Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endring av løyvingar på statsbudsjettet for 1995 under Finans- og tolldepartementet hva angår kap. 1610, 1615, 1616, 1618, 4601 og 4620.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 44 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 13 (1995-96)
  • Dato: 22.11.1995
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       Til Stortinget.

       Finans- og tolldepartementet gjer med dette framlegg om endringar i statsbudsjettet for 1995 under kap. 1600 Finans- og tolldepartementet, kap. 1610 Toll- og avgiftsdirektoratet - toll- og avgiftsetaten, kap. 1615 Skattefutane, kap. 1616 Andre utgifter til skatte- og avgiftsinkrevjing, kap. 1618 skattedirektoratet - skatteetaten, kap. 4610 Toll- og avgiftsdirektoratet - toll- og avgiftsetaten, og kap. 4620 Statistisk sentralbyrå.

       Til vidareutvikling av ny EDB-løysing for statsrekneskapen står det for 1995 under kap. 1615, post 11 Varer og tenester, 2,0 mill. kroner til rådvelde. Sidan denne vidareutviklinga i hovudsak kjem til å gå føre seg i regi av Finansdepartementet, blir det naudsynt å flytta den disponible løyvinga frå budsjettet til skattefutetaten (kap. 1615) over til budsjettet til Finansdepartementet (kap. 1600).

       På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at den vedtekne løyvinga for 1995 under kap. 1615, post 01, blir sett ned med 0,9 mill. kroner, og at post 11 blir sett opp med 2,2 mill. kroner. Samstundes gjer departementet framlegg om at løyvinga under kap. 1600 Finansdepartementet, post 11, blir sett opp med 2,0 mill. kroner.

    For å forenkla administrasjonen av løyvinga under post 70 Tilskot til aksjonar, gjer departementet framlegg om ei teknisk omdisponering. Føremålet med løyvinga skal ikkje endrast.

      Løyvingsoverslaget for 1995 bygde på ei forventning om at innkrevjingsutgiftene framleis kom til å liggja på eit lågare nivå, men at nedgangen kom til å minka. Samstundes tok departementet omsyn til ein viss auke av gebyra i samband med skattebetalingsordninga.

       På bakgrunn av rekneskapstal for 1994 og statistikk for innkrevjingsverksemda pr. fyrste halvår 1995 er det grunn til å rekna med ein sterkare nedgang i innkrevjingsutgiftene i 1995 enn den løyvingsoverslaget bygde på. Departementet gjer framlegg om at den vedtekne løyvinga under kap. 1616, post 11 blir sett ned med 10,0 mill. kroner.

     I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 11 (1992-1993), jf. B.innst.S.nr.II (1992-1993), vart det under kap. 1618 post 01 Løn og godtgjersler, løyvt 6,0 mill. kroner til å dekkja ekstrainnsatsen ved likningskontora i samband med gjennomføringa av skattereforma. Slik det var føresett, har behovet for denne ekstrainnsatsen gradvis falle bort, og han kjem difor til å bli avslutta innan utgangen av 1995.

       På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at den vedtekne løyvinga for 1995 under kap. 1618, post 01 vert sett ned med 4,0 mill. kroner.

       I løyvingsoverslaget for 1995 på 8,0 mill. kroner er det lagt til grunn minska gebyrinntekter som følgje av endringar, jf. St.prp. nr. 1 (1994-1995) frå Finansdepartementet.

       Talet på elektroniske deklarasjonar i TVINN-systemet auka meir enn departementet hadde rekna med. Inntektene på ekspedisjonsgebyr i 1995 kjem difor venteleg til å bli om lag 4,5 mill. kroner lågare enn løyvinga.

    Status for innkrevjingsverksemda pr. 31. august 1995 ber bod om at det for året sett under eitt kjem til å bli utskrive tvangsmulkter for til saman om lag 3,2 mill. kroner, dvs. 2,8 mill. kroner mindre enn den vedtekne løyvinga.

       Når det gjeld dei eldre restansane, er dei på god veg til å bli nedbygde.

       På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at den vedtekne løyvinga for 1995 under kap. 4620, post 04 Tvangsmulkt, blir sett ned med 2,8 mill. kroner til 3,2 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgjande endringar:

Kap. 1600 Finans- og tolldepartementet
  11  Varer og tenester, vert auka med kr 2.000.000
        frå kr 44.500.000
        til kr 46.500.000
Kap. 1610 Toll og avgiftsdirektoratet -
  toll- og avgiftsetaten
  11  Varer og tenester, vært auka med kr 4.800.000
        frå kr 154.350.000
        til kr 159.150.000
  45  Store nyinnkjøp,
        kan overførast,
        vert auka med kr 2.000.000
        frå kr 15.200.000
        til kr 17.200.000
  70  Tilskot til aksjonar,
        vert redusert med kr 6.800.000
        frå kr 6.800.000 til kr 0
Kap. 1615 Skattefutane
  01  Løn og godtgjersler,
  vert redusert med kr 900.000
        frå kr 119.100.000
        til kr 118.200.000
  11  Varer og tenester, vert auka med kr 2.200.000
        frå kr 69.500.000
        til kr 71.700.000
Kap. 1616 Andre utgifter til skatte-
  og avgiftsinnkrevjing
  11  Varer og tenester,
        vert redusert med kr 10.000.000
        frå kr 117.000.000
        til kr 107.000.000
Kap. 1618 Skattedirektoratet - skatteetaten
  01  Løn og godtgjersler,
        vert redusert med kr 4.000.000
        frå kr 1.449.800.000
        til kr 1.445.800.000
Kap. 4610 Toll- og avgiftsdirektoratet
  - Toll- og avgiftsetaten
  12  Ekspedisjonsgebyr,
        vert redusert med kr 4.500.000
        frå kr 8.000.000
        til kr 3.500.000
Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå
        04  Tvangsmulkt, vert redusert med kr 2.800.000
        frå kr 6.000.000
        til kr 3.200.000


Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 22. november 1995.

Grethe G Fossum, Karin Lian, Eli S Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.