausten 1996.
Regjeringa sin handlingsplan mot vald: Trygghet og nærhet i hverdagen
Det viser seg at dei problema samfunnet har reint allment, vil vi også finne i skulen. I somme tilfelle blir dei forsterka der. Den utviklinga som synest å vere i gang når det gjeld vald, trakassering, mobbing og anna uønskt åtferd, er ikkje akseptabel. Dette har ført til at ei rekkje tiltak er sette i gang.
I 1993 la Regjeringa fram ein handlingsplan mot vald: Trygghet og nærhet i hverdagen. Planen vart revidert i 1995. Planen inneheld tiltak på mange område i samfunnet, også i skuleverket. Saman med Justisdepartementet gjennomfører KUF no eit omfattande forsøksprogram med skulemekling etter modell av konfliktråda. KUF har også sendt ut rettleiingsmateriell om valdsproblematikk til alle grunnskular og skular med vidaregåande opplæring.
Det psyko-sosiale miljøet
Departementet har lenge arbeidd for å betre det psykologiske miljøet. I 1983 vart det starta ein kampanje mot mobbing i skulen. Det vart sendt rettleiingsmateriell til lærarar og foreldre. Kampanjen vart følgd opp i åra etter. I 1992 vart rettleiingsmateriellet revidert, og på nytt sendt til alle grunnskulane. Som ledd i handlingsplanen mot vald følgjer departementet no opp med nytt materiell for lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring. Departementet tek og sikte på å involvere elevane sterkare i det førebyggjande arbeidet slik at dei tek aktivt del i å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. Det skal også byggjast opp kompetanse hos ressurspersonar som skal verke i lokalmiljøa. Kurs med sikte på dette startar i år. Det blir gjort for å setje skulane betre i stand til å meistre dei problema som er der, og som skulane er nøydde til å ta fatt i.
Som ledd i omstruktureringa av spesialundervisninga er det sett i verk eit treårig lokalt utviklingsprogram. Arbeid med sosiale og emosjonelle problem er eitt av satsingsområda i dette programmet. Det blir laga eit rettleiingshefte om sosiale og emosjonelle problem, til bruk for personalet i PP-tenesta og andre fagpersonar. Problemområdet vil bli nærmare omtalt i den planlagde stortingsmeldinga om barn, unge og vaksne med særskilde behov. Meldinga vil bli lagd fram for Stortinget i 1996.
Foreldra
Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) har utvikla materiell til bruk i foreldremøte og klasserådsmøte. I samarbeid med departementet er det sendt informasjon om mobbing til alle klassekontaktar og klassestyrarar i grunnskulen. Dersom det haldningsskapande arbeidet i skulen skal ha verknad, er det ein føresetnad at også heimane tek del i det.
Det synet finn ein også i regjeringa si Handlingsplan mot vold i bildemediene. Eit av tiltaka her er heftet Vold på skjermen frå FUG. Dette er eit opplegg til bruk i foreldremøte, for å ta opp problema med vald i media. Handlingsplanen tek også mål av seg til å setje lærarar betre i stand til å handtere valdsproblema ved at det blir halde kurs for lærarar med mediebakgrunn. Det første landsdekkjande kurset vart halde i november 1995. Det skal dannast eit nettverk av ressurspersonar som kan verke regionalt og lokalt.
Foreldreaspektet er også med i aksjonsprogrammet Barn og helse, som er eit tverrdepartementalt formidlingsprosjekt med bakgrunn i St.meld. nr. 37 (1992-1993) Utfordringer i helsefremmende og forebyggende arbeid. Her er Foreldrerettleiingsprosjektet eitt av tiltaka der skule, barnehage og helsestasjon er lokale arenaer. Målet er eit best mogleg oppvektsmiljø for barn og unge.
Skuleanlegget - det fysiske miljøet
Det fysiske miljøet er ein viktig føresetnad for eit godt arbeids- og læringsmiljø. I samarbeid med KS har KUF utarbeidd rettleiingsmateriell om skuleanlegg for grunnskulen, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa, der inneklimaet er eitt tema. Formålet er mellom anna å gjere skuleeigarane medvitne om problem barn og vaksne kan møte som følgje av manglar ved det fysiske miljøet.
Noreg tek del i prosjektet Helsefremjande skular (HEFRES). Desse skulane er ein del av eit europeisk nettverk. Målet er å oppnå god helse og sunn livsstil for alle på skulen, med miljøutviklingstiltak som omfattar det sosiale og det fysiske miljøet. Dei røynslene dei deltakande skulane haustar, vil kunne danne grunnlag for tiltak også ved andre skular.
Lærarane sitt arbeismiljø
Den nye arbeidsavtalen for lærarane i grunnskulen og vidaregåande opplæring opnar for meir fleksibel organisering av arbeidstida. Samtidig er leseplikta redusert, og arbeidsåret er gjort noko mindre komprimert enn tidlegare.
Avtalen opnar for betre organisert samarbeid som ledd i å utvikle arbeidsmiljøet for både lærarar og elevar. Organiseringsformene skal drøftas mellom dei tillitsvalde for personalet og skuleleiinga.
Ved hovudtariffoppgjeret i 1994 vart den gjennomsnittlege leseplikta for lærarar over 60 år redusert med ein basisprosent på 7, som frivillig ordning. Ordninga skal sikre at dei eldre lærarane som ønskjer det, får noko mindre undervisning, sidan mange ser undervisninga som den mest krevjande delen av arbeidet. Den frigjorde tida blir nytta til andre arbeidsoppgåver i skulen. Denne ordninga lettar arbeidsvilkåra noko.
Skuleverket har låg turn over, og lærarane har høg gjennomsnittsalder.
Internkontroll av helse, miljø og tryggleik
Forskrift om internkontroll av helse, miljø og sikkerhet (IK av HMS) blei sett i verk 1. januar 1992. Denne forskrifta krev at arbeidsgjevarar skal følgje lover og forskrifter på desse områda, kartleggje ulike sider ved arbeidsmiljøet, setje opp mål for HMS-arbeidet og utarbeide handlingsplan med tiltak. Våren 1994 gjennomførte Arbeidstilsynet ei undersøking der det kom fram at ni av ti kommunar ikkje oppfylte krava i IK-forskrifta. Men det ser ut til å vere meir aktivitet på området no enn i 1994. Det er derfor no grunn til å tru at arbeidsmiljøet for skulepersonalet vil bli teke betre vare på enn tidlegare.
IK-forskrifta omfattar i utgangspunktet ikkje elevane. Likevel blir barn og ungdom i skular og barnehagar fleire stader inkluderte i internkontrollsystema. Det blir no utarbeidd ein tverrdepartemental handlingsplan for å førebyggje ulykker, der spørsmålet om internkontrollsystem for elevar blir vurdert.
Oppsummering
Stortinget har ved fleire høve drøfta oppvekst- og læringsmiljøet for elevane i samband med dokument knytte til utdanningsreformene. Eg viser i denne samanheng til St.meld. nr. 40 (1992-1993) med Innst.S.nr.234, Ot.prp. nr. 21 (1993-1994) med Innst.O.nr.36 og spesielt til St.meld. nr. 29 (1994-1995) med Innst.S.nr.15. I den sistnemnde meldinga er det eit eige avsnitt om oppvekst- og læringsmiljøet. Eit komitéfleirtal uttaler mellom anna at « ... retten til mobbefritt miljø må lovfestes og retningslinjer for skolens virksomhet utformes slik at kamp mot mobbing og krenkende oppførsel blir en kontinuerlig prosess i skolens daglige virksomhet. ... Kravet om mobbefritt miljø må også gjelde skolevei og transport til og fra skolen » (Innstillinga s. 8).
I B.innst.S.nr.12 (1995-1996) understrekar eit komitéfleirtal at det må leggjast vekt på samarbeidet mellom heim og skule: « ... økt engasjement blant foreldre er med på å skape et bedre læringsmiljø for elevene » (s. 8).
Komiteen understrekar også kor viktig det er at alle instansar som har medansvar for barns oppvekstmiljø, finn fram til organiserte og forpliktande arbeidsformer. Barne- og familiedepartementet skal leggje fram ei stortingsmelding om barnepolitikk i 1996. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Miljøverndepartementet deltar i arbeidet med meldinga. Spørsmål som vil bli drøfta, er mellom anna oppvekst- og levekår for barn, barna sine rettar, kva plass og rolle skulen skal ha i lokalsamfunnet, vald i biletmedia, helse og sosiale forhold.
Det går fram av det eg her har gjort greie for, at det blir arbeidd aktivt både i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og tverrdepartementalt med dei viktige spørsmåla som representanten Manneråk tek opp. Stortinget vil få fleire høve til å drøfte desse problemstillingane. På denne bakgrunn ser eg ikkje behov for ei eiga melding om miljøforholda i skulen no.