Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endra løyvingar på statsbudsjettet for 1995 under Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 49 (1995-1996)
- Kildedok: St.prp. nr. 15 (1995-96),St.prp. nr. 23 (1995-96)
- Dato: 28.11.1995
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Fiskeridepartementet - oppdragsverksemda ved Havforskingsinstituttet
- 2. Landbruksdepartementet
- 3. Komiteens tilråding
Kap. 1020 og 4020 Havforskingsinstituttet og kap. 1021 og 4021 Drift av forskingsfartya
Oppdragsverksemda knytta til Havforskingsinstituttet og drifta av forskingsfartya vart i 1995 meir omfattande enn forventa. For ein del skuldast dette at Havforskingsinstituttet har vorte pålagt å gjennomføre ei teljetokt på kval, kostnadsrekna til 18 mill. kroner. Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 1020 Havforskingsinstituttet på 8 mill. kroner over post 11 og 15 mill. kroner over post 21 mot ein tilsvarande auke av oppdragsinnstektene. Departementet gjer vidare framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 1021 Drift av forskingsfartya på 4,5 mill. kroner over post 11 og 1 mill. kroner over post 21 mot ein tilsvarande auke av oppdragsinntektene.
Komiteen har ingen merknad til forslag om auka løyving på 23 mill. kroner under kap. 1020 mot tilsvarande inntektsauke under kap. 4020 som fylgje av auka oppdragsverksemd.
Komiteen har ingen merknad til forslag om auka løyving på 5,5 mill. kroner under kap. 1021 mot tilsvarande inntektsauke under kap. 4021 som fylgje av auka oppdragsverksemd.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).
Kap. 1124 Noregs landbrukshøgskole (NLH)
På grunn av forseinka prosjektering av administrasjons- og forskingsbygget på Ås gjer departementet framlegg om å redusere post 30 Byggearbeid med 20 mill. kroner. Departementet legg til grunn at prosjektet vert ferdigstilt i samsvar med prosjektplanen, og at dei 20 mill. kronene blir løyvd att i 1997.
Etter ein brann i eit undervisningsrom i oktober 1995 er kostnadene ved kjøp av nytt utstyr og opppussing berekna til 6,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å løyve 3,25 mill. kroner for 1995 over post 45 til delvis dekking av desse kostnadene.
Komiteen har ingen merknad til at løyvinga til administrasjons- og forskingsbygget på Ås blir redusert frå 30 til 10 mill. kroner, men føreset at Statsbygg har ei framdrift slik at bygget kan bli ferdigstilt som avtalt i prosjektplanen.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).
Komiteen har ingen merknad til framlegg om løyving på 3,25 mill. kroner til dyrt utstyr som vart øydelagt under brann 11. oktober 1995 og føreset at dei resterande kostnader blir dekt opp under kap. 1100.
Kap. 1135 Norsk institutt for planteforskning (Planteforsk)
Kjøp av forskingsstasjonen Apelsvoll på Østre Toten er kopla mot eit makeskifte av jordvegen på Kjeller gård i Skedsmo. På grunn av uavklarte reguleringsspørsmål må makeskiftet verte utsett. Departementet gjer difor framlegg om å ompostere 5,5 mill. kroner frå post 30 til ny og overførbar post 46 Ekstraordinært vedlikehald.
Komiteen har ingen merknad til dette.
Komiteen syner til det som er sagt ovanfor og rår Stortinget til å gjere slikt
På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort desse endringane:
Utgifter:
Kap. 1020 | Havforskingsinstituttet | ||
11 Varer og tenester, blir auka med | kr | 8.000.000 | |
frå kr 19.656.000 | |||
til kr 27.656.000 | |||
21 Særskilde driftsutgifter, | |||
blir auka med | kr | 15.000.000 | |
frå kr 83.500.000 | |||
til kr 98.500.000 | |||
Kap. 1021 | Drift av forskingsfartya | ||
11 Varer og tenester, | |||
blir auka med | kr | 4.500.000 | |
frå kr 28.034.000 | |||
til kr 32.534.000 | |||
21 Særskilde driftsutgifter, | |||
blir auka med | kr | 1.000.000 | |
frå kr 25.600.000 | |||
til kr 26.600.000 | |||
Kap. 1124 | Norges landbrukshøgskole | ||
33 Byggearbeider, kan overføres, | |||
blir redusert med | kr | 20.000.000 | |
fra kr 30.000.000 | |||
til kr 10.000.000 | |||
45 (Ny) Store nyinnkjøp, | |||
kan overføres, | |||
blir bevilget med | kr | 3.250.000 | |
Kap. 1135 | Norsk institutt for planteforskning | ||
30 Byggearbeider, kan overføres, | |||
blir redusert med | kr | 5.500.000 | |
fra kr 11.575.000 | |||
til kr 6.075.000 | |||
46 (Ny) Ekstraordinært vedlikehold, | |||
kan overføres, | |||
blir bevilget med | kr | 5.500.000 |
Inntekter:
Kap. 4020 | Havforskingsinstituttet | ||
03 Oppdragsinntekter, | |||
blir auka med | kr | 23.000.000 | |
frå kr 71.000.000 | |||
til kr 94.000.000 | |||
Kap. 4021 | Drift av forskingsfartya | ||
01 Oppdragsinntekter, | |||
blir auka med | kr | 5.500.000 | |
frå kr 21.500.000 | |||
til kr 27.000.000 |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 28. november 1995. |
Jon Lilletun, | Jørgen Holte, | Siri Frost Sterri, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |