Innstilling frå sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 1995 under kapitla 2711 Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta m.v. og 2755 Helsetenesta i kommunane.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 212 (1994-1995)
- Kildedok: St.prp. nr. 68 (1994-95)
- Dato: 09.06.1995
- Utgiver: sosialkomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 1995 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp og under kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar, post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 65,3 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er avsett reservar til dekning av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
Dei respektive organisasjonane og Kommunenes Sentralforbund/staten har ført forhandlingar om avtalar for perioden 1. juli 1995 - 30. juni 1996. Avtaleframlegga har noe ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetjingar og driftstilskot med 1,8 %, for fysioterapeutane ein auke med 5,0 % og for psykologane ein auke med 4,2 %. Alle rammejusteringane er rekna pr. 1. juli 1995.
Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i satsar inn i 1995, ulik utvikling i kostnader og ulikt inntektsnivå.
Eigenbetalinga frå pasientane er ved dette oppgjeret halden uendra. Heile auken i takstane kjem dermed på refusjonsdelen.
Avtale om driftstilskot og takstar for legar
I forhandlingsmøte 30. mai 1995 blei Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar i normaltariffen for legar med avtale om drift av privat praksis.
Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande driftstilskot, takstar og fondsavsetjingar blir auka med 1,6 % frå 1. juli 1995. I tillegg blir fondsavsetjingane auka med 8 mill. kroner.
Meirutgiftene for trygda til refusjonar og fondsavsetjingar i 1995 blir 31,4 mill. kroner, delt med 10,3 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 21,1 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.
Tilskot til fastlønsstillingar kjem i staden for dei trygderefusjonane som blir gitt til privatpraktiserande legar for kurativt arbeid. Tilskotet var i 1994.186@400 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr. veke/1.600 konsultasjonar pr. år og 145.300 kroner knytt til minst 14 timar/1.000 konsultasjonar. Departementet tilrår at kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar blir regulert med 5,4 mill. kroner.
Den samla budsjettauken som følgjer av avtalen, blir dermed 36,8 mill. kroner.
Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 29. mai 1995 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar.
Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 % av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Oppgjeret har for 1995 ei ramme på 23,6 mill. kroner til refusjonar og fond.
Fastlønstilskotet var i 1993 95.400 kroner. Departementet tilrår at fastlønstilskotet aukar til 99.900 kroner for 1995.
Tilskot til fastlønsordning for fysioterapeutar blir foreslått auka med 2,4 mill. kroner.
Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 24. mai 1995 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for psykologar.
Oppgjeret for psykologhjelp har for 1995 ei ramme på 2,5 mill. kroner til refusjonar og fond.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen, Bjørnstad, Bæivi, Hornslien, Kristoffersen og Øye, medlemmene fra Senterpartiet, Gløtvold, Kvalbukt og Viken, medlemmene fra Høyre, Gabrielsen og Høegh, medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, Sortåsløkken, medlemmet fra Kristelig Folkeparti, Svarstad Haugland, og medlemmet fra Fremskrittspartiet, Alvheim, viser til at stortingsproposisjonen bygger på et omforent forhandlingsresultat mellom på den ene siden de berørte organisasjoner, som er Den norske lægeforening, Norske fysioterapeuters forbund og Norsk psykologforening, og på den andre siden staten og Kommunenes Sentralforbund.
Komiteen har merket seg at avtalene for legene er holdt innenfor en ramme på 1,8 % som inkluderer taktsøkning, fondsavsetning og driftstilskott.
For fysioterapeutene og psykologene er rammen på henholdsvis 5 % og 4,2 %.
Komiteen har videre merket seg at den samlete økningen for alle budsjettposter utgjør 65,3 mill. kroner og uten høyning av pasientenes egenbetaling.
Komiteen slutter seg til forhandlingsresultatet.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Innst.S.nr.176 (1994-1995), der det heter:
« Departementet må ta et større ansvar for kostnadene med utdanninga. Istedenfor å overlate ansvaret til fagorganisasjonene og partene i lønnsforhandlingene gjennom å opprette fond til Den norske lægeforening, må staten selv bruke pengene til å betale støtten til utdanningsstillinger. » |
Disse medlemmer viser videre til Innst.S.nr.176 (1994-1995), hvor en samlet komité ga staten et større ansvar for utdanning av legespesialister. Den norske lægeforening skal ha ansvar for godkjenning av spesialister.
På bakgrunn av dette ser ikke disse medlemmer grunnlag for at Den norske lægeforening fortsatt skal bygge opp utdanningsfond.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. 2711 |
Diverse tiltak i fylkesheletenesta m.v. |
70 | Refusjon spesialisthjelp, aukast med | kr 10.300.000 |
71 | Refusjon psykologhjelp, aukast med | kr 2.500.000 |
Kap. 2755 |
Helsetenesta i kommunane |
61 | tilskot til fastlønsordning allmennlegar, kan nyttast |
under post 70, aukast med | kr 5.400.000 |
62 | Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, kan nyttast |
under post 71, aukast med | kr 2.400.000 |
70 | Tilskot til allmennlegehjelp, kan nyttast under post 61, |
aukast med | kr 21.100.000 |
71 | Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, |
aukast med | kr 23.600.000 |
Oslo, i sosialkomiteen, den 9. juni 1995. |
Sylvia Kristin Brustad, | Asmund Kristoffersen, | Valgerd Svarstad Haugland, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |