Innstilling frå finanskomiteen om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 39 (1995-1996)
- Kildedok: St.prp. nr. 14 (1995-96)
- Dato: 21.11.1995
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Finansdepartementet legg fram forslag til fullmakt for statleg opplåning i 1996. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 1996.
Tabell 1 viser nokre av hovudpostane bak statens finansieringsbehov i 1995 og 1996.
Tabell 1 Statens lånebehov i 1995 og 1996.1 Mill. kroner
Overslag over | Stats- | ||
---|---|---|---|
rekneskapen | budsjettet | ||
1995 | 1996 | ||
A | Overskot før lånetransaksjonar | -8.599 | 0 |
Nettooverføringar til Statens petroleumsfond | 0 | 10.610 | |
B | Utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning m.m, | ||
netto | -6.377 | 4.600 | |
C | Statens netto lånebehov (B-A) | 2.222 | 4.600 |
D | Gjeldsavdrag innanlands2 | 4.926 | 36.914 |
E | Gjeldsavdrag utanlands3 | 2.970 | 15.131 |
F | Samla finansieringsbehov som skal dekkjast med trekk på | ||
kontantbehaldninga og ved låneopptak (C+D-E) | 10.118 | 56.645 | |
1 | Jf. St.prp. nr. 1 (1995-1996). |
2 | Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån, avdragsbetalingar på kortsiktige lån er ikkje inkludert. |
3 | Alle utanlandslån er langsiktige. |
Statsbudsjettet for 1996, jf. St.prp. nr. 1 (1995-1996), er gjort opp med eit overskot på 10,6 mrd. kroner før overføringar til Statens petroleumsfond. Dette beløpet er i sin heilskap foreslått avsett til petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.m. på 4,6 mrd. kroner, saman med avdrag på langsiktig gjeld på 52,0 mrd. kroner, gjer at staten har eit bruttofinansieringsbehov på 56,6 mrd. kroner i 1996. Dette lånebehovet vil i hovudsak bli dekt ved nye låneopptak, men ein del kan også dekkjast ved trekk på kontantbehaldninga.
Etter retningslinjene for Statens petroleumsfond skal overføringar frå fondet dekkje det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Dersom fondets stilling gjev rom for det, kan inntil halvparten av det resterande netto finansieringsbehovet for staten (utlånsauke til statsbankane m.m.) dekkjast ved trekk på fondet. Ein viser til omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1995 og Nasjonalbudsjettet 1996. Overskotet på statsbudsjettet i åra framover vil såleis ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens gjeld.
Statskassens bruttogjeld har auka dei siste åra, jf. figur 1. Ved utgangen av 1994 utgjorde statsgjelda i alt om lag 291 mrd. kroner, medan fordringane utanom aksjar og innskot, forskot og mellomrekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde 268 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde statskassen netto gjeld på 24 mrd. kroner. Når ein reknar med aksjar og innskot, herunder kapitalinnskot i forretningsdrifta, utgjorde statskassens netto finansielle fordringar ved utgangen av 1994 om lag 130 mrd. kroner (verdiane er rekna på grunnlag av bokførde verdiar).
Tabell 2 gir ei oversikt over utviklinga i statens gjeld saman med ei oversikt over utviklinga i statens kontantbehalding og utlån til statsbankane. Lån som i utgangspunktet bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir rekna som langsiktige lån, medan lån med løpetid på inntil eitt år blir rekna som kortsiktige lån.
Statens kontantbehaldning var ved årsskiftet 1994/95 om lag 78 mrd. kroner. Det er om lag 22 mrd. lågare enn eitt år tidlegare. Med eit nivå pr. 30. september 1995 på 85 mrd. kroner ligg kontantbehaldninga framleis klart i overkant av det staten isolert treng, og det kan derfor vere rom for å redusere denne, jf. likevel omtalen nedanfor.
Tabell 2 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner
31.des.94 | 30.sep.95 | |
Langsiktige lån (inkl. spareobligasjonar, | ||
grunnkjøpsobligasjonar og langsiktige | ||
kontolån1 | 138.874 | 159.474 |
Kortsiktige marknadspapir (statssertifikat o.l.) | 39.001 | 40.001 |
Andre kortsiktige lån (kontolån) | 47.678 | 58.839 |
Innanlandsk statsgjeld i alt2 | 225.553 | 258.314 |
Utanlandsk statsgjeld3 | 65.788 | 62.058 |
Statsgjeld i alt | 291.341 | 320.372 |
Memo: | ||
Kontantbehaldning | 78.007 | 85.670 |
Utlån til statsbankane | 154.721 | 153.094 |
1 | Lån med lengre løpetid enn 1 år. |
2 | Ekskl. skyldnader på inneståande fondsmidlar. |
3 | Omsyn tatt til valutabyteavtalar. |
Statens opplåning blir innpassa i det penge- og kredittpolitiske opplegget, og ein må m.a. også ta omsyn til utviklinga i kapitalbalansen overfor utlandet og storleiken på valutareservane. Såleis har staten i periodar lånt i utlandet for å styrkje valutareservane, og i periodar har staten lånt meir enn naudsynt innanlands for å trekkje inn likviditet frå marknaden. Omsynet til desse forholda og statens løpande behov for lånefinansiering legg sterke bindingar på gjennomføringa av låneprogrammet. Desse bindingane verkar i sin tur inn på kostnadene ved opplåninga.
I overkant av 60 % av statens lån har langsiktig rentebinding, medan resten er kortsiktige lån eller lån der renta blir justert i takt med utviklinga i rentenivået i marknaden. Ved utgangen av 3. kvartal var gjennomsnittleg effektiv rente på statens langsiktige innanlandslån, dvs. lån med fast rente, om lag 8,5 %, medan gjennomsnittleg effektiv rente i andrehandsmarknaden for statsobligasjonar med om lag like lang rentebinding låg på rundt 6,4 %. Dette reflekterer at størstedelen av dei langsiktige innanlandslåna vart tatt opp på tidspunkt med gjennomgåande høgare renteviå. Etter samordninga med Noregs Banks valutareservar frå 1. januar 1995 blir både valuta- og renteeksponeringa på statens fastrenteposisjonar i valuta motsvara av eksponeringa til den delen av valutareservane som er sett av til å sikre (immunisere) statens gjeld. Kostnadene ved statens utanlandsgjeld er det derfor naturleg å sjå i samanheng med avkastninga på immuniseringsporteføljen etter denne samordninga, jf. omtalen i lånefullmaktsproposisjonen for 1995, St.prp. nr. 22 (1994-1995).
Ein større del av statens samla finansieringsbehov i 1996 på 56,6 mrd. kroner er tenkt dekt ved opptak av nye lån innanlands, medan resten blir dekt ved trekk på statens kontantbehaldning. Kor stor del av fianansieringsbehovet det blir aktuelt å dekkje ved trekk på kontantbehaldninga, avheng av behovet for å trekkje inn likviditet av pengepolitiske omsyn.
Utviklinga i valuta-, penge- og kredittmarknadene har vist at det er ønskjeleg å ha rommelege fullmakter slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt for opptak av langsiktige fastrentelån som ligg i overkant av brutto lånebehov i 1996. Fullmaktene for kortsiktige lån blir foreslått haldne uendra.
Tabell 3 gir ei samla oversikt over status for dei gjeldande lånefullmaktene og forslag til fullmakter for 1996.
Tabell 3 Gjeldande fullmakter for opptak av statslån og forslag til fullmakter for 1996. Mill. kroner
Gjeldande | Status pr. 30. | Forslag til | |
---|---|---|---|
fullmakt | september 1995 | fullmakt |
for 1995 | Brukt | Ubrukt | for 1996 |
---|
Langsiktige innanlandske lån,1 | ||||
nye lån | 50.000 | 25.500 | 24.500 | 60.000 |
Lån i utlandet, nye lån | 10.000 | 02 | 10.000 | 10.000 |
Grunnkjøpsobligasjonslån, samla | ||||
uteståande3 | 3.400 | 3.322 | 78 | 3.400 |
Kortsiktige lån, samla uteståande: | ||||
- kortsiktige marknadspapir4 | 100.000 | 40.001 | 59.999 | 100.000 |
- andre kortsiktige lån | 70.000 | 58.839 | 11.161 | 70.000 |
1 | Inkl. langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet. |
2 | Innbetaling til staten av 160 mill. USA dollar under justert valutabyteavtale er ikkje medrekna. |
3 | Fullmakta gjeld kumulert utferding av obligasjonar sidan ordninga vart innført, jf. avsnitt 2.2. |
4 | Inkl. kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet m.m. |
Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 60.000 mill. kroner og 10.000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, herunder statssertifikat, blir foreslått halden uendra på 100.000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande av andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 70.000 mill. kroner. På bakgrunn av at det no berre kan utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som er avtalte før utgangen av 1991, og det er rom under eksisterande ramme for å utferde nye obligasjonar, blir fullmakta for uteståande grunnkjøpsobligasjonar foreslått halden uendra på 3.400 mill. kroner.
Ein gjer merksam på at ein i høve til lånefullmaktene for inneverande år har endra to omgrep under kortsiktige lån. I staden for « kortsiktige lån fra statsinstitusjonar og fond under offentleg forvaltning » brukar ein « andre kortsiktige lån », og i staden for « kortsiktige lån frå andre » brukar ein heretter omgrepet « kortsiktige marknadspapir ».
Det er i proposisjonen, under pkt. 4, omtale av Intervenssjonssamarbeid mellom Norges Bank og sentralbankane i andre land.
2.1 Langsiktige innanlandske lån
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Olaf Gjedrem og Odd Holten, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A. Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til forslag til vedtak I.
2.2 Grunnkjøpsobligasjonar
Komiteen slutter seg til forslag til vedtak II.
2.3 Kortsiktige lån
Komiteen slutter seg til forslag til vedtak III.
2.4 Andre kortsiktige lån
Komiteen slutter seg til forslag til vedtak IV.
2.5 Nye lån i utlandet
Komiteen slutter seg til forslag til vedtak V.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 60.000 mill. kroner i 1996.
Finansdepartementet får fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar i 1996 for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991 innanfor den gitte fullmakta på 3.400 mill. kroner.
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 100.000 mill. kroner.
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 70.000 mill. kroner.
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 1996 til eit beløp motsvarande 10.000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane pr. 30. september 1995.
Oslo, i finanskomiteen, den 21. november 1995. |
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, | Eilef A Meland, | Per-Kristian Foss, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |