Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1995 under Nærings- og energidepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 67 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 17 (1995-96)
  • Dato: 05.12.1995
  • Utgiver: finanskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       Forslag til endringar av løyvingar under kap. 2440/5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda i St.prp. nr. 17 (1995-1996), inneber ein netto reduksjon av staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemda med 1.657 mill. kroner.

       I samsvar med dette blir det foreslått å redusere kap. 2800 post 50 Overføring til fondet, og kap. 5800 post 50 Overføring frå fondet, med 1.657 mill. kroner, frå kr 35.429.898.000 til kr 33.772.898.000.

       Komiteen viser til energi- og miljøkomiteens innstilling til St.prp. nr. 17 (1995-1996) hvor energi- og miljøkomiteen slutter seg til ovenfor nevnte forslag under kap. 2440/5440.

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 2800/5800.

Post 90 Sal av aksjar

       Nærings- og energidepartementet har i september 1995 selt 700.000 aksjar i Norsk Vekst A/S til kurs kr 105 pr. aksje, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1995-1996). Etter frådrag for kurtasje på 0,5 % utgjorde salssummen kr 73.132.500. Staten eig etter salet 2.240.000 aksjar i Norsk Vekst A/S, tilsvarande 33,6 % av det totale talet aksjar. Pålydande for staten sin aksjepost i selskapet er etter dette redusert til 201,6 mill. kroner. Heile salssummen på kr 73.132.500 kjem til inntekt i statsrekneskapen for 1995 under kap. 5309, post 90. På dette grunnlag gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5309, post 90 med kr 73.132.000, frå kr 270.000.000 til kr 343.132.000 i 1995.

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

Post 81 Statkraft SF

       I St.prp. nr. 1 (1994-1995) er det ført opp 490 mill. kroner i venta renteinnbetaling frå Statkraft SF i 1995. Løyvinga gjeld renter på serielånet og fastlånet frå staten. På grunnlag av siste resultatprognose for driftsåret 1995 reknar Statkraft SF nå med at det også blir aktuelt å betale inn om lag 40 mill. kroner i renter på det ansvarlege lånet i 1995, saman med ett avdrag på om lag 2.000 mill. kroner, sjå under kap. 3961 ovanfor. På dette grunnlag gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5608, post 81 med 40 mill. kroner, frå 490 til 530 mill. kroner.

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

       Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I.

       I statsbudsjettet for 1995 blir det gjort følgjande endringar:

Kap. 2800 Staten sitt petroleumsfond
  (jf. kap. 5800)
  50  Overføring til fondet,
        blir redusert med kr 1.657.000.000
        frå kr 35.429.898.000
        til kr 33.772.898.000
Kap. 5309 Tilfeldige inntekter
  90  Sal av aksjar,
        blir auka med kr 73.132.000
        frå kr 270.000.000
        til kr 343.132.000
Kap. 5608 Renter av lån til statsforetak
  under Nærings- og
  energidepartementet
  81  Statkraft SF,
        blir auka med kr 40.000.000
        frå kr 490.000.000
        til kr 530.000.000
Kap. 5800 Staten sitt petroleumsfond
  (jf. kap. 2800)
  50  Overføring frå fondet,
        blir redusert med kr 1.657.000.000
        frå kr 35.429.898.000
        til kr 33.772.898.000


Oslo, i finanskomiteen, den 5. desember 1995.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Per-Kristian Foss,

leder og ordfører. sekretær.