4. Komiteen si tilråding
Komiteen viser til proposisjonen og til merknadene og rår Stortinget til å gjøre følgende
For å betre lærardekkinga og styrkje skoleverket i Nord-Noreg m.m. skal det i skoleåra 1996-97 og 1997-98 gjennomførast følgjande verkemiddeltiltak:
1 Lønnstillegg
a) | Lærarar med godkjend utdanning som er tilsette ved grunnskolar i Nordland, Troms og Finnmark der 30 % eller meir av elevane sitt undervisningstimetal må dekkjast av lærarar utan godkjend utdanning, får eit tillegg til årslønna etter statens regulativ, tilleggstabell B, trinn 26. |
b) | Lærarar ved skolar som kjem inn under verkemiddelordninga, får behalde tillegget, likevel ikkje utover utløpet av verkemiddelperioden 31. juli 1998. Meirkostnaden blir dekt av staten etter nærmare reglar. |
2 Studiepermisjon som alternativ til lønnstillegg
Lærarar med godkjend utdanning tilsette ved grunnskolar i Nord-Troms (kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy) og Finnmark der 30 % eller meir av elevane sitt undervisningstimetal må dekkjast av lærarar utan godkjend utdanning, kan velje mellom lønnstillegg og studiepermisjon med lønn, etter avtale med vedkommande kommune om fem års pliktteneste. Meirkostnaden blir dekt av staten etter nærmare reglar.
3 Lærarar i delstilling
Lærarar ved skolar som fyller vilkåra i nr. 1, som er tilsette i delstilling som utgjer minst 50 % av ordinær stilling, får utbetalt lønnstillegget med tilsvarande del. Dette gjeld tilsvarande også for lønn under studiepermisjon, jf nr. 2.
4 Flyttegodtgjersle
a) | Lærarar med godkjend utdanning som blir tilsette i minst halv stilling i eitt år i statleg eller kommunal grunnskole, statleg eller kommunal vidaregåande skole, folkehøgskole, og fagpersonale ved pedagogisk-psykologisk teneste, som flytter til Nord-Noreg nord for Bodø og Fauske kommunar, får flyttegodtgjersle av staten etter statens reulativ for flytting til arbeidsstaden. Etter minst fire års teneste som nemnt vil vedkommande kunne få ny flyttegodtgjersle. |
b) | Også ved flytting innanfor Nord-Noreg, nord for Bodø og Fauske kommunar, kan lærarar i grunnskolen, etter nærmare reglar frå departementet, i særlege tilfelle for å betre lærarsituasjonen, få flyttegodtgjersle. |
c) | Lærarar i Nord-Noreg, nord for Bodø og Fauske kommunar, får flyttegodtgjersle til første lærarstilling etter fullførd lærarutdanning. |
5 Faglege og pedagogiske styrkingstiltak
Kvart av skoleåra 1996-97 og 1997-98 blir det sett av midlar til å føre vidare faglege og pedagogiske styrkingstiltak for grunnskolane i Nordland, Troms og Finnmark. Ein del av løyvinga kan nyttast til finskundervisning for finsk-etniske elevar.
6 Det samiske området
Tiltaka på det samiske området skal førast vidare i dei årlege budsjetta.
7 Nedskriving av studielån
Nedskrivingsprosenten for lån i Statens lånekasse for utdanning for dei som er bosette i og utøver eit yrke i Nord-Troms (kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy) og Finnmark skal frå 1. januar 1996 fortsatt være på 10 % av lånegjelda, likevel avgrensa til høgst kr 16.500 kvart år.
8 Utfyllande reglar
Departementet gjev nærmare reglar om gjennomføringa av tiltaka under punkta 1-7.
Oslo, i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen, den 9. november 1995. |
Jon Lilletun, | Siri Frost Sterri, |
leder. | ordfører og sekretær. |