Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 36/95 dagsett 19. mai 1995 om endring av EØS-avtalen sin protokoll 31 om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane (ny artikkel 13 om kultursamarbeid).
Dette dokument
- Innst. S. nr. 26 (1995-1996)
- Kildedok: St.prp. nr. 73 (1994-95)
- Dato: 31.10.1995
- Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Innledning
- 2. Administrative og økonomiske konsekvensar
- 3. Komiteen sine merknader
- 4. Komiteen si tilråding
Til Stortinget.
Stortinget vert i proposisjonen invitert til å gje Regjeringa sitt samtykke til å godkjenna EØS-komiteen sitt vedtak nr. 36/95 dagsett 19. mai 1995 om å innføra ein ny artikkel 13 om utvida kultursamarbeid i avtalen protokoll 31.
Artikkel 13 har følgjande ordlyd:
« Artikkel 13. Kultur |
1. | Samarbeidet på kulturområdet skal styrkes innenfor rammen av Fellesskapets virksomhet og programmer på dette området. EFTA-statene skal delta i Fellesskapets ulike aktiviteter på kulturområdet, blant annet utveksling av informasjon, møter mellom sakkyndige, seminarer, konferanser og forskjellige kulturelle begivenheter. |
2. | EFTA-statene skal bidra finansielt til virksomheten omhandlet i nr. 1 i samsvar med EØS- avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a). |
3. | EFTA-statene skal delta fullt ut i EFs komiteer og andre organer som bistår Kommisjonen med hensyn til ledelse, utvikling og gjennomføring av virksomheten omhandlet i nr. 1. » |
EU sitt kulturbudsjett for 1995 er på 18,9 mill. ecu (om lag 160 mill. kroner). I dei nye programma er det gjort framlegg om ein progressiv auke i budsjettet til totalt 54 mill. ecu for år 2000.
EFTA-statane sitt finansielle tilskott til kulturprogramma vert avgjort i samsvar med EØS-avtalen sin artikkel 82 nr. 1 bokstav a). Det inneber eit tilskott som er avgjort av relative delar mellom bruttonasjonalproduktet for dei einskilde EFTA-landa i høve til EU-landa sitt samla bruttonasjonalprodukt. Noreg sitt tilskott vil utgjere 1,19 % av EU sitt kulturbudsjett. Kostnadene ved deltakinga i Fellesskapet sitt kulturprogram i 1996 er førebels utrekna til om lag 2 mill. kroner. Noreg sitt tilskott for 1996 vil bli nærare omtala i Regjeringa sitt budsjettframlegg for 1996.
Komiteen viser til at endring i protokoll 31 i EØS-avtalen gjer det mogleg for Noreg som EFTA-land å ta del i verksemda EU har på kulturområdet, og der Noregs bidrag vil utgjere 1,19 % av kulturbudsjettet i EU.
Komiteen har i brev frå departementet av 23. oktober 1995 fått opplyst fylgjande om tilskotet:
« De samlede operasjonelle og administrative kostnadene ligger foreløpig an til en samlet utgift på omlag 4,5 mill. kroner. Forutsatt fordeling av to nasjonale eksperter til Norge, vil EU refundere Norge omlag 1,3 mill. kroner. » |
Komiteen har merka seg at det endelege talet vert fastsett i salderingsproposisjonen.Komiteen sluttar seg på denne bakgrunnen til framlegget frå departementet.
Komiteen sine medlemer frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti føreset at Noregs tilskott til kulturprogramma i EU kjem i tillegg til det ordinære kulturbudsjettet.
Komiteens medlem representanten Roy N. Wetterstad viser til sitt alternative budsjett med reduksjoner i kulturbudsjettet og den alternative kulturpolitikk som er skissert. Dette medlem vil imidlertid ikke motsette seg at Norges tilskudd til de europeiske kulturprogrammene prioriteres innenfor det ordinære kulturbudsjettet.
Komiteens utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen som har følgende merknad:
« Komiteen viser til de respektive fraksjoners merknader og slutter seg til innstillingen på dette grunnlag. » |
Komiteen har elles ingen merknader, viser til det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjera følgjande
Stortinget samtykkjer til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 36/95 dagsett 19. mai 1995 om endring av EØS-avtalen sin protokoll 31 om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane (ny artikkel 13 om kultursamarbeid).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 31. oktober 1995. |
Grethe G Fossum, | Hallgrim Berg, | Eli Sollied Øveraas, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |