Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 35/95 av 19. mai 1995 om endring av protokoll 31 til EØS-avtalen om EFTA-landa si deltaking i HELIOS II.

Innhold

       Til Stortinget.

       Regjeringa ber i proposisjonen Stortinget gjere vedtak om samtykke til å godkjenna EØS-komiteen sitt vedtak nr. 35/95 av 19. mai 1995 om endring av protokoll 31 til EØS-avtalen.

       Vedtak nr. 35/95 i EØS-komiteen gjeld innlemming i EØS-avtalen av HELIOS II, som er EF sitt tredje handlingsprogram for funksjonshemma. HELIOS II gjeld for perioden 1. januar 1993 til 31. desember 1996 og vart i si tid etablert som ei oppfølging av tidlegare EF-program som spesielt var retta mot funksjonshemma barn og deira rett til å delta i samfunnet på lik line med andre barn.

       Noreg har som eitt av EFTA-landa i EØS leia arbeidet med å innlemme Noreg, Island og Liechtenstein i HELIOS II-programmet gjennom EØS-avtalen. Dette arbeidet gjekk føre seg i 1993, og Noreg har observatørstatus frå 1994 og ut 1995.

       HELIOS II har som hovudmål å arbeide for like utsikter og full deltaking i samfunnslivet for funksjonshemma. Utvekslings- og informasjonsaktivitetane i tilknyting til livs- og levevilkåra for funksjonshemma utgjer den vesentlege berebjelken i programmet. Formålet med denne aktiviteten er å peike ut, definere og setje i gang nyskapande og god praksis i EU-landa. Det er etablert arbeidsgrupper på områda utdanning, arbeid og sjølvstendig liv, som skal lette tilgangen til turisme, transport, mobilitet og sport.

       Eit delprogram under HELIOS II, Handynet, er etablert for å utarbeide ein felles europeisk database over tekniske hjelpemiddel for funksjonshemma. Det vil bli vurdert om Handynet seinare skal utvidast til og å innehalde informasjon om andre emne. Noreg har delteke i dette arbeidet.

       Eit viktig trekk ved HELIOS II er brukardeltaking for funksjonshemma sjølve. Representantar frå brukarorganisasjonane utgjer det rådgjevande organet Forum for funksjonshemma.

       Totalkostnadene for gjennomføringa av HELIOS II for perioden 1993 til 1996 er rekna ut til å bli 37 mill. ECU, dvs. om lag 296 mill. kroner.

       HELIOS II-programmet har dei same måla som den norske Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma, nemleg full deltaking og likestilling i samfunnet.

       Det vert i proposisjonen gjort greie for fem nye underpunkt (pkt. 4 - 8) i artikkel 5 i protokoll 31 til EØS-avtalen om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Endringane vart gjort for å innlemme EFTA-statane i samarbeidet om HELIOS II.

       Artikkel 5 i vedtaket fastset at det ikkje skal vere i kraft før det er motteke meldingar frå partane om at dei forfatningsmessige krava er oppfylde. For Noreg kan dette fyrst gjerast etter at Stortinget har gjeve samtykke etter reglane i § 26 andre leddet i Grunnlova.

       Om administrative og økonomiske konsekvensar seier proposisjonen at Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for samordninga av norsk deltaking i HELIOS II- programmet. Ein tek sikte på å etablere ein nasjonal HELIOS-komité med representantar frå dei deltakande departementa/direktorata, brukarorganisasjonane, organisasjonane til funksjonshemma og Rådet for funksjonshemma.

       Det er løyvd 1,4 mill. kroner til HELIOS II i 1995. Noreg har hatt observatørstatus i 1995 og har dekt eigne utgifter. Etter EØS-avtalen skal EFTA-landa betale 1,57 % av utgiftene. Noreg står for 93,56 % av bidraget frå EFTA-landa. Noreg sin del for 1996 er førebels rekna til 2,6 mill. kroner. Løyvingsforslag for 1996 vert handsama i samband med statsbudsjettet for 1996. I tillegg kan det komme utgifter som ikkje vert dekte gjennom det norske bidraget til deltaking, og som må dekkjast over budsjetta til dei ulike departementa.

       Komiteen har ingen merknader.

       Eit utkast til innstillinga har vore lagt fram for utanrikskomiteen. Utanrikskomiteen seier i brev av 29. november 1995 til sosialkomiteen at den slutter seg til innstillinga.

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

       Stortinget samtykkjer til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 35/95 av 19. mai 1995 om endring av protokoll 31 til EØS-avtalen om EFTA-landa si deltaking i HELIOS II.

Oslo, i sosialkomiteen, den 30. november 1995.

Sylvia Kristin Brustad, Vidar Bjørnstad, Valgerd Svarstad Haugland,
leiar. ordførar. sekretær.