1. Samandrag
1.1 Innleiing
I stortingsmeldinga handsamar Kommunal- og arbeidsdepartementet Husbanken sine rentevilkår og subsidieprofil. Det vert føretatt ein prinsipiell gjenomgang av Husbanken sine verkemiddel og det vert gjort framlegg om endringar slik at dei bustadpolitiske verkemidla meir effektivt skal kunne bidra til betre kvalitet på bustadene og etablering av bustader for hushald med økonomiske problem.
Meldinga er samstundes ei delvis oppfølging av innstillinga til det offentlege utvalet om « Statsbanker under endrede rammevilkår » ( NOU 1995:11 ).
Departementet presiserer at meldinga fullt ut er basert på Regjeringa sine tidlegare opptrukne målsetjingar i bustadpolitikken og retningsliner for Husbanken sin rolle som statens bustadpolitiske gjennomføringsorgan.
1.2 Låne- og tilskotsordningar forvalta av Husbanken
I meldinga går departementet gjennom dei låne- og tilskotsordningane som Husbanken forvaltar, med vekt på rentevilkår og subsidieprofil.
Husbanken gir i dag generelle lån til grunnfinansiering av nye bustader og fornying av eksisterande bustader og bumiljø. Dessutan vert det gitt lån til grunnfinansiering av barnehagar og studentbustader m.v., mens omsorgsbustader vert fullfinansierte gjennom husbanklån. Vidare kan Husbanken etter nærare vurdering av behovet gi lån til grunnfinansiering av kjøp av bustad og lån til toppfinansiering av ny eller brukt bustad.
Eit fleirtal av låna (Husbank I-lån) vert gitt med rentesubsidiar i form av ei rentetrapp dei første åra. Subsidiane er størst for dei selektive låneordningane og låneformåla. Husbank II-lån vert gitt utan rentetrapp og renten setjast lik gjennomsnittet av renta på statsobligasjonar med 5 års gjenståande løpetid, for 1995 er den på 6 %. Dette prinsippet gjeld også for topprenta på Husbank I-lån gitt etter 1993. Stortinget fastset renta for Husbank I-lån gitt før 1993, for 1995 er den på 7,5 %.
Husbanken gir også bustøtte og tilskot til byfornying, omsorgsbustader og kommunale utleigebustader, samt tilskot til toppfinansiering etter nærare vurdering av behovet til funksjonshemma, flyktningar og andre med økonomiske vanskar.
1.3 Utviklingstrekk og utfordringar i bustadsektoren
Meldinga gir eit oversyn over bustadmarkedet i åra 1985-1995. Det vert mellom anna vist til at det i 1992 blei satt i gang bygging av i underkant av 16.000 bustader, som er ei halvering frå 1986. Prisane på brukte bustader fall i gjennomsnitt reelt med 33 % frå 1988-1992. Men i løpet av 1994 vart det ei monaleg auke i bustadbygginga og i prisane på brukte bustader.
Meldinga peikar vidare på at som følgje av den generelle lågkonjunkturen sidan slutten av 1980-åra, har Husbanken hatt ein meget høg del av finansieringa av nybygginga på 90-talet. Utan stimulering av bustadbygginga gjennom Husbanken, særleg i 1992 og 1993, kunne viktig kompetanse og kapasitet i byggjenæringa i stor grad vorte tapt.
Det vert dessutan vist til at utviklinga i rentenivået har spela ei viktig rolle for aukinga i bustadinvesteringane sidan 1993.
Etter departementet sitt syn medverker Husbanken positivt til å nå dei bustadpolitiske måla knytta til bustadbygging, bustadutbetring og bustadetablering. Men departementet peikar samtidig på at enkelte unge i etablerarfasen ikkje får tilstrekkeleg hjelp av Husbanken sine låne- og tilskotsordningar til å makte bustadetableringa. Det vil derfor vere ønskjeleg å finne ordningar som kan hjelpe unge med låg inntekt og liten eigenkapital til å skaffe seg sin første bruktbustad.
I meldinga vert det drøfta fleire faktorar som er viktige i forhold til kvaliteten på bustadane og bumiljøet. Departementet viser mellom anna til St.meld. nr. 14 (1994-1995) Om levekår og boforhold i storbyene, der det vart peika på at det er viktig med ytterlegare statleg stimulering av byfornying og bustad- og bumiljøkvalitet i storbyane. I mange kommunar vil dei bustadpolitiske utfordringane i dei næraste åra vere knytta til fornying og fortetting i eksisterande bumiljø.
Det vil i åra framover vere viktig å stimulere til bygging av gode bustader og bumiljø med tanke på målsetjinga om auka heimebasert omsorg for eldre og andre som treng omsorg.
Sjølv om kvaliteten på bygg, bustader og bumiljø generelt er tilfredsstillande, meiner departementet at det i for liten grad vert tatt omsyn til bustad- og bumiljøkvalitetar som livsløpstandard, natur- og miljøvenlegdom, og energiøkonomisering i samband med nybygging og utbetring, særleg i konsentrerte buområder. I eit velferdpolitisk perspektiv er det særleg viktig at nye og eksisterande bustader i størst mogleg grad er lett tilgjengelege. I et miljøpolitisk perspektiv bør bustadane og bumiljøa i minst mogleg grad vere avhengige av bilbruk, miljøfarlege produkt og sløsing med energi.
1.4 Statsbankutvalet sine vurderingar og framlegg til Husbanken sin subsidieprofil og rentevilkår
Departementet gir i meldinga ei oppsummering av statsbankutvalet si vurdering av statsbankane (Husbanken og Landbruksbanken) sine roller i bustadfinansieringa og gjengir utvalet sine framlegg til endringar med omsyn til Husbanken sin bruk av verkemiddel og rentefastsetjing.
Statsbankutvalet tilrår at den fordelingspolitiske målsetjinga i bustadpolitikken vert styrka, og at den offentlege innsatsen i større grad vert retta mot vanskelegstilte grupper og område. Utvalet ønskjer at dei bustadsubsidiane som Husbanken forvaltar skal gå til dei som treng dei mest. Konkret bør bustadsubsidiane som hovudregel kanaliserast gjennom tilskot i staden for subsidierte lån. Det vert også tilrådd eit nytt prinsipp for rentefastsetjing i Husbanken.
Statsbankutvalet drøfter også ei rekkje andre forhold ved Husbanken som departementet seinare vil drøfte i lys av komande høringsutsegner.
1.5 Departementet sine vurderingar og framlegg til endringar i Husbanken sine rentevilkår og subsidieprofil
Departementet viser til Regjeringa sine boligpolitiske målsetjingar og utfordringane i bustadpolitikken, og går inn for ei endring og tilpassing av bruken av verkemiddel gjennom Husbanken. I hovudsak deler departementet tilrådingane til statsbankutvalet med omsyn til bruk av Husbanken sine verkemiddel.
Departementet meiner at den generelle påverknad av bustadbygging, bustadkvalitet og bustadutbetring kan takast vare på gjennom låg rente i Husbanken basert på staten si innlånsrente. For mange hushald vil husbanklån vere det klårt gunstigaste alternativet sjølv om det frå staten si side ikkje er knytta rentesubsidiar til lånet. Sjølve bustadkvaliteten kan påverkast mellom anna gjennom dei krav som Husbanken setter til lån og tilskot.
Departementet er einig med statsbankutvalet i at dagens bustadsubsidiar i større grad må dreiast frå generelle mot meir selektive ordningar. Dette gjerast både for å prioritere huslyder som har særlege behov for støtte og for å hjelpe område der bustadstandarden er dårleg. Departementet sluttar seg difor til utvalet si tilråding om at den fordelingspolitiske målsetjinga i bustadpolitikken bør styrkjast. Departementet er også einig med utvalet i at eit system som er meir basert på tilskot har klare føremoner framfor eit system basert på subsidiar gjennom rentestøtte.
I meldinga gir departementet ei prinsipiell utgreiing om innrettinga av bustadsubsidiane og kjem også med ein nærare omtale av tilskot som bustadpolitisk verkemiddel.
Departementet viser til at gjennom Husbanken og kommunane har det offentlege fleire verkemiddel retta inn mot førstegongsetablerarar. Etter departementet si vurdering bør ordninga med etableringslån vidareførast, men med endra rentefastsetjingssystem. Subsidiane i rentetrappa for etableringslån bør etter departementet si meining heller gis som tilskot. Tilskotsordninga, som Husbanken no har til topp- og tilleggsfinansiering for huslyder med låge inntekter og eigenkapital, ønskjer departementet å utvide til også å omfatte unge i etableringsfasen. Ei slik utviding av målgruppa for bustadtilskotet vil bidra til at denne gruppa kan få dekka delar av den naudsynte eigenkapitalen, og dermed lettare bli i stand til å skaffe seg eigen bustad.
Departementet tilrår vidare at Husbanken held fram med å formidle lån til huslyder med særleg låge inntekter, som til dømes unge uføre og psykisk utviklingshemma. Men departementet ser det som ein meir effektiv bruk av statlege subsidiar at bustadtilskotet til desse gruppene vert styrka med ein sum som svarar til subsidien i dei særvilkåra som dei i dag får på lån i Husbanken.
For å stimulere kommunane til ein meir aktiv bruk av etableringslåneordninga er det etter departementet si vurdering formålstenleg at ein del av bustadtilskotet kan gå til å dekkje dokumenterte tap som kommunane har i samband med utlån av etableringslån.
Departementet gjer òg framlegg om å opprette eit nytt bustadkvalitetstilskot som kan nyttast til å stimulere til gode bustadløysingar som tar omsyn til nærare bestemte samfunnsmessige målsetjingar.
Departementet ønskjer framleis å bidra til å skape ein meir aktiv byfornying i dei største byane. Etter departementet si vurdering kan dette gjerast mest effektivt gjennom å prioritere ein styrking av byfornyingstilskotet.
Regjeringa sitt mest sentrale verkemiddel i bustadpolitikken er husbankrenta. Ei konkurransedyktig husbankrente er heilt avgjerande for at Regjeringa sine bustadpolitiske målsetjingar skal kunne nås.
For å sikre Husbanken konkurransedyktige rentevilkår er departementet samd med statsbankutvalet i at utlånsrenta må setjast lik den renta staten sjølv oppnår i markedet med eit tillegg til dekning av staten sine kostnader ved å drive Husbanken. Vidare er departementet samd i at Husbanken bør kunne gje tilbod om lån med flytande rente og fastrentelån på lik linje med aktørane i det private markedet. Det vert gjort framlegg om at renta på lån med flytande rente vert knytta til renta på statspapirer med kort løpetid. Renta på fastrentelåna vert knytta til renta til statsobligasjonar slik det vert gjort for dagens husbanklån. Husbanken vil såleis ha eit tilbod både til dei som ønskjer stabile lånevilkår og til dei som ønskjer ei husbankrente som følgjer endringane i marknadsrenta.
Eit slikt system for fastsetjing av renta i Husbanken som er skissert ovanfor, vil under føresetnad av at dagens rentenivå videreførast, både på statsobligasjonar og statssertifikater, innebere at Husbanken i 1996 kan tilby lån til flytande renter på ca 5,5-6 % og fastrentelån med 5-års rentebinding til ca 7,5-8 %. Dette tilbodet er etter departementet si meining meget konkurransedyktig i forhold til det ein kan oppnå i det private kredittmarkedet.
Departementet gjer framlegg om at det nye prinsippet for rentefastsetjing vert sett i verk frå 1. januar 1996 for nye lån, men lån som allereie er gitt vil av administrative årsaker først gå over til det nye systemet frå 1. januar 1997.
For delvis å dekkje staten sine kostnader i samband med Husbanken si utlånsverksemd, vil departementet anbefale at alle lån som får renta fastlagt etter dei nye rentefastsetjingsprinsippa vert tillagt ein margin på 0,5 prosentpoeng.
Dei endringane som er lagt til grunn for Husbanken vil også bli lagt til grunn for Landbruksbanken si finansiering av bustader på gardsbruk.