1. Samandrag
Stortingsrepresentant Øystein Hedstrøm har gjort slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringen foreslå de nødvendige lovendringer slik at private meierier kan etableres utenom Riksoppgjørsssystemet og ordningen med bestemte melkekvoter slik at det oppnås reell konkurranse mellom Norske Meierier og private meierier. »
I grunngjevinga for framlegget vert det hevda at dei økonomiske konsekvensane av Riksoppgjerssystemet synest ha blitt svært omfattande. Meierisamvirket har i praksis monopol på kjøp og sal av mjølk og jamnar ut mjølkeprisen mellom medlemene i Riksoppgjeret.
Meieriindustrien har ein omsetnad på om lag 11 mrd. kroner og er den største samvirkeorganisasjonen i landet. Meierinæringa er delt i ein produsentorganisasjon, Norske Melkeprodusenters Landsforening (NML) og ein salsorganisasjon, Norske Meierier (NM).
Det vert hevda at meierisamvirket, som er utan konkurrentar, ikkje i særleg grad vert motivert til rasjonell og kostnadseffektiv drift, og heller ikkje til produktutvikling og produktsamansetjing etter forbrukarane sine ønske. Oppretting av private meieri eller auka importkonkurranse vil betre dette.
Gjennom Riksoppgjeret vert mjølkeprisen utjamna. Føremålet er å gjere det mogleg for mjølkeprodusentane å få same inntekt uavhengig av kor i landet dei bur, og at forbrukarane over heile landet skal kunna kjøpa mjølk og mjølkeprodukt til same pris. Klarer eit distriktsmeieri å halde kostnadene lågare enn fastsatt margin, kan det betale noko høgare pris til produsentane enn riksgrunnprisen.
Det vert hevda at Riksoppgjeret har openberre negative konsekvensar for ressursutnyttinga. At det er mogleg å ileggje private meieri utjamningsavgift, bidreg til å hindre nyetableringar innan sektoren. Meieriselskapslova hindrar mjølkeprodusentar å ta mjølkekvotane sine over til eit privat meieri.
Det vert vidare hevda at Landbruksdepartementet vurderer ei lovendring slik at det vert forbode å produsere mjølk utan kvote.
Ei gruppe arbeider med bakgrunn i semje i jordbruksoppgjeret våren 1995 med å finne fram til forenklingar i Riksoppgjeret. Målet er å finne fram til forenklingar slik at det vert mogleg å drive meieridrift på likeverdige vilkår utanom det etablerte meierisamvirket. Toprissystemet skal oppretthaldast, og hovudprinsippa i Riksoppgjeret skal ikkje endrast.
Det vert konkludert med at ei framtidig ordning med utjamningsavgift gjennom Riksoppgjeret vil fungere som etableringshinder. Prisen eit privat meieri må betale for mjølka vert i realiteten fastsett av konkurrenten og dette vil skape stor uvisse.
Om private meieri kan verte etablerte utanom Riksoppgjeret vil dei kunne betale produsentane sine heile innteninga på dei produkta som vert selde. Først med privat meieridrift med produksjon som er stor nok til å få innpass i dei større butikkjedene, vil verknadene for mjølkeprodusentane, Norske Meierier og forbrukarane verte merkbare. Konkurransen vil føre til lågare prisar både for kjedene og forbrukarane.