2. Komiteen sine merknader
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, viser til at det gjennom det siste tiåret er vedteke å gjennomføre store og djuptgripande reformer innanfor utdanningssektoren: 10-årig grunnskule, Reform 94, Norgesnettet for høgare utdanning, omstrukturering av forskingssektoren og etablering av eit nytt naturvitskapleg universitet.
Fleirtalet ser ei opplæringsreform for vaksne som omfattar både grunn-, etter- og vidareutdanning som ein svært viktig del av eit omfattande og nødvendig reformarbeid, og meiner at livslang læring vil vere ei god samnemning for denne reforma.
Fleirtalet viser til at omgrepet livslang læring har hatt ein sentral plass i norsk utdanningspolitikk sidan tidleg på 1960-talet. Livslang læring har i hovudsak vore knytt til vaksenopplæringa og er omtalt i fleire offentlege dokument.
Fleirtalet viser m.a. til uttale frå ein samrøystes kirke- og undervisningskomité i Innst.O.nr.46 (1975-1976) (vaksenopplæringslova):
« Komiteen gir sin tilslutning til at vilkårene blir lagt til rette for livslang læring og ser på utbyggingen av voksenopplæringen som et viktig ledd i arbeidet. Hittil har muligheten for systematisk læring vært konsentrert om barne- og ungdomsårene, og utdanning har vært ensidig oppfattet som noe som hører hjemme i den første del av et menneskes liv. I alle land med et høyt utviklet utdanningsmønster er en i dag opptatt av mulighetene for å bryte med dette mønster, og skape vilkår for en jevn fordeling av opplæringen gjennom hele livsløpet. Både etterutdanning og annen voksenopplæring får dermed en langt viktigere plass i utdanningsmønsteret som helhet. Hensynet til den enkeltes personlige vekst er et hovedmotiv for dette, men også de store skiftninger i samfunns- og arbeidslivet og et stadig økende forråd av viten er viktige begrunnelser for en slik omlegging. » |
Fleirtalet meiner at dette framleis er relevante perspektiv for ei livslang læring.
Fleirtalet viser til at det i 1981 vart utnemnt eit utval for å utgreie spøsmålet om ei vidareutbygging av rett til livslang læring for alle. I NOU 1986:23 er det vist til viktige hovudområde der vaksne har behov for kompetanse:
- | Grunnleggende livskompetanse, |
- | kompetanse for arbeidslivet, |
- | «rikere liv» - folkeopplysning, |
- | informasjonssamfunnet og kommunikasjonsferdigheter og |
- | kompetanse for demokratisk styring og medvirkning. |
Fleirtalet vil understreke at alle desse kompetanseområda er relevante i tilknyting til ei reform for livslang læring og dei vaksne sine moglegheiter til etter- og vidareutdanning.
Fleirtalet vil òg understreke dei utfordringane som ligg i utviklinga innanfor informasjonsteknologien.
Fleirtalet viser til rapporten frå Statssekretærutvalet for IT « Den norske IT-veien Bit for Bit », der det heiter:
« Store deler av den voksne befolkningen har fått mesteparten av sin IT-kompetanse gjennom produsentenes opplæringstilbud og erfaringer fra arbeidsplassen. Når forandring blir hovedregelen og ikke unntaket i arbeidslivet, må alle lære å mestre forandring. Fordi informasjonsteknologien i stor grad er årsak til forandringer, vil det være viktig å etablere tilbud slik at hele den voksne delen av befolkningen får muligheter til å tilegne seg kunnskaper om og ferdigheter i bruk av informasjonsteknologi. » |
Fleirtalet meiner at desse utfordringane må tilleggast stor vekt i det vidare arbeidet med ei reform for livslang læring.
Fleirtalet viser til Innst.S.nr.140 (1992-1993), jf. St.meld. nr. 4 (1992-1993) (Regjeringas Langtidsprogram).
Fleirtalet viser også til B.innst.S.nr.12 (1995-1996), der komiteen i ein samrøystes merknad uttalte:
« Komiteen sier seg fornøyd med at departementet har startet med å gjennomgå hvordan opplæringen for voksne fungerer i dag og vil fremme forslag til organisasjonsformer som kan være tjenlige i framtiden og sikre en kvalitativt god, helhetlig og koordinert satsing på voksenopplæring i et livslangt læringsperspektiv. |
Komiteen mener at den neste reformen i skolesektoren må være knyttet til grunnutdanning og etter- og videreutdanning av voksne. |
Komiteen vil komme tilbake til dette spørsmålet bl.a. under behandlingen av Dok.nr.8:71 (1994-1995) om lovfestet rett til etter- og videreutdanning i inntil 10 % av arbeidstiden. » |
Fleirtalet meiner å kunne slå fast at det er brei semje i aktuelle samfunnsmiljø om behovet for ei nasjonal organisering og strukturering av utdanning og kompetanseutvikling i arbeids- og samfunnsliv.
Fleirtalet ser dette som eit godt og nødvendig grunnlag for å nå målet om ein nasjonal handlingsplan for ei kontinuerleg og livslang læring.
Fleirtalet meiner at menneska sin kunnskap og kompetanse er det viktigaste grunnlaget for verdiskaping og for å vidareutvikle velferdssamfunnet. Kunnskap og kompetanse er etter fleirtalet si meining ein sentral føresetnad for å kunne utnytte samfunnet sine samla ressursar betre og verne naturgrunnlaget.
Fleirtalet meiner vidare at ein utdanningspolitikk som er bygd på livslang læring, også vil kunne bidra til betre fordeling. Kunnskap og kompetanseutvikling gjennom livslang læring må vere eit høgt prioritert område i det norske samfunn.
Fleirtalet meiner at dagens samfunn med raske endringar i arbeid og næringsliv og auka internasjonal konkurranse krev at det vert satsa systematisk på ei kompetanseoppbygging for alle aldersgrupper, på mange område og på ulike nivå.
Fleirtalet meiner at dette er spesielt viktig for dei som har lite utdanning, men også arbeidstakarar med mykje utdanning må rekne med å måtte skaffe seg ny kunnskap og kompetanse.
Fleirtalet meiner at utdanningssystemet og rammevilkåra i arbeidslivet fram til no i for liten grad har vore lagt til rette for systematisk livslang læring.
Fleirtalet meiner at auka behov for omstilling i næringsliv og offentleg sektor gjer det nødvendig at livslang læring får ein sentral plass i den samla utdanningsverksemda.
Fleirtalet meiner at livslang læring må bety at flest mogleg, uavhengig av alder, kjønn og bustad, skal kunne skaffe seg kunnskapar gjennom heile livet.
Fleirtalet meiner at dette føreset ei veksling mellom arbeid og utdanning, og at dette vil vere ein grunnleggjande viktig faktor for å realisere målet om at alle som ynskjer det, skal kunne ha eit arbeid gjennom heile livet.
Fleirtalet er kjent med dei viktige initiativa (Hovedavtalen kap. 16 LO/NHO) som partane i arbeidslivet sjølv har teke for å styrke kompetansearbeidet på den einskilde arbeidsplassen og for den einskilde arbeidstakaren. Det er av avgjerande betydning at det vidare arbeidet med å førebu ein reform for vaksne finn stad i nært samarbeid med partane i arbeidslivet.
Fleirtalet vil understreke at etter- og vidareutdanning også kan defineres som organisert opplæring på den einskilde arbeidsplassen. Kompetanseutvikling i norsk arbeidsliv må byggje på dei lærings- og samarbeidstradisjonane som knyter opplæring og arbeid saman.
Fleirtalet meiner derfor at det bør leggjast vekt på å vidareutvikle tiltak som gir moglegheiter for opplæring på - eller i tilknyting til - arbeidsplassen. Ordningar som gir formell uttelling for oppnådd realkompetanse er eit viktig element i dette.
Fleirtalet vil be om at Hovedavtalen kap. 16 (NHO/LO) blir vurdert som del av ein av fleire moglege modellar. Ein nasjonal politikk må gi stimulans til det vidare arbeidet med systematisk kompetansekartlegging som grunnlag for å målrette satsinga på kompetanseutvikling på den einskilde arbeidsplassen.
Fleirtalet vil be om at det vert innhenta informasjon om dei erfaringane partane i arbeidslivet vinn med ei slik avtalefesta plikt til systematisk kompetansearbeid på den einskilde arbeidsplassen.
Fleirtalet vil peike på at ei melding må drøfta fleire relevante modellar, og vil i den samanheng m.a. peike på den danske ordninga med utdanningspermisjon.
Fleirtalet vil peike på at etter- og vidareutdanning for vaksne også føreset motivasjon og eigenaktivitet frå den einskilde arbeidstakaren.
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner at eit av dei viktigaste spørsmåla som må avklarast, er om det skal vere individuelle rettar knytte til reforma for livslang læring.
Dette fleirtalet har merka seg at dagens etter- og vidareutdanningstilbod har ei ulik fordeling, spesielt med omsyn til utdanningsnivå og oppgåver i arbeidslivet.
Dette fleirtalet meiner at målet med ei reform for livslang læring bør vere at utdanningstilbodet vert betre fordelt, slik at alle som ynskjer det og har behov for etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring får høve til det.
Dette fleirtalet meiner at det må gjennomførast ei grundig vurdering om korleis dette kan organiserast og i den samanheng bør det òg vurderast ein lovfesta rett til etter- og vidareutdanning for alle.
Dette fleirtalet meiner at ei avklaring av spørsmålet om lovfesting av rett til utdanning for livslang læring må kome som eit resultat av ein prosess der utdanningssystemet, finansieringsspørsmålet, partane i arbeidslivet si rolle og tilpassing av dagens lovverk må stå sentralt.
Dette fleirtalet vil i denne samanheng peike på at målet for ein slik prosess må vere at ein skapar eit grunnlag for å vurdere korleis, og med kva omfang, ein lovfesta rett kan gjennomførast.
Dette fleirtalet vil peike på at ein lovfesta rett vil kunne få stor betydning for å gjere eit etter- og vidareutdannings- og vaksenopplæringstilbod betre tilgjengeleg for alle vaksne.
Dette fleirtalet vil peike på at eit sentralt moment i denne samanhengen er at dei same kriteria som gjeld for utdanninga elles knytt til prinsippet om « lik rett til utdanning », må gjelde uavhengig av sosiale, økonomiske og geografiske forhold, kjønn, etnisk tilknyting, funksjonshemming.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, viser til at den offentlege debatten i hovudsak har vore prega av livslang læring som ei arbeidstakarreform. Fleirtalet vil peike på at det er grupper som er heilt eller delvis utanfor den ordinære arbeidsmarknaden, m.a. arbeidsledige og uføretrygda, som også bør ha ein plass i eit livslangt læringsperspektiv.
Fleirtalet ser finansieringa som eit av hovudspørsmåla i denne reforma.
Fleirtalet har i dag ikkje grunnlag for å ta stilling til korleis finansieringsspørmålet skal avklarast, men vil peike på at dette er av dei mest sentrale områda i reforma, og eit av dei spørsmåla som treng ei grundig vurdering og utgreiing.
Fleirtalet meiner at eit berande element for ei reform om livslang læring er at det er tufta på eit samspel mellom partane i arbeidslivet, skuleverket, arbeidsmarknadsetaten, offentlege styresmakter, vaksenopplæringsorganisasjonar, fjernundervisningsorganisasjonar og ikkje minst det einskilde menneske som ynskjer å ta del i ei livslang læring.
Fleirtalet har i dag ikkje grunnlag for å ta stilling til korleis desse aktørane og dei organisasjonane og institusjonane som i dag gir eit utdanningstilbod innanfor etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring skal tilpassast ein modell for ei systematisk livslang læring.
Fleirtalet føreset at dette spørsmålet vert ein sentral del av det vurderings- og utgreiingsarbeidet som denne reforma vil krevje og at den kunnskapen og kompetansen som desse organisasjonane og institusjonane har på dette området, også vert nytta i utgreiingsarbeidet.
Fleirtalet føreset også at dei aktørare som vil få ei sentral rolle gjennom ansvar, finansiering og anna oppgåvetildeling i gjennomføringa av reforma vil ta del i det samspelet som vil vere nødvendig i samband med utgreiingsarbeidet.
Fleirtalet har i dag ikkje grunnlag for å peike ut deltakarar eller å avgrense ei slik deltaking, men føreset at dette vert vurdert som ein del av organisering av utgreiingsarbeidet.
Fleirtalet meiner at livslang læring må vere noko meir enn å kunne få høve til å skaffe seg meir formalkompetanse.
Fleirtalet meiner at ei reform som skal gjere det mogleg å skape grunnlag for ei kontinuerleg livslang læring må kunne utviklast til å vere ein naturleg livsform som er med på å sikre einskildmennesket ein god livskvalitet.
Fleirtalet meiner at det einskilde menneske gjennom livslang læring også vil leggje grunnlag for å ta del i eit kollektivt ansvar for å høgne den viktigaste delen av nasjonalkapitalen: - den kunnskap og kompetanse som ligg i det einskilde menneske er samla sett den viktigaste ressursen ein nasjon har.
Fleirtalet ser utvikling av kunnskapar og kompetanse gjennom ei veksling mellom utdanning, arbeids- og samfunnsliv som ei kontinuerleg foredling av nasjonalkapitalen.
Fleirtalet meiner at eit samordna og godt organisert utdanningstilbod for etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring som gir ei kontinuerleg livslang læring, vil krevje ei omfattande og grundig vurdering og utgreiing der alle spørsmål og aktuelle problemstillingar vert vurderte.
Fleirtalet føreset at det som del av utgreiingsarbeidet vert gjennomført ei målretta evaluering der ein kartlegg omfang og kostnader ved tilbodet i privat og offentleg sektor i dag, og fordelinga mellom yrkesgrupper, kjønn og utdanningsinvå.
Fleirtalet meiner at dette arbeidet best kan ivaretakast gjennom ei stortingsmelding.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet mener det er viktig å få et bredere grunnlag for å vurdere en lovfestet rettighet til å ta etter- og videreutdanning. For å oppnå dette bør en komme raskt i gang med forsøksprosjekt. Forsøksprosjektet kan ta utgangspunkt i Hovedavtalen mellom LO og NHO §§ 10-11 og § 16, og i den modellen LO har lansert i sin « Handlingsplan for etter- og videreutdanning ». Forsøksprosjektet kan være med på å få kartlagt, systematisert og evaluert bruk av etter- og videreutdanning på enkelte arbeidsplasser både i privat og offentlig sektor. Forsøksprosjektet bør finansieres innen rammen av arbeidsmarkedstiltakene.
På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen sette i gang forsøksprosjekt med etter- og videreutdanning. Forsøksprosjektet bør finansieres innen rammen av arbeidsmarkedstiltakene. Stortinget må bli orientert om fremdriften av forsøksprosjektet i forbindelse med Nasjonalbudsjett 1997. »
Komiteens medlemmer fra Høyre vil understreke at formålet med en etter- og videreutdanningsreform for voksne først og fremst må være å fremme kompetanseutvikling i bedriften eller i virksomheten. Det er behovet for økt kompetanse på den enkelte arbeidsplass og hos den enkelte arbeidstaker, og ikke ønsket om en ny permisjons- og velferdsreform, som må ligge til grunn for reformarbeidet.
Disse medlemmer vil understreke at det viktigste grunnlaget for livslang læring legges i løpet av de første skoleårene. Dette innebærer at en solid grunnutdannelse som basis for videre opplæring vil være den beste ballasten barn og unge kan ha med seg ut i livet. En reform for voksne må derfor ikke komme på bekostning av samfunnets prioritering av grunnutdannelsen.
Disse medlemmer vil ikke motsette seg at spørsmålet om en lovfesting av retten til etter- og videreutdanning utredes. Disse medlemmer mener at dette spørsmålet, i likhet med andre virkemidler, bør utredes i forbindelse med en stortingsmelding. Disse medlemmer viser imidlertid til at erfaringer fra Danmark tilsier at en lovfesting av en slik rettighet ikke er et særlig egnet virkemiddel. I Danmark må arbeidsgiver godkjenne arbeidstakernes etter- eller videreutdanningsplaner, men med en slik godkjenning har arbeidstakeren på visse vilkår rett til permisjon med lønnskompensasjon. Det synes ikke som noen aktuell problemstilling å fravike arbeidsgivers godkjenningsrettighet.
Disse medlemmer mener at forslaget om en lovfesting av retten til etter- og videreutdanning bygger på den misforståelse at arbeidstaker og arbeidsgiver har ulike interesser når det gjelder behovet for, og ønsket om kompetanseheving. En virksomhet i utvikling er avhengig av en kontinuerlig kompetanseheving og at den enkelte arbeidstaker får utviklingsmuligheter. Utgangspunktet for en reform må derfor være at kompetanseheving er et felles ønske. Virkemidlene må oppmuntre til og tilpasses dette utgangspunktet. Disse medlemmer viser til Hovedavtalen mellom LO og NHO kap. 16 som illustrasjon på at partene har felles interesser og har funnet virkemidler som fremmer kompetanse på arbeidsplassen og hos den enkelte arbeidstaker.
Det er åpenbart at behovene varierer mellom ulike bedrifter, ulike bransjer og mellom offentlig og privat sektor. Det er derfor viktig at en reform legger opp til fleksible løsninger, og ikke påtvinger standardløsninger.
Disse medlemmer vil advare mot den oppfatning at en lovfestet rett til etter- og videreutdanning i seg selv innebærer at etterutdanningsgodet blir likere fordelt. Erfaringene fra Danmark tilsier ikke at en rettighetstenkning bidrar til en likere fordeling, bl.a. viser det seg at permisjonsmuligheten oftere benyttes i offentlig enn i privat sektor.
Disse medlemmer mener at det i arbeidet med en etter- og videreutdanningsreform for voksne må legges vekt på en vurdering av følgende forhold:
- | Hvilke virkemidler er best egnet til å fremme kompetanseheving i bedriften. |
- | Hensynet til små og mellomstore bedrifter. |
- | Kostnadene knyttet til en reform, og hvem som skal betale. |
- | Akademikere kontra andre arbeidstakere. |
- | På hvilken måte arbeidstakerens realkompetanse, oppnådd i virksomheten, kan gis en formell dokumentasjon. |
- | Mulighetene for dem som står utenfor arbeidsmarkedet. |
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til vurderinger og forslag i Dok.nr.8:71 (1994-1995), og fastholder at 10 % lovfestet rett til etter- og videreutdanning er dette medlems målsetting. Denne målsettingen er i tråd med LOs anbefalinger i « Handlingsplan for etter- og videreutdanning ». Dette medlem vil imidlertid ikke fremme forslag om dette nå, da det vil være nødvendig å utrede alle sider ved et slikt forslag. Dette medlem er derfor tilfreds med de føringer som er lagt fra flertallets side om hvilke premisser som må stå sentralt i en stortingsmelding om etter- og videreutdanning.
Komiteens medlem representanten Christiansen viser til at de aller færreste kan forvente å ha samme arbeid gjennom hele livet, og at man derfor har større behov enn tidligere for fleksibilitet i arbeidsstokken. Dette medlem er enig i at dette medfører et større behov for etter- og videreutdanning enn tidligere. Dette medlem mener imidlertid det må skilles mellom de behov som oppstår fordi folk må bytte yrke eller står uten arbeid, og de behov som enhver bedrift og dens ansatte vil ha for at arbeidstakerne kan utføre sitt arbeid på best mulig måte.
Når det gjelder den førstnevnte gruppen, mener dette medlem det offentlige har en viktig rolle i forhold til å sørge for et utdanningssystem som gir et tilbud til denne gruppen. Dette kan gjøres både gjennom offentlig finansiering av private tilbud eller gjennom at offentlige utdanningsinstitusjoner gir denne typen tilbud. Dette medlem er enig i at behovet, omfanget og kostnadene for et slikt tilbud bør utredes. Dette medlem vil imidlertid understreke at dersom det er snakk om utdanning som regnes som universitets- eller høyskoleutdanning, må de tilbud som gis og kostnadsfordelingen mellom det offentlige og den person som benytter seg av tilbudet, ikke være gunstigere enn den finansieringen som benyttes overfor studenter - slik at man ikke kommer mer gunstig ut dersom man velger å studere i mer voksen alder.
Når det gjelder behovet for etter- og videreutdanning for ansatte i privat eller offentlig virksomhet, mener dette medlem situasjonen er en annen. Dette medlem vil for det første peke på at det allerede i dag skjer en omfattende, kontinuerlig opplæring i arbeidslivet. Oppdatering og ny læring skjer i de fleste yrker i stor grad mens de ansatte er i arbeid. Det er ikke nødvendigvis slik at man må være fraværende fra arbeidsplassen og benytte seg av eksterne kurs. Dette medlem vil videre peke på at det er i arbeidsgivers interesse at de ansatte kan utnytte de hjelpemidler som arbeidsplassen stiller til disposisjon så optimalt som mulig. Dette medlem vil imidlertid understreke at det for enkelte grupper arbeidstakere - eksempelvis lærere - vil være nødvendig med etter- og videreutdanning utenom arbeidsplassen. Dette gjelder for øvrig i stor grad yrkesgrupper som i dag er offentlig tilsatt. Dette medlem mener det bør vurderes ordninger spesielt rettet mot de yrkesgruppene som har et slikt særskilt behov, fremfor å lage universelle ordninger.
Dette medlem ser det ikke som noe problem, men derimot som noe helt naturlig, at etter- og videreutdanningstilbudet har en ulik fordeling. I noen yrker går utviklingen meget raskt, mens andre endrer seg lite over tid. Av denne grunn vil også noen arbeidstakere ha et langt større behov for ny kunnskap for å kunne ivareta den jobben de har.
Dette medlem vil advare mot vedtak som går i den retning at det offentlige skal gå inn og vedta ansvaret for etter- og videreutdanning. Den innsatsen som i dag skjer innen privat sektor vil da fort kunne bli redusert, slik at kostnadene totalt sett vil øke uten at resultatet blir bedre. Det offentliges direkte innsats bør konsentreres om det ansvaret offentlig sektor har for egne ansatte.
Dette medlem mener det kan være fornuftig å vurdere om det bør innføres særskilte ordninger som gjør det mer attraktivt for arbeidsgivere å satse på etterutdanningstilbud til de ansatte. Slike ordninger vil først og fremst motivere til den typen etter- og videreutdanning som er relevant i forhold til bedriften, noe dette medlem mener er vesentlig dersom bedriften skal forventes å bidra. Dersom en ansatt ønsker å videreutdanne seg til økt formalkompetanse innenfor et område som er helt irrelevant for arbeidsgiver, vil det etter dette medlems syn være naturlig om vedkommende slutter i sin jobb og går over til å være student dersom utdanningen ikke lar seg forene med arbeidssituasjonen. Dersom man ønsker andre former for læring, som ikke øker formalkompetansen, mener dette medlem at dette dreier seg om fritidsinteresser, og bør finansieres og ivaretas av den enkelte selv.
Dette medlem vil på det sterkeste ta avstand fra at evt. vedtak om etter- og videreutdanning skal finansieres over i de sentrale lønnsoppgjørene. Dette medlem ser på et slikt forslag som et uttrykk for et ønske om en ytterligere styring av lønnsutviklingen, og som et skritt videre mot et gjennomkorporativistisk samfunn. I den grad etter- og videreutdanning skal være et element i lønnsforhandlinger, må det være i helt lokale avtaler ved den enkelte bedrift. Dette medlem mener videre det er viktig at den som velger å videre- eller etterutdanne seg selv, bærer en del av omkostningene for dette - ikke minst fordi egenandel i slike sammenhenger vil ha både en disiplinerende og en motiverende effekt.
Dette medlem ser en stortingsmelding om etter- og videreutdanning som nyttig, men er uenig i de premisser flertallet legger til grunn. Dette medlem mener livslang læring er et altfor vidt begrep, og at det som ikke dreier seg om økt formalkompetanse bør regnes som fritidsaktiviteter eller lignende og holdes utenfor. Videre er det slik dette medlem ser det ingen grunn til at økt kunnskap og kompetanse nødvendigvis vil føre til det flertallet betegner som en bedre fordeling. Dette medlem vil tvert imot uttrykke håp om at økt kunnskap og utdanning vil føre til at flere stiller spørsmål ved sosialdemokratiet og ta avstand fra likhetsideologien som preger det norske samfunn. Dette medlem er opptatt av at alle skal gis mulighet til å øke sin kunnskap dersom de selv ønsker det, men at hver enkelt også selv har et ansvar for de valg vedkommende foretar.
Dette medlem mener det er viktig at de økonomiske konsekvensene av de forslag som fremmes i en fremtidig stortingsmelding utredes og fremkommer som en del av beslutningsgrunnlaget fra departementets side. Samtidig vil det være nyttig med en oversikt over hva som brukes på dette feltet i dag.
Dette medlem ønsker ikke en lovfesting av retten til etter- og videreutdanning slik forslagsstiller tar til ordet for i dokumentet. Dersom en lovfesting allikevel skal utredes, vil dette medlem støtte de betraktninger rundt dette som fremkommer i Høyres merknader ovenfor.
Ettersom dette medlem er uenig i store deler av de premisser flertallet legger for den meldingen de ber om, og fordi dette medlem ønsker å drøfte et smalere tema enn begrepet livslang læring, vil dette medlem fremme følgende alternative forslag:
« Stortinget ber Regjeringen om å legge frem en stortingsmelding om etter- og videreutdanning og voksenopplæring i løpet av våren 1997. »