1. Samandrag
Regjeringa gir i meldinga ein oversikt over kvoteavtalene for 1995 og ein omtale av i kva grad Noreg og dei partane som vert tildelte kvotar i norsk jurisdiksjonsområde utnytta desse kvotane i 1993 og 1994. Meldinga omtalar også kva slags fartøy som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.
I åra før og under etableringa av det nye havrettsregimet på syttitallet, inngjekk Noreg rammeavtaler om fiskerisamarbeid med ulike land som utvidinga av Noreg sitt jurisdiksjonsområde fekk verknad for. I tråd med regjeringa sin politikk freista ein å finne fram til ordningar som skulle ta vare på interessene både til norske og utanlandske fiskarar.
I tråd med dei ulike rammeavtalene fører Noreg årlege forhandlingar om kvoteavtaler og forvaltingssamarbeid med kyststatar som Noreg deler fiskebestandar med.
Når det gjeld utnyttinga av kvotar har norske fartøy nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord for 62°N fullt ut dei siste åra. I Nordsjøen vart også dei norske kvotane på fellesbestandane torsk, sei, makrell og sild oppfiska i 1993 og 1994. Meldinga inneheld ein omfattande gjennomgang av korleis norske fartøy har utnytta norske kvotar i utanlandske farvatn.
Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar, er det òg eit generelt trekk at kvotane av torsk og hyse nord for 62° N er godt nytta av dei landa som har kvoterettar i området.
Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen er konsumfisk som sild og makrell og industrifisk. Dei siste åra har EU fiska om lag 1/5 av totalkvotane sine for torsk og hyse sør for 62° N i norsk sone av Nordsjøen, medan dei fiskar om lag ein tredjedel av seikvoten sin i norske farvatn. EU fiska i gjennomsnitt meir enn 80 % av sin makrellkvote i Nordsjøen i norsk økonomisk sone i 1993 og 1994.
Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak er gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark). Færøyane sin seikvote i Nordsjøen har vore godt utnytta dei siste åra. For Sverige gjeld at dei utnyttar makrell-, sild- og rekekvotane sine i norsk sone av Nordsjøen fullt ut, men også konsumartane vert godt utnytta av svenske fiskarar.
Grønland har sidan inngåinga av kvoteavtalene i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen.