Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

1. Allmenne merknader

       Komiteen viser til at den moderne medieutviklinga opnar for kommunikasjon og informasjon i eit omfang som var utenkjeleg berre for nokre få år sidan. Komiteen er samd med departementet i at utviklinga går så snøgt at styresmaktene til ei kvar tid må vurdere dei verkemidla samfunnet tek i bruk for å stimulere eller motverke einskilde sider av utviklinga.

       Komiteen viser til Innst.S.nr.223 (1992-1993) om Media i tida, der alle partia ser på trygging av ytringsfridomen og informasjonsfridomen, og styrking av norsk språk og kulturell identitet, som dei grunnleggjande omsyna i vår mediepolitikk.

       Komiteen ser det og som viktig at norsk og internasjonal forsking og kunnskap blir samordna for å få eit meir kvalifisert grunnlag for det framtidige mediepolitiske arbeidet.

       Komiteen vil streka under at den desentraliserte presse- og kringkastingsstrukturen i Noreg er eit gode, ved at det blir skapt nærleik til brukarane og engasjement i lokalsamfunna. Komiteen ser det difor som naudsynt å halda oppe ein mangfaldig mediesituasjon, både geografisk, ideologisk, kulturelt og språkleg.

       Komiteen vil understreke at mangfald og kvalitet er viktig for å få gjennomført dei mediepolitiske måla som blir sette. Det er vidare viktig å peike på det etiske ansvaret dei ulike media har, og samstundes arbeide for å styrkje mediekunnskapen spesielt hjå born og unge. Dette er viktig for å motverke den negative effekten vald i media kan ha for valdsutviklinga og anna kriminalitet i samfunnet. Auka mediekunnskap er også ein føresetnad for at born og unge kan skilje mellom gode og dårlege tilbod.

       Komiteen er kjent med at NRK si programomlegging i og til tre kanalar har ført til stabil lyttartilslutning for NRK og at oppstarten av P4 har gått sterkt ut over lyttartilslutninga til nærradioane. Når det gjeld fjernsynssida, har komiteen merka seg at eit auka fjernsynstilbod har ført til større sjåartid hos publikum, og at TV2 tek det meste av denne auken.

       Komiteen syner til den gode økonomiske utviklinga for TV2 og P4. Dette kjem av ikkje minst sterkare vekst i reklamemarknaden enn Stortinget rekna med under handsaminga av St.meld. nr. 32 (1992-1993), Media i tida. Difor går komiteen ut frå, i tråd med Regjeringa si oppfatning, at TV2 og P4 byggjer vidare ut sin allmennkringkastingsprofil, i tråd med prinsippa slik dei kjem fram i konsesjonsvilkåra.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad ser det som ein føremon at selskapa - kvar med sine finansieringsformer - tevlar om publikum si interesse. Desse medlemene ser at den nye situasjonen utløyser fantasi og meir effektiv utnytting av ressursane, samstundes som norske produksjonsmiljø får utvikle seg.

       Desse medlemene meiner den viktigaste rolla til det offentlege i mediapolitikken må vere å stimulere til eit mangfald av kanalar og aviser som kan gi eit breitt spekter av tilbod til folket. Dette kan best skje gjennom tilretteleggjing og rammevilkår som gjer den frie konkurransen i stand til å fungere. Det offentlege må unngå detaljstyring, unødvendige reguleringar og økonomiske overføringar.

Tekniske spørsmål

       Komiteen er kjent med dei perspektiva som opnar seg med digitalisering av lydkringkastinga, og ser at denne teknikken med tida i seg sjølv kan gje store utslag i kringkastingsstrukturen. Det vil til dømes bli lettare for nye grupper å kunne drive riksdekkjande radio. Etter som DAB-systemet er meir frekvenseffektivt enn FM-systemet, ser komiteen at dei nye tekniske tilhøva vil krevja ei omvurdering av organiseringa av radioverksemda i landet, blant anna korleis frekvenskapasiteten kan og bør nyttast best ut mellom aktørane. Komiteen reknar med at departementet held Stortinget løpande orientert også om moglege distribusjonsformer som etter kvart opner seg for formidling av nærkringkasting.

Nordisk fjernsyn

       Komiteen har merka seg at ymse planar om ein nordisk fjernsynskanal har stranda i tur og orden. Komiteen tek til orientering at dei nordiske statsministrane har gjort det klart at ei eventuell offentleg finansiering i form av driftstilskot og økonomiske garantiar ikkje er aktuell politikk.

       Komiteen meiner at grannelandsfjernsyn er ønskjeleg, både ut frå historisk og kulturelt fellesskap og sosiale særkjenne i dei nordiske landa.

       Komiteen viser til det arbeidet som skjer for å distribuere dei nasjonale kringkastingsprogramma i Norden, og at det spesielt blir vurdert om det er mogleg å distribuere dei danske kanalene.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad ser det som ønskelig at den norske befolkning i størst mulig utstrekning kan få tilgang på de kringkastingstilbud som finnes i våre naboland. Dette medlem ser imidlertid ikke behovet for noen offentlig satsing for en felles nordisk fjernsynskanal. Det bør eventuelt overlates til private å utvikle slike konsepter, slik at skattebetalerne ikke belastes.

2. Reklameavbrot i sendingar

       Komiteen er kjent med at TV3 i sendinger mot Noreg ikkje vil følgje dei norske reglane om fjernsynsreklame. Dei meir liberale reglane i europeisk regelverk gjev ikkje grunnlag for å krevja forbod mot reklameavbrot av spelefilmar i norske kanalar.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke Sosialistisk Venstreparti, er såleis samd med departementet i at denne situasjonen « verkar urimeleg, og gir ei uheldig konkurransevriding », til dømes i disfavør av norske selskap.

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, viser til stortingsmeldinga Media i tida og mener at man ikke bør endre norsk lovgivning eller praksis for fjernsynsreklame. Det konstateres at det etter internasjonalt regelverk er tillatt flere reklameavbrudd i spillefilmer enn det norske regler tillater. Det er beklagelig at andre land ikke vil pålegge enkelte kanaler å følge de norske reglene om fjernsynsreklame slik Europarådets konvensjon om fjernsynsreklame over landegrensene krever. Dette flertallet viser videre til at departementet har tatt TV3s reklamepraksis opp med britiske myndigheter. Dette flertallet konstaterer at henvendelsen ikke har ført fram.

       Komiteens mindretal, medlemmene frå Høgre, finn det uheldig at manuskriptbaserte program, til dømes spelefilmar, blir avbrotne så lenge som 20 minutt eller meir. Mindretalet ser at slike inngrep i eit åndsverk, ofte med ei dagsnyttsending og med reklamebolkar framom og bak denne, er forstyrrande for motivasjon, samanheng og forståing hos den enkelte sjåaren. Mindretalet meiner difor at spelefilmar i normallengd (90-110 minutt), heller bør ha eitt eller to korte avbrot, dersom konsesjonæren finn det tenleg. Mindretalet ser at auka reklameinntekter frå dette såleis kan finansiere sending av filmar med høgare kvalitet, barneprogram og andre program.

       Mindretalet gjer fylgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringen syte for at fjernsynsselskap som er etablerte i Noreg får vilkår for reklamesendingar som gir mest mogleg like konkurransevilkår med dei selskapa som sender frå utlandet, unnateke reklame for alkohol, tobakk eller reklame som er retta mot born. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til behandlingen av St.meld. nr. 32 (1992-1993), Media i tida, der det slås fast at åndsverkbaserte program, som spillefilm, teater og konsertoverføringer, ikke bør avbrytes med reklameinnslag.

       Etter dette medlems mening er det nettopp slike kulturpolitiske motiver som må styre mediepolitikken. Reklameavbrudd i spillefilm innebærer en pervertering av filmkunsten. Enten avbruddene legges inn i en poetisk, dramatisk eller grøssende spennende sekvens av filmen, svekker avbruddene publikums opplevelse av filmen og filmmakernes mulighet for å forføre seerne. At det i mange år er laget amerikanske TV-filmer med en dramaturgi som er tilpasset reklameavbrudd, rokker ikke ved denne oppfatningen. Når departementet bruker argumentet at en restriktiv linje « vil gjøre det svært vanskeleg for norske selskap å sende gode spelefilmar i beste sendetid », innebærer det en selvmotsigelse: man vil ødelegge gode spillefilmer for å kunne sende gode spillefilmer.

       Dette medlem går imot at det skal gis anledning til reklameavbrudd i åndsverkbaserte program.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad har forståelse for at fjernsynsselskap har valgt eller vurderer å drive sin virksomhet fra utlandet. De urimelig strenge reklamereglene her i landet fører dermed til tap av arbeidsplasser og inntekter i Norge. Dette medlem mener det må bli opp til det enkelte fjernsynsselskap å avgjøre om, og i hvilken form og lengde, de vil benytte reklameavbrudd i sine sendinger. Ingen vil være tjent med å benytte en frihet på dette området på en måte som publikum ikke aksepterer.

       Dette medlem fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om liberalisering av reglene for fjernsynsreklame, slik at fjernsynsselskaper som er etablert i Norge får betingelser som er mest mulig lik dem som selskaper som som sender fra utlandet har. »

3. Allmennkringkasting

Generelt

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, ser det som verdfullt at allmennkringkastingsselskapa står sterkt i mediebiletet. Desse tar særleg ansvar for informasjon og gjev eit allsidig programtilbod for ulike publikumsgrupper. Desse selskapa har også som oppgåve å avspegla heile landet tematisk, språkleg og kulturelt.

       Fleirtalet ser allmennkringkastarane som viktige hjørnesteinar i kulturpolitikken i Noreg.

       Fleirtalet er kjent med dei ymse tydingane som vert lagde inn i omgrepet « allmennkringkasting » (public service broadcasting). Fleirtalet meiner at nemninga kan brukast både om lisensfinansierte og reklamefinansierte selskap som har nasjonal dekning og som i sine konsesjonsvilkår er pålagde definerte kulturelle krav og plikter som motyting til dei særlege rettane styresmaktene har gjeve dei.

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil framheve at det er gitt en særlig rett til riksdekkende sendinger for enkelte selskap under forutsetning av at de skal utvikle en allmennkringkastningsprofil. Dette er viktig å legge til grunn ved vurdering av den norske mediesituasjonen. Det er videre av betydning at disse kanalene også selv definerer seg som allmennkringkastere. Flertallet vil derfor understreke det allmennkringkastingsansvaret som TV2 og P4 har, og det spesielle ansvaret NRK har som eneste lisensfinansierte kringkastingsselskap. Det er avgjørende å ha et konkurransedyktig allmennkringkastingstilbud med klare mediepolitiske mål som ikke blir diktert av økonomi eller seeroppslutning.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad viser til at nemninga « allmennkringkastingssektoren » inneheld så vidt ulike selskap som NRK, TV2 og P4. Desse medlemene er kjent med at desse selskapa har og bør ha kvar sin profil og eigenart, i samsvar med dei ymse føresetnader og vilkår som dei har fått konsesjon ut frå. Desse medlemene ser gjerne at dei ulike allmennkringkastarane samarbeider om praktiske sider som teknikk, studio, arkiv, osb., men meiner ikkje at dette perspektivet må strekkjast så langt i retning « arbeidsdeling » at ein gløymer at TV2 og P4 ikkje vart skipa fordi dei skulle samordne seg med NRK, men fordi dei skulle konkurrere.

       Desse medlemene stiller seg spørjande til departementets ordbruk i drøftinga om regulering av fjernsynet som medium og at det er « nødvendig å verne publikum mot overgrep », eller når det talar om « fare » for borgarane med den liberaliseringa i mediepolitikken som har gått føre seg.

       Desse medlemene ser trongen for tekniske og etiske køyrereglar og stimulansetiltak for norsk programproduksjon, men kan ikkje slutte seg til den sterke trua på reguleringar slik det kjem til uttrykk mot slutten av avsnitt 3.2 i St.meld. nr. 42.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad finner allmennkringkastingsbegrepet nokså floskelpreget i den norske mediadebatten. Begrepet forsøkes anvendt som en motsats til kommersiell kringkasting, som omtales på en lite flatterende måte og fremstilles som spekulativ og tildels skadelig.

       Dette medlem mener en samlet norsk kringkasting burde ha vært gitt en behørig vurdering i en sammenheng som dette, istedenfor at man skiller ut et B-lag som får svært begrenset oppmerksomhet. I den grad de får det er det stort sett fordi myndighetene er opptatt av å begrense deres muligheter til å utvikle seg. Dette medlem vil imidlertid vise til at TV Norge og TV3 har relativt høye markedsandeler, og at disse kanalene også gir et kjærkomment tilbud til store deler av befolkningen.

Konkurransen på fjernsynsmarknaden

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, er kjent med utviklingstrekk i den auka tevlinga på fjernsynsmarknaden i Europa og USA; kort kan det seiast at fleire aktørar på sendesida ikkje alltid har ført til meir varierte programtilbod, men at mønsteret tykkjest vera ein tendens til å gå mot midten av marknaden med vekt på breitt populære og lettfattelege program.

       Fleirtalet meiner at ei slik utvikling i det internasjonale mediebiletet, der såkalla « smale » og meir krevjande program forsvinn eller blir flytta til marginale tidspunkt, er kulturpolitisk uheldig. Difor er det og særs viktig at dei nasjonale og tradisjonelt lisensfinansierte selskapa får gode arbeidsvilkår i den auka tevlinga som er komen i alle europeiske land.

       Fleirtalet stadfester det synet som Stortinget ga uttrykk for ved handsaminga av St.meld. nr. 32 (1992-1993), at ein finn det uheldig dersom NRK skulle utvikle seg til å bli meir lik dei kommersielle fjernsynskanalane, då det på sikt ville undergrava den legitimiteten og den eineretten til finansiering med lisenspengar som institusjonen har.

       Fleirtalet vil understreke at i dagens aukande kommersialiserte mediesituasjon vil det i stigande grad kunne vera eit konkurransefortrinn å ha reklamefrie sendingar.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad ønsker en mest mulig reell og sunn konkurranse mellom kringkastingsselskapene, og vil derfor gå imot konkurranseregulerende tiltak.

Allmennkringkastingsråd

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til at Kringkastingsrådet og programrådene for TV2 og P4 jevnlig evaluerer virksomheten i sine selskaper. Flertallet ser likevel et behov for at allmennkringkastingsprofilen i disse tre selskapene også vurderes samlet. NRK, TV2 og P4 har fått helt spesielle fordeler under forutsetning av at de formidler et allmennkringkastingstilbud til norske seere og lyttere. For NRK's del er dette en forutsetning for lisensinntektene, for TV2 og P4 er det forusetningen for eneretten til riksdekkende reklamebaserte sendinger. På denne bakgrunnen er det viktig at myndighetene kan ha en fortløpende vurdering av hvorvidt allmennkringkasterne oppfyller sine forpliktelser. Dette bør bl.a. skje gjennom en statistisk framstilling som synliggjør hvordan konsesjonsforusetningene ivaretas, slik det er redegjort for i meldingen. Flertallet mener en slik oppfølging bør ivaretas av et organ utenfor departementet. Det må ikke skje ved at dette organet legger seg opp i enkeltprogram, men gjennom en vurdering av hvorvidt programtilbudet totalt sett tilfredsstiller forusetningene i konsesjonsgrunnlaget. Det er en forutsetning for flertallet at den redaksjonelle friheten i selskapene ikke berøres. På dette grunnlaget støtter flertallet departementets forslag om opprettelsen av et allmennkringkastingsråd. Flertallet viser til brev av 8. juni 1994 fra departementet til komiteen der det presiseres at et slikt råd kun skal uttale seg til departementet. Et allmennkringkastingsråd vil også bidra til at de ulike allmennkringkasterne også blir vurdert på det samme grunnlag.

       Flertallet viser til at departementet går inn for at allmennkringkastingsrådet settes sammen av to representanter for Kringkastingsrådet og to representantar fra programrådet for TV2 og P4. Flertallet mener at rådet i tillegg bør styrkes med representanter fra kulturlivet og eventuelt medieforskere.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad meiner det ikkje er trong for eit ekstra og nytt allmennkringkastingsråd på toppen av dei eksisterande råda.

       Desse medlemene viser til dei sterkt kritiske merknadene frå Norsk Redaktørforening, som finn eit slikt råd tvilsamt ut frå omsynet til det redaksjonelle sjølvstendet. Desse medlemene er samde med NR at ei slik nyskaping vil vera eit brot på den aksepterte praksisen i norske media når det gjeld redaktørens ansvar.

       Desse medlemene vil på denne bakgrunnen avvise framlegget om eit nytt allmennkringkastingsråd.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil ikke motsette seg at departementet nedsetter et eget utvalg/råd for å samlet vurdere allmennkringkastingsprofilen i NRK, TV2 og P4.

       Dette medlem kan imidlertid vanskelig se at det i denne sammenheng er nødvendig for Stortinget å godkjenne et råd som verken skal lovhjemles eller gi tilbakemelding til Stortinget.

       Dette medlem vil understreke at Regjeringa står fritt til å nedsette de råd/utvalg den selv føler behov for, med hensyn til å motta faglige eller skjønnsmessige vurderinger på aktuelle områder.

4. Verksemda i NRK, TV2 og P4

Programprofil

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, viser til St.meld. nr. 32 (1992-1993) der det blir streka under at allmennkringkastarane har plikter som politiske, kulturelle og sosiale kulturberarar og at sjåartal åleine ikkje må styre programprofilen. Fleirtalet er samd med departementet i eit slikt grunnsyn.

       Fleirtalet ser at TV2 enno ikkje oppfyller sine målsetjingar når det t.d. gjeld barneprogram, dramatisk stoff og breidda i den norske språkkulturen. Fleirtalet reknar med at dersom den positive økonomiske utviklinga i TV2 held fram, vil programpliktene i konsesjonsvilkåra lettare og snarare kunne bli oppnådde.

       Fleirtalet er samd med departementet i at bruken av nynorsk i NRK er utilfredsstillande ut frå føresetnadene til stiftinga NRK om at ingen av målformene skal ha mindre enn 25 % av ordsendingane i programverksemda. Fleirtalet vil difor oppmode om at NRK arbeider aktivt for å auke nynorskdelen i alle kanalane. NRK, TV2 og P4 har eit særleg ansvar for god og korrekt språkføring både på bokmål og nynorsk.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, har merket seg påstandane frå TV2 og dei kommersielle kringkastarane der dei hevdar at dei norske reklamereglane gjer det økonomisk ulønnsamt å produsere og sende barneprogram då dei ikkje kan sende reklame i tilknyting til programma. Dette fleirtalet meiner at program av alle kategoriar må produserast og sendast innanfor dei samla inntektene kanalane har, slik at store og viktige sjåargrupper ikkje vert stengt ute.

       Dette fleirtalet viser ellers til at økonomien til TV2 og P4 har vorte svært mykje betre enn ein rekna med då det vart vedteke å gje konsesjonar til dei to landsdekkjande kanalane. Ein bør såleis kunne vente at dei to selskapa intensiverer arbeidet med å følgje prinsippa som ligg til grunn for allmennkringkasting slik det kjem fram i konsesjonsvilkåra.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad vil vise til at TV2 og TV Norge har hatt sterke ønsker om å komme i gang med barneprogram, men at det særlig er de strenge norske reklamebestemmelsene som har vært til hinder for at dette har vært finansielt mulig.

       Dette medlem foreslår en endring av reklamereglene, slik at kommersielle fjernsynsstasjoner i Norge også kan starte produksjon av barneprogram.

       Dette medlem vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen om forslag om at det skal åpnes for å sende reklame i forbindelse med barneprogram. »

       Dette medlem ser på NRK som et stort pengesluk. Med et budsjett på ca 2,2 mrd. kroner som er sikret gjennom lisensinntekter har de hatt lite press på seg for å drive rasjonelt og effektivt.

       Dette medlem mener at en lisensfinansiert statlig koloss som NRK ikke hører hjemme i et moderne demokrati. Det er urimelig at alle skal være pålagt å betale en egen avgift til NRK, enten de vil benytte seg av deres programtilbud eller ikke. Dette medlem er imot at staten skal eie og drive sitt eget kringkastingsselskap, og går derfor primært inn for at NRK selges ut til private. Så lenge der er flertall for at NRK skal bestå som et statlig foretak vil dette medlem gå inn for overgang fra lisensfinansiering til betalingsfjernsyn, eventuelt kombinert med økt mulighet til å ta inn reklame- og sponsorinntekter.

       Dette medlem viser for øvrig til sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.2 (1994-1995), og fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å omgjøre NRK til betalingsfjernsyn. »

Økonomi

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, er kjent med at NRK har styrket arbeidet med økonomistyring og kostnadseffektivisering både i 1992 og 1993. Regnskapene viser en positiv utvikling, og kostnadseffektiviseringen har gitt gode resultat. Totalt er drifts-, og investeringskostnadene redusert med 12 % for radio og 1,5 % for NRK-fjernsynet. Dette er i tråd med tidligere merknader fra komiteen. Flertallet vil påpeke at kostnadseffektivisering er en permanent prosess som må fortsette selv om NRK har gjort en god jobb de siste to år.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre er kjende med at NRK har styrkt arbeidet med økonomistyring og kostnadseffektivisering dei siste åra.

       Desse medlemene ser at konkurransesituasjonen for NRK og TV2 blir hardare etter kvart som sendingar frå nye selskap og kanalar når ut til publikum. Difor meiner desse medlemene at rasjonalisering og teknisk utvikling må vera ein stadig prosess, dersom det skal ryddast rom for produktutvikling og nye oppgåver. Desse medlemene minner om at dei nasjonale kringkastingsselskapa i Europa har vore gjennom slanking på mannskapssida og likevel produserer fleire og betre program enn tidlegare. Desse medlemene viser til at tjuvtittinga er mykje utbreidd i Noreg, og at betre innkrevjingsrutinar kan skaffe NRK vesentlege inntekter. Desse medlemene viser også til at den s.k. Geminirapporten viste eit stort potensiale for innsparingar i NRK.

       Desse medlemene viser til at NRK står framfor store utbyggingsoppgåver og krevjande produksjonar dei neste åra. Difor meiner desse medlemene at NRK må prioritere sterkare, og i tillegg satse både på inntektsaukande og utgiftsdempande tiltak. Dersom NRK ikkje maktar det, vil publikum risikere store påplussingar i lisensavgifta for 1997 og utover. Desse medlemene meiner at vidare auke av lisensen ut over ordinær prisstiging, kan koma til å få ei rekke negative verknader for NRK.

Medietilbod til samane

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, har merka seg at meldinga ikkje kjem inn på medietilbod til samane. Det må etter fleirtalet sitt syn, også vere ei nasjonal målsetting å styrke samisk språk og kulturell identitet. Dette kan vi gjera ved å auka radio- og fjernsynssendingar på samisk, og produsere program som har med samiske samfunnsforhold å gjera.

Fjernsynsprogram for døve

       Komiteen meiner at døve er ei gruppe som det til nå ikkje har blitt tatt nok omsyn til. Difor meiner komiteen at det er viktig at det blir brukt eit nytt tekstsystem som gjer det lettare for fjernsynsstasjonane å tekste dei aller fleste program, også dei med norsk tale.

NRK og sponsing

       Komiteen viser til at departementet i St.meld. nr. 32 (1992-1993) og eit fleirtal i kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst.S.nr.223 (1992-1993) la til grunn eit restriktivt syn på bruken av sponsorfinansiering i NRK si verksemd.

       Komiteen viser til Dok.nr.8:32 (1993-1994) frå representantane Berg, Nakkim og Kullman Five om å avgrense den omseggripande sponsorverksemda i Norsk Rikskringkasting, jf. Innst.S.nr.170.

       Komiteen har merka seg samfunnsdebatten om sponsorverksemda i NRK og ottast at sponsing kan få uheldige verknader for NRK som institusjon og for kommersielle medier. Som eit leiande allmennkringkastingsselskap er NRK avhengig av tillit og brei oppslutning, og difor kan det lett bli negativt for omdømet dersom det kan reisast den minste tvil om verdiar som integritet, journalistisk fridom og redaksjonelt sjølvstende.

       Komiteen legg som departementet til grunn at NRK har einerett på lisensinntekter og viser til at konsesjonærane i TV2 har lovnad på einerett til reklamepengar i riksdekkjande fjernsynssendingar som blir distribuerte frå bakkesendarar i ein 10-års periode.

       Komiteen meiner § 1-1 i kringkastingslova er klar m.o.t. definisjon av sponsorverksemd, der det går fram at både direkte og indirekte tilskot må reknast som sponsing.

       Komiteen ser at sponsing i mest alle høve inneber ein risiko for at utanforståande får høve til å påverke premissar og dermed utforminga av programopplegg, innhald m.m. Komiteen seier seg difor samd med departementet i at:

       « noko av den viktigaste rolla Norsk Rikskringkasting som lisensfinansiert allmennkringkastar har, er å vere ein uavhengig kringkastar der ingen grupper, korkje politiske eller kommersielle, skal kunne påverke programprofil, programinnhald m.v. »

       Komiteen viser til dei vanskane som finst når det gjeld å avgrense sponsormidlar til NRK. Like fullt meiner komiteen at det må setjast klare grenser for omfanget av sponsinga.

       Komiteen meiner difor at det i dei årlege meldingane om verksemda i NRK vert lagt fram oversyn over kor mykje sponsinga i kvart program utgjer, og der dei ulike sponsorprosjekta kort blir omtalte. Dette gjeld både den direkte og indirekte sponsinga slik det blir gjort framlegg om i meldinga.

       Komiteen viser til det særlege problemet med program som er sponsa på førehand gjennom frittståande produksjonsselskap og kjøpte inn til NRK for utsending under NRK sitt redaksjonsansvar. Komiteen kjenner ikkje omfanget av slike program, og heller ikkje kor mykje skjult reklame som på denne måten vert formidla.

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, støttar ut frå dette framlegget om å avgrense sponsinga i NRK til 1 % av dei samla driftsinntektene i selskapet, og vil ikkje under noko omstende at denne ramma skal brytast. Fleirtalet føreset at næringslivet ikkje kan stå for meir enn halvparten av sponsormidlane. Innan den totale ramma for sponsing på 1 % skal også eventuelle provisjonar o.l. til formidlarar og andre mellomledd av sponsormidlar reknast med. Fleirtalet føreset vidare at sponsinga ikkje skal føre med seg nokon påverknad på innhald og profil i programproduksjonen, og at produsentar av alkohol og tobakk ikkje får sponse program i NRK.

       Fleirtalet reknar med at dei presiseringane som er gjorde ovanfor, vil føre til klårare grenser for sponsorverksemda i NRK.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, meiner at den årlege innsamlingsaksjonen for humanitære formål i NRK blir unntatt frå regelen om sponsing.

       Komiteens medlemer frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti og representanten Roy N Wetterstad, kan ikkje sjå nokon prinsipiell grunn til at den årlege innsamlingsaksjonen skal haldast utanfor den generelle regelen om omfanget av sponsing i NRK.

       Desse medlemene ser det som sjølvsagt at NRK som lisensfinansiert allmennkringkastar vidarefører den lange tradisjonen med årlege innsamlingsaksjonar for humanitære formål, innanfor dei økonomiske rammer NRK har til rådvelde.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil vise til Innst.S.nr.170 (1993-1994) der en samlet komité uttalte seg om sponsing i forbindelse med lov om kringkasting og de betingelser som der er fastsatt. Komiteen uttalte at:

       « Forskriftene, slik de i dag blir praktisert, mener komiteen ikke er tilstrekkelig for å ivareta intensjonene i kringkastingslova om å følge en restriktiv linje. »

       Dette medlem mener det nå er viktig å videreføre de klare signalene om en restriktiv linje hva sponsing i NRK angår, i tråd med det Stortinget ga uttrykk for så sent som i juni 1994.

       Dette medlem mener det er viktig å igjen fastslå som utgangspunkt, slik Regjeringa selv gjør i St.meld. nr. 42 (1993-1994), at

       « NRK først og fremst skal være en lisensfinansiert allmennkringkaster, og av di det er dei komersielle kringkastarane som primært skal ha tilgang til dei inntektene reklame- og sponsormarknaden gir. »

       Dette medlem er imidlertid klar over de vanskeligheter man møter når man skal forsøke å avgrense sponsing i NRK.

       Dette medlem er videre kjent med den uenigheten som er når den reelle verdien av sponsing i NRK skal fastslås. Siden Stortinget har uttrykt et klart ønske om å føre en restriktiv politikk for sponsing i NRK er det etter dette medlems oppfatning svært viktig at den reelle verdien og omfanget av sponsing i NRK framstår så nøyaktig som mulig. Et uavhengig og bredt sammensatt utvalg, nedsatt av departementet, bør derfor ha som oppgave å kalkulere verdien av sponsing i NRK. Resultatene av dette arbeidet bør meddeles Stortinget i de årlige meldinger om NRKs virksomhet.

       I St.meld. nr. 42 blir det opplyst at den samla verdien av sponsinga i NRK « truleg utgjer omlag 20-25 mill. kroner årleg ».

       Ut fra Stortingets tidligere uttalte bekymringer om omfanget av sponsing i NRK, kan dette medlem vanskelig se at det nå er riktig å i realiteten akseptere den sponsinga som i dag foregår i NRK.

       Dette medlem vil derfor gå imot Regjeringens forslag om at NRK skal kunne tillates sponsing tilsvarende 1 % av de samlede driftsinntektene til selskapet, noe som i dag vil utgjøre ca 22 mill. kroner.

       Dette medlem mener videre at mye av den indirekte eller « skjulte » sponsorvirksomhet som i dag foregår i NRK, ikke kan fortsette. For Sosialistisk Venstreparti, som ønsker å styrke NRK som den fremste allmennkringkasteren og dermed videreføre deres konkurransefortrinn i et nytt mediabilde, er en mer restriktiv politikk med hensyn til hvilke typer sponsing som skal kunne tillates i en lisensfinansiert fjernsynskanal svært avgjørende. Dersom det ikke skjer, kan dagens finansieringsmåte komme under press og kanskje i framtida miste legitimitet og oppslutning.

       Dette medlem vil på denne bakgrunn gå inn for at NRK i første omgang får anledning til en sponsing tilsvarende 0,5 % av driftsinntektene. Dette medlem vil imidlertid støtte flertallets klare begrensninger når det gjelder krav og innhold mht. sponsing i NRK.

       Videre vil dette medlem presisere at Sosialistisk Venstreparti vil følge utviklingen nøye med hensyn til hvordan et slik omfang av sponsing vil prege kanalen i forhold til sentrale verdier som integritet, journalistisk frihet og redaksjonell uavhengighet. Om uheldige eller utilsikta virkninger av sponsing i NRK vil vise seg over tid mener dette medlem det er nødvendig å ytterligere redusere omfanget av sponsinga.

       På denne bakgrunn vil dette medlem fremme følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa se til at omfanget av sponsing i NRK ikke overstiger 0,5 % av driftsinntektene. »

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad vil så lenge den høye lisensavgiften opprettholdes, støtte at det skal settes en streng begrensning for sponsorvirksomheten i NRK. Det blir dobbelt urimelig i forhold til konkurrentene hvis NRK skal få både i pose og sekk. Dette medlem er opptatt av å legge forholdene til rette for reklamefinansierte kanaler, og vil derfor holde det lisensfinansierte NRK utenfor det reklame- og sponsormarkedet det har vært forutsatt at deres konkurrenter skal leve av.

Regionsendingar i TV2

       Komiteen har merka seg at det for tida ikkje er aktuelt med regionsendingar i TV2.

5. Nærkringkasting

       Punkta nedanfor refererer seg til meldinga om nærkringkasting som vart lagt fram for Stortinget den 24. mars i år (St.meld. nr. 24 (1994-1995)), som tillegg og utfylling til St.meld. nr. 42 (1993-1994), og St.meld. nr. 31 (1994-1995) som vart lagt fram den 5. mai 1995.

Generelle merknader

       Komiteen har merka seg at utviklinga av nærkringkastinga (nærradio og lokal-TV) har gått fort frå dei første forsøksordningane i 1981-82, til det vart permanent verksemd i 1988, reklamefinansiering frå 1991 og fram til i dag.

       Komiteen slår fast at ytringsmangfald, programproduksjon og valfridom har auka mykje med etableringar av nærradio og lokalfjernsyn kringom i landet.

       Komiteen vil streke under at nærkringkastinga skal ha ei klar lokal tilknyting, både når det gjeld eigarskap, styring og programverksemd. Målsettinga er m.a. å medverke til å styrke lokalsamfunna, deira kultur og samkjensle.

       Komiteen finn det naturleg at føresetnader og rammevilkår for desse verksemdene endrar seg pga. teknologisk utvikling og nye marknadstilhøve. Slike endringar kan gje seg utslag både i programprofil, eigartilhøve og graden av lokal tilknyting.

       Komiteen har merka seg at departementet har fått evaluert den norske nærkringkastingsverksemda av medieforskaren Per Jauert, som m.a. peika på at eigarsentralisering kan redusere mangfaldet i programinnhald og profil, og at finansieringa av dei ikkje-kommersielle radioane hittil har fått liten merksemd i norsk mediedebatt.

       Då Stortinget i alle år sidan 1981 har sagt at det ikkje er ei offentleg oppgåve å drive eller finansiere nærkringkasting, er komiteen samd med departementet i at « myndighetenes rolle må begrenses til å legge de ytre rammevilkår til rette for virksomheten ».

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, meiner likevel at det framleis må vera eit politisk mål å stimulera kulturelt mangfald og breidde i radio og fjernsyn. Trass i eit sterkt utvida programtilbod i seinare år, meiner fleirtalet det er like viktig som før å satse på ein kultur- og mediepolitikk som siktar mot informasjon, folkeopplysning og kulturformidling både overfor breie og smale publikumsgrupper, ikkje minst etter kvart som presset frå kommersiell og internasjonal massekultur aukar.

       Fleirtalet ser med uro på dei særlege problema som dei opprinnelege nærradioane har fått, også ved at kommersielt kjedesamarbeid er blitt så sterkt.

       Fleirtalet viser til Innst.S.nr.223 (1992-1993), der eit breitt fleirtal meinte det var viktig at « nærradioene ikke utvikler seg til kjeder eller sendeselskaper som i realiteten blir riksdekkende ».

       Fleirtalet har notert seg påpeikinga av at regelverket har opna for eigarkonsentrasjonar gjennom danning av kjeder, ikkje minst Aller a/s gjennom sine tre selskap.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil streke under at spørsmål knytta til nærkringkasting er svært viktige for lokalmiljøa rundt om i landet. Desse medlemene meiner derfor at det ville vere ein styrke om ein i størst mogeleg grad tok med lokale styresmakter når viktige avgjerder i denne samanheng skal fattast. Desse medlemene går derfor inn for at berørte fylker og kommunar skal ha uttalerett både i forhold til endringar i konsesjonsområde og i forhold til konsesjonstildeling.

5.1 Nærradio

Generelt

       Komiteen slår fast at konkurransen innan radiosektoren har auka dramatisk - ikkje minst på grunn av innføring av P3 og P4 - og at lyttaroppslutninga om nærradioane er halvert på kort tid, frå 28 til 12-14 prosent. Komiteen ser det difor som avgjerande for nærradioens framtid at rammevilkåra vert betra.

       Komiteen minner om at føresetnaden frå Stortinget ved innføringa av P4 var at nærradioane ikkje skulle bli skadelidande, jf. Innst.S.nr.163 (1990-1991) og Innst.S.nr.223 (1992-1993).

       Komiteen minner også om at kyrkje- og undervisningskomiteen i same innstilling peika på dei tekniske tilhøva som alt då gjorde stoda særs vanskeleg for mange nærradioar i tillegg til økonomiske problem.

       Komiteen vil stadfeste kor viktig det er at selskapa kan tevle med tilnærma lik teknisk lyttekvalitet.

       Komiteen er glad for den dialogen og oppfølginga av dei tekniske problema som har gått føre seg mellom nærradiobransjen, konsesjonsorgana og STF. Komiteen føreset at det i heile landet blir funne løysingar på spørsmål om frekvenstildeling og teknisk kvalitet på signala. Komiteen meiner at målet må vera å betra signalkvaliteten så langt det er teknisk mogleg opp mot riksradionivå i konsesjonsområda.

       Komiteen vil vise til den effektivisering og kvalitetsbetring som ligg i innføring av ny teknologi og data-avvikling i programverksemda.

Sendetid

       Komiteens fleirtal, alle unnateke Arbeidarpartiet, vil gå mot framlegget om berre å tildele konsesjon til ein søkjar i kvart konsesjonsområde.

       Der det er to frekvensar eller meir, vil fleirtalet at dei interesserte søkjarane finn fram til samarbeidsformer som gir betre tilgang til samanhengande sendeflate på det eine sendernettet.

       Der det er to frekvensar, stør fleirtalet prinsippet om at kommersiell radio disponerer sendetida på ein frekvens og at ideelle nærradioar disponerer den andre.

       Der kommersielle radioar og organisasjonsradioar sjølve ønskjer å dele sendetid på ein frekvens, må det vera mogleg. Der det er to frekvensar eller meir, vil fleirtalet peike på at ved tildeling av konsesjon, bør det leggja stor vekt på at godt eksisterande samarbeidsmønster ikkje vert brotne.

       Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ynskjer å fylgje opp merknaden frå ein samla komité i Innst.S.nr.223, Media i tida, og er skeptisk til framlegget om ei skarpare inndeling mellom kommersielle radioar og organisasjonsradioar. Dersom ein « kommersiell » konsesjonssøkjar skal få einerett i sitt område, og « organisasjonsradioane » ikkje skal få sendetid før kl. 1800 om kvelden, ser mindretalet det i praksis vil vera kroken på døra for mange radioar av ideell, humanitær og religiøs art.

       Mindretalet vil på denne bakgrunn gå inn for at organisasjonsradioene skal få sendetid mellom kl. 0600 og kl. 1800 også i områder der det berre er ein frekvens.

       Komiteens medlemer frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti gjer fylgjande framlegg:

       « Alle nærradioar med konsesjon skal ha høve til å sende program mellom kl. 06.00 og kl. 18.00, også i område med berre ein frekvens. »

       Et annet mindretall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, har registrert at det har vært en del forvirring rundt begrepene « kommersiell allmennradio » og « organisasjonsradio ». Det presiseres at begrepene er et forsøk på å skille mellom en hovedradio og andre konsesjonærer med mindre sendetid. De fleste konsesjonærer driver kommersielt da de er avhengig av inntekter fra markedet eller lytterne. Inntektsgrunnlaget varierer mellom reklame, bingo, gaver o.l. Det vil heller ikke innføres et forbud mot at de ideelle radioene kan drive med kommersiell virksomhet som reklamesalg, bingo osv. Forslaget vil innebære at de radioene med best allmennprofil og et trygt økonomisk fundament vil få konsesjon for den største sendeflaten. Dette betyr ikke at organisasjonsradioene ikke kan sende i tiden 06-18 dersom allmennradioen med konsesjon i denne tiden ønsker det. Svært mange steder er det allerede etablert et godt lokalt samarbeid mellom ulike aktører, og slikt samarbeid skal selvsagt kunne fortsette der man ønsker det. Det er også mulig for flere nærradioer å gå sammen for å få en hovedkonsesjon, og det er ønskelig at et samarbeid for å oppnå dette utvikles der dette er aktuelt.

Storleiken på konsesjonsområda

       Komiteen er samd i at konsesjonsområda geografisk bør kunne gjerast større enn i dag, og seier seg nøgd med at ein heretter i større mon skal ta omsyn til kulturgrenser, handelsområde og kommunikasjonar enn til einskilde kommunegrenser som no. Komiteen finn det tenleg at dette skjer i samråd mellom Statens medieforvaltning, Statens teleforvaltning og Norsk Nærradioforbund. Komiteen meiner likevel at det framleis skal kunne søkjast om konsesjon for mindre område, t.d. ein kommune, då det ikkje må diskriminerast mot mindre radioar.

       Komiteen vil ha fleksible reglar m.o.t. storleiken på konsesjonsområda. Komiteen finn ingen grunn til at t.d. godt fungerande bygderadioar - som ofte er blanding av journalistradio og organisasjonsradio, finansiert med reklame, friviljug lisens, bingo og dugnad - ikkje skal kunne rekne med ei trygg framtid. Komiteen meiner det er unødvendig med ei fast nedre folketalsgrense, då tilhøva i Noreg er særs ulike frå distrikt til distrikt, både topografisk og på anna måte. Komiteen minner om at kulturelt einskaplege område, som og frå naturen si side høver godt for nærradio, ofte vil ha færre enn 50.000 innbyggjarar.

Talet på frekvensar

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, og representanten Roy N Wetterstad, ser at i landet vårt kan topografiske tilhøve laga vanskar for fullgod formidling av radio- og fjernsynssignal. Samstundes bør ein, der det er teknisk mogleg, leggje til rette for ytringsmangfaldet gjennom fleire frekvensar.

       Fleirtalet gjer fylgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa sjå til at der det ligg til rette for det, bør det kunne skipast minst to frekvensar for at kommersielle radioar og organisasjonsradioar kan få tilfredsstillande sendevilkår på kvar sin frekvens. »

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og representanten Roy N Wetterstad, er enig i at det er behov for et klarere skille mellom kommersielle allmennradioer og organisasjonsradioer hvis nærradioene skal ha noen mulighet til å hevde seg i konkurransen med de riksdekkende kanalene. Dette flertallet mener dette best kan løses ved å gi de to tilbudene hver sine frekvenser. Der hvor det av tekniske årsaker ikke er mulig å ha mer enn en frekvens bør frekvenskapasiteten deles mellom kommersiell allmennradio og organisasjonsradio.

       Dette flertallet viser til at departementet påpeker at det er ønskelig og mulig å tildele et betydelig antall nye frekvenser. Der hvor det bare er en frekvens, vil dette flertallet støtte en oppdeling av sendetiden i tråd med departementets forslag.

Lengd på konsesjonsperioden

       Komiteens fleirtal, alle unnateke Høgre og representanten Roy N Wetterstad, vil understreke forslaget om å gjennomføre konsesjonstildelinger på fem år, men at hovedregelen skal være at konsesjonene fornyes for nye fem år dersom konsesjonæren har overholdt konsesjonsvilkårene og andre regler.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad vil ha meir stabile og påreknelege vilkår for planlegging og drift enn hittil, og vil difor ha konsesjonsperiodar på ti år, subsidiært fem år med automatisk fornying av perioden dersom verksemda har halde seg til norsk lov.

       Desse medlemene gjer fylgjande framlegg:

       « Konsesjonsperioden for nærradio vert sett til ti år. »

Vilkår

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil fremheve den muligheten nærradioene har til å styrke lokalmiljøene, både lokal kultur, samhørighet og identitet. Derfor legges det vekt på at lokalt produsert stoff må være basis i disses programprofil. Kravet til egenproduksjon bør, slik det er foreslått fra departementet, tilpasses den enkelte radios lytterpotensiale. Det gir radioer med mindre konsesjonsområder og begrensede ressurser mulighet til å søke om å benytte mer enn 25 % eksternt programstoff.

       Dersom nærradioer med enten lave lyttertall og/eller små ressurser søker om en utvidelse ut over 25 %, skal dette etterkommes dersom dette vil bedre disse muligheter til å kunne sende program.

       Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, finn det rimeleg at dei små radioane med lite ressursar kan få høve til å nytte opptil 50 % eksternt programstoff, mot 25 % i dag.

       På denne bakgrunn vil desse medlemene gjera fylgjande framlegg:

       « For å betra sin konkurransesituasjon kan dei mindre nærradioane nytta opptil 50 % eksternt programstoff. »

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet, vil peke på at det ved konsesjonstildeling legges vekt på erfaring fra nærradiodrift, programplaner, økonomisk fundament o.l. Det er en forutsetning når det gis konsesjon at det også stilles krav om innhold og kvalitet slik at lokalbefolkningen kan sikres et best mulig tilbud. Dette vil videre bidra til at flere konsesjonærer går sammen og utvikler en ny konsesjonssøknad med et bredest mulig tilbud. Å legge vekt på tidligere virksomhet vil være med å sikre eksisterende nærradioer videre drift, og bidra til å unngå at nye søkere konkurrerer ut eksisterende nærradioer.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti og representanten Roy N Wetterstad meiner at ved vurderingane av søknader om konsesjon bør det leggjast vekt på orden i økonomi og rekneskap, erfaring og kompetanse.

       Derimot meiner desse medlemene at styresmaktene ikkje kan stille førehandskrav til programprofilen.

Samsending

       Komiteen ser samsendingar som eit middel til betre programtilbod og meir effektiv ressursutnytting. Komiteen ser og slikt samarbeid som eit middel mot oppkjøp. Komiteen meiner som departementet at dei lokale konsesjonærane sjølve må få velja, ut frå eigne ønskje og interesser, kva samarbeidspartnarar dei eventuelt vil ha, t.d. NRK, sentrale produsentar, andre konsesjonærar eller ein kombinasjon av desse.

       Komiteen viser til at det fleire stader er etablert godt samarbeid bl.a. om sendetid mellom ulike typar nærradioar. Komiteen ser det som positivt at fleire nærradiokonsesjonærar legg vinn på dette.

Økonomi

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil påpeke at nærradioer henter sine inntekter fra det samme markedet som lokale idrettslag og foreninger. Spesielt er dette tilfellet når det gjelder bingo, lotteri og andre spill. For ikke å ramme det lokale kulturlivets inntektsgrunnlag, og dermed svekke deres inntektsmuligheter, vil en holde fast ved det regelverket som gjelder på dette området.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad meiner elles at økonomien til nærradioane kan betrast gjennom romslegare vilkår for reklame, bingo, lotteri og andre spel.

Audiovisuelt produksjonsfond

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at det Audiovisuelle Produksjonsfondet har vore gjennom ein tildelingsperiode. Signala frå dei ulike faggruppene tyder på at den praksisen fondet har lagt seg på, er tilfredsstillande. Det vert tilrådd at denne praksisen, med dei røynsler som er gjorde etter eitt år i drift, vert ført vidare. Ein ser det ikkje tenleg at desse midla vert disponerte på førehand av Stortinget, men vert overlate til dei faggruppene som har kompetanse på området. Det vert presisert at Stortinget gjennom den årlige budsjetthandsaminga sett rammer og mål for fondet. Styret med sin kompetanse og røynsle og som representerer dei ulike fagmiljøa, står for den konkrete tildelinga.

       Fleirtalet viser til at det er eit stort behov for opprydding i nærradiotilbodet i Noreg. Fleirtalet viser til at det alt er etablert eit godt samarbeid mange stader, og at dette sjølvsagt kan halde fram der ein ynskjer det. Det er også mogleg for fleire nærradioar å gå saman for å få ein konsesjon, og det er ønskjeleg at eit slikt samarbeid blir utvikla der dette er aktuelt. Fleirtalet meiner at det for å stimulere til bindande samarbeid blir innført eit eingongstilskot frå AV-fondet til nærradioar som går saman. Slik kan ein med positive verkemidlar stø ei utvikling mot sterkare nærradioar i det einskilde konsesjonsområdet. Dette skal løyvast frå AV-fondet og det kan søkjast om dette fram til konsesjonstildeling. Departementet blir bede om å utforme nærare kriteriar for løyvingane. Elles skal føresegnene til AV-fondet følgjast.

       Komiteens mindretal, medlemene frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, stør at Audiovisuelt Produksjonsfond alt no nyttar ein del av midlane sine til prosjektstøtte, kurs, kompetanseheving, utstyr og heving av teknisk kvalitet, og ymse profesjonaliseringstiltak for nærkringkastinga. Mindretalet finn det rimeleg at om lag 1/4 av fondet går til denne sektoren og vil ikkje at snaue midlar frå denne potten skal nyttast til fusjoneringstilskott.

5.2 Lokalfjernsyn

Generelt

       Komiteen konstaterer at lokalfjernsynet har hamna i ei bakevje i ein bransje som elles er i sterk utvikling.

       Komiteen viser til at lokalfjernsynet som medium har hatt store problem med å utvikle seg etter føresetnadene, og at det har vore vanskeleg å planleggja langsiktig drift.

       Komiteen ser at fjernsynsproduksjon og -drift er langt meir kostnadskrevjande enn t.d. nærradio, samstundes som tevlinga frå nasjonale og internasjonale kanalar har auka mykje på 1990-talet.

       Komiteen vil difor ha betre og meir stabile rammevilkår for norsk lokalfjernsyn. Komiteen er kjent med at den økonomiske situasjonen i dei fleste selskapa er kritisk, mange selskap har negativ eigenkapital og fleire har gått konkurs.

       Komiteen meiner at lokalfjernsynet har potensial som eit interessant medium for ytringar, nyhende, informasjon, lokal samkjensle og identifikasjon.

       Komiteen vil streka under at lokalfjernsyn framleis skal vera eit lokalt medium til ufylling av det nasjonale og regionale programtilbodet. Samstundes er komiteen kjent med undersøkingar som viser at auka og betre programproduksjon er umogleg utan tryggare inntekter. Komiteen viser til fråsegner frå BI og frå selskapa sjølve, der det blir hevda at profesjonell lokalfjernsynsverksemd ikkje lenger kan haldast oppe utan høve til samarbeid og sentral programleveranse.

       Komiteen innser at utan ein samanhengande programmeny som inneheld både lokalt og eksternt programstoff, vil det òg vera vanskeleg å trekke til seg dei reklameinntektene (nasjonalt/regionalt/lokalt) som er naudsynte for å utvikle satsinga på den lokale programsida.

       Komiteen minner om den grunnleggjande målsetjinga at lokalfjernsynet skal vera eit lokalt medium, og meiner såleis at dette mediet må ha lokal forankring på eigarsida og virke innanfor rammer som til kvar tid gjev det einskilde selskapet redaksjonell fridom utan overstyring.

       Komiteen viser til overslag frå BI som viser meir enn ei tidobling av reklamevolumet frå 1990 til 1997, frå 130 mill. kroner til 1.700 mill. kroner. Då lokal-TV sin del av dette (1993) er berre på 1-2 %, meiner komiteen at det må vera mogleg for lokal-TV å få ein større del av potensialet.

       Komiteen viser til den enerett TV2 har til å sende riksdekkende reklamefinansiert fjernsyn, og vil legge til at denne eneretten følger av de forpliktelser TV2 har påtatt seg gjennom konsesjonsbehandlingen. Det er videre en politisk målsetting for komiteen å legge gode rammevilkår for våre norske allmennkringkastere slik at våre kulturpolitiske målsettinger i størst mulig grad kan oppnås. Dette gjelder hensynet til norsk språk, kultur og identitet. Det vises i den sammenheng til TV2s konsesjonsvilkår pkt. 6. Det er videre en forutsetning for denne eneretten til reklamefinansierte riksdekkende sendinger at TV2 oppfyller de krav om formidling som er fastlagt, og at de resterende konsesjonsvilkår oppfylles.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til reklameforbudet som var en forutsetning da Stortinget vedtok igangsetting av lokal-TV. I 1986 ble det åpnet for bingo og det ble satt igang forsøk med betalingsfjernsyn. Reklame i Lokalfjernsyn ble først tillatt i 1991, men da med en avgift til en særskilt fondsordning. Denne ble tatt bort i 1994. På bakgrunn av dette er det riktig å påpeke at Stortinget systematisk har bedret det økonomiske grunnlaget for lokalfjernsyn. I tillegg er det endret på reglene for lokalt produsert materiale og det er innført en direkte statlig støtte til utvikling av bransjen.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner det ville vere ein føremon i den mediepolitiske debatten dersom det låg føre klåre definisjonar på kva som vert meint med riksdekkjande sendingar. Dette mindretalet finn det utilfredsstillande at Kulturdepartementet i dette spørsmålet viser til at reklamebyråa definerer 60 % sjåaroppslutning som riksdekning, utan sjølv å ha ei oppfatning. (Brev til Senterpartiets gruppe 25. mai 1995.)

Samarbeidsmodellar

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, ser det fortenestfullt av departementet å skissere ymse former samarbeidstiltak på økonomi- og programsida. Fleirtalet meiner at dei lokale selskapa og bransjen sjølv er dei næraste til å vurdere løysingar og føre tingingar om slike. Fleirtalet ser det som eit ansvar for bransjemedlemmene å søkje seg fram mot vilkår og avtaleverk med partar som dei finn det tenleg å samarbeide med.

       Komiteens mindretall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, er enig i departementets vurdering av behovet for eksterne programsamarbeidspartnere for å kunne gi lokalfjernsynsstasjonene mulighet for å supplere den lokale programproduksjonen. Dette er en forutsetning for å fylle en sendeflate ut over det lokalfjernsynet har mulighet til selv å produsere. Dette kan innenfor dagens regelverk gjøres på tre måter:

- sentral programleveranse og lokal redigering av programtilbudet
- betalingsfjernsyn basert på satellittkanaler uten reklame
- samarbeid med en eventuell ny fjernsynskanal i NRK

       Mindretallet slutter seg til de vurderinger som gjøres av departementet, og vil påpeke at det innenfor disse løsningene er mulig å sikre eksterne programleveranser. Når dagens praksis med direkte videresending av kommersielle satellittkanaler er opphørt, vil det være naturlig for lokalfjernsynsselskapene å innlede et samarbeid med TV2. Stortingets behandling av TV2s rammevilkår slo fast at det skulle brukes lokale samarbeidspartnere, og det vil være naturlig at lokalfjernsynsselskapene også bidrar til programproduksjon for TV2. Dette vil forutsette et samarbeid også på teknisk og journalistisk grunnlag. Dermed er lokalfjernsynet sikret en samarbeidspartner som kan tilføre disse kompetanse.

Storleik på konsesjonsområda - talet på konsesjonar pr. område

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, og Senterpartiet, viser til BIs utredning og Norske Fjernsynsselskapers Landsforbunds uttalelser om at det er ønskelig med kun en konsesjonær i hvert område, og NFLs ønske om større konsesjonsområder. Flertallet ser nødvendigheten av å bedre lokalfjernsynets rammevilkår slik komiteen ba om i brev til departementet av 10. juni 1994, og vil derfor slutte seg til Regjeringens forslag på dette område. Det forutsettes at Statens Medieforvaltning i samråd med Statens Teleforvaltning og NFL fastsetter konsesjonsområdene før utlysning. Dette forslaget vil medføre at vi får en levedyktig struktur, og ikke bare viderefører dagens ordning som ville medført at lokalfjernsynet fortsatt ville ha slitt med store problemer.

       Komiteens mindretal, medlemene frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, er samd med departementet i at konsesjonsområda mange stader kan gjerast større, men vil heller ikkje for lokalfjernsynet sin del låse områda til bestemte nedre eller øvre folketal.

       Eit anna mindretal, medlemene frå Høgre og medlemen Roy N Wetterstad, meiner prinsipielt at ingen som ønskjer å sende, og som fyller konsesjonskrava, bør stansast på grunn av mangel på frekvensar.

       Dette mindretalet føreset såleis at alle som fyller dei formelle vilkåra har krav på konsesjon, men reknar med at marknaden og røynslene hittil vil føre til svært få konsesjonssøknader pr. konsesjonsområde.

Konsesjonsperiodens lengde

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, støtter departementets forslag om at konsesjonsperioden vert sju år.

       Komiteens medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad finn det naturleg at konsesjonsperioden vert ti år for å sikre omsynet til pårekneleg planlegging og jamn drift best mogleg.

       Desse medlemene gjer fylgjande framlegg:

       « Konsesjonsperioden for lokal-TV vert sett til ti år. »

Undervisningsfjernsyn

       Komiteen syner til dei merknadene fleirtalet hadde i Innst.S.nr.223 (1993-1994) om undervisningsfjernsynet sine føremoner og utsikter ved lokalkringkasting. Det blir utvikla nye føremoner for å nytte nærkringkasting i undervisningsføremål. Departementet blir bede om å følgje dette opp ved utlysing og tildeling av nye konsesjonar slik at det blir høve til å kunne drive undervisningsfjernsyn også gjennom nærkringkasting.

       Komiteen ber departementet om at det ved utlysing og tildelingar av nye konsesjonar for lokal-TV blir opna for at universitet, høgskular og folkehøgskular som ønskjer det, kan få konsesjon til undervisningsfjernsyn. Dersom nye undervisningsfjernsyn ønskjer å etablere seg i den komande konsesjonsperioden, må det vurderast å tildele desse konsesjon utan nye konsesjonsrundar.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad vil utanom dette også peike på nokre andre tilhøve som vil kunne verke positivt for lokalfjernsynet, og som ein ber departementet følgja opp overfor dei rette instansane:

- høve til direkteavvikling (samsending) mellom lokale TV-stasjonar,
- høve til sterkt auka sendeeffekt frå lokal-TV-sendarane,
- eigne sponsorreglar for lokal-TV, då lokale forhandlarar må kunne nemnast i tillegg til varemerket for å gje betre verknad og auka inntektsgrunnlaget lokalt,
- sjå på romslegare reglar for reklame, bingo, lotteri og andre spel i nærkringkastinga.

6. Vidaresending - inkludert Dok.nr.8:38

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, meiner at når det gjeld striden om kor vidt lokalselskapa skal kunne formidle direkte og reklamefinansierte sendingar frå TV-Norge, sett i forhold til konsesjonsavtalen for TV2, vil fleirtalet legge vekt på at Stortinget i samband med vedtaket om å opne for eit uavhengig og reklamefinansiert TV2, føresette at TV2 skulle ha einerett til å sende riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn over bakkesendarar. Fleirtalet minner om at Stortinget også la til grunn at lokalfjernsynsselskap ikkje samstundes og uendra kan vidareformidle satellittfjernsyn med reklame som del av sitt programtilbod.

       Fleirtalet viser til at Stortinget samstundes oppheva det avgrensa høvet som enkelte konsesjonærar hadde hatt til formidling av slike program, jf. lov av 9. juni 1989. Denne lova vart oppheva med lov av 21. desember 1990 og sett i verk frå 1. juli 1992.

       Når fleirtalet dreg den konklusjonen at ein stør framlegget frå departementet om at slik formidling av satellittsendingar framleis skal vera forbode, er det fordi fleirtalet meiner det er korrekt å legge størst vekt på omsynet til dei pliktene Stortinget har teke på seg overfor TV2 når det gjeld inntektsgrunnlaget for dette selskapet, som motyting for den økonomiske risikoen og dei kultur- og samfunnspliktene TV2 har teke på seg.

       Fleirtalet vil på bakgrunn av det ovanforståande gå imot forslag nr. 1 i Dok.nr.8:38 (1994-1995) frå representanten Simonsen.

       Komiteen kan heller ikkje sjå at det er naudsynt no å utrede dette nærare juridisk, og går imot forslag nr. 2 frå representanten Simonsen.

       Komiteens mindretal, medlemene frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, vedgår at det ikkje er uproblematisk å halde fast på forbodet mot direkte vidaresending av program med reklame, både av omsyn til økonomien i lokalfjernsynsselskapa og av omsyn til sjåarane. Mindretalet meiner avgjort at ein ikkje i lengda kan halde fram med ein praksis, der ein gjennom lovverket hindrar sjåargrupper i å ta imot lovlege norske fjernsynssendingar når desse vert formidla på ein bestemt måte. For sjåarane er teknikken mindre viktig; for dei er det avgjerande spørsmålet om dei får høve til å sjå sendingane eller ikkje.

       Mindretalet ser difor at dagens situasjon reiser prinsipielt viktige spørsmål, uavhengig av vurderingar om programkvalitet o.l.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at konsesjonstiden for TV2 utgår i år 2002.

       Disse medlemmer finner det vanskelig på det nåværende tidspunkt å vurdere kriteriene for en konsesjonstildeling som skal foregå om 7 år.

       Disse medlemmer er opptatt av å understreke TV2s ansvar for å oppfylle konsesjonsvilkårene, og finner det oppsiktsvekkende at det oppfordres til at TV2 kan slippe unna sine konsesjonsforpliktelser gjennom en reforhandling av kontrakten før perioden er omme. En reforhandling om konsesjonsvilkår om et så viktig vilkår som eneretten til riksdekkende reklamefinansiering, vil etter disse medlemmers oppfatning kunne få store konsekvenser for TV2s dramaproduksjon, barneprogram og evt. TV2 tilknytning til Bergen.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre meiner at ein alt no bør ta sikte på at forbodet som TV-Norge er råka av, vert oppheva når konsesjonsperioden for TV2 går ut. Desse medlemene ber departementet ta dei nødvendige stega for å legge til rette for ei oppheving av forbodet.

       Desse medlemene ser at ei slik oppheving i praksis kan gjennomførast tidlegare enn planlagt dersom TV2 sjølv skulle finne å søkja om ei reforhandling av kontrakten før perioden er omme.

       Desse medlemene gjer fylgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa legge til rette for ei oppheving av forbodet mot vidareformidling av lovlege norske fjernsynssendingar når konsesjonsperioden for TV2 går ut. »

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad mener det er takket være samarbeid med TV-Norge og andre om direkte videreformidling av satellittsendte program, at lokal-TV har maktet å overleve gjennom vanskelige tider. Det vil være i strid med viktige rettsprinsipper og internasjonale avtaler å stanse slik videreformidling. Dette medlem er ikke enig i at konsesjonsvilkårene til TV2 er til hinder for at direkte videreformidling av satellittsendte program kan fortsette. Dette medlem viser til Dok.nr.8:38 fra representanten Simonsen og fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om nødvendige lovendringer slik at lokal-TV-selskap gis adgang til videreformidling av norske og utenlandske satellittsendte TV-program. »

       « Stortinget ber Høyesterett avgi en betenkning om forbudet mot lokal-TV-selskapenes videreformidling av satellittsendinger og forbudet mot riksdekkende etersendinger for andre selskap enn NRK og TV2 i forhold til Grunnlovens § 100 om ytringsfrihet, § 101 om næringsfrihet samt Grunnlovens prinsipper nevnt i § 112, i samsvar med Grunnlovens § 83. »

       Dette medlem vil subsidiært støtte en lengst mulig overgangsperiode for direkte videreformidling med reklame.

7. TV2 og lokalfjernsyn

       Komiteens fleirtal, medlemene frå Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, viser til at skipinga av TV2 i stor grad vart bore fram av politiske ønskje om større mangfald i media, breiare deltaking frå fleire miljø, styrking av norsk audiovisuell kompetanse og utvikling av nye lokale produksjons- og sendeselskap. Fleirtalet viser til at departementet i Ot.prp. nr. 55 (1989-1990) m.a. skreiv at:

       « TV2 bør få ein viss distriktsprofil (...) lokalfjernsynsselskap og andre uavhengige produsentar vil her kunne vera viktige programleverandørar på forretningsmessig grunnlag (...) departementet vil stille krav om at ein monaleg del av dei norske programma skal vera produserte i distrikta. »

       Fleirtalet viser til at stortingskomiteen i Innst.O.nr.2 (1990-1991) sa seg samd med departementet i at

       « lokale fjernsynsselskap snarast mogleg må få høve til å finansiera drifta med reklamesendingar. Med dette får lokale fjernsynsselskap høve til å få ein god økonomi. God økonomi er viktig dersom lokale fjernsynsselskap skal vere programleverandørar til TV2, og dermed sikre TV2 sin distriktsprofil. »

       Endeleg viser fleirtalet til utsagnet om at

       « rammevilkåra for lokalfjernsynsselskapa må vere slik at dei kan oppfylle intensjonane om auka programproduksjon lokalt, og samstundes kunne vera stoffleverandørar til TV2. »

       Fleirtalet slår fast at desse målsetjingane berre i mindre grad er nådde.

       Fleirtalet meiner at TV2 no må ta utfordringane vedrørande lokal-TV alvorleg ved å utvikle eit samarbeid som kan styrke lokale nyhendeleveransar, kjøp av ymse programtypar av allmenn interesse, og tiltak for kompetanseoverføring, personellutvikling osv.

       Fleirtalet meiner at TV2 må utvikle eit samarbeid med lokalfjernsynet i tråd med dei perspektiv og ynskjemål som Stortinget tidlegare har gjeve uttrykk for. Fleirtalet ser det som eit mål at lokal-TV får levevilkår og rom for utvikling, gjennom praktisk samarbeid om innkjøp og sending av program, salsarbeid m.v.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil påpeike at Stortinget fleire gonger har stadfesta at direkte vidareformidling av satellittkanalar med reklame, er forbode.

       Dette fleirtalet peikar på at departementet i stortingsmeldinga skisserer fleire moglege modellar for drift av lokalfjernsyna. Fjernsynsselskapa må ut ifrå dette stå fritt til å velge ei eigna organisasjonsform, ut ifrå sine lokale føresetnader. Som skissert i meldinga kan dette til dømes vere:

- samarbeid mellom fleire lokale fjernsynsselskap, med eventuelt felles innkjøp av program, samt annonsesamarbeid,
- samarbeid med NRK, TV2 eller andre aktuelle kompetansemiljø.

       Slike former for samarbeid må sjølvsagt skje i samsvar med gjeldande lover og reglar.

       Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti er kjent med at ein del lokalfjernsynsselskap formidlar direktesendingar med reklame for å få økonomi til å produsere lokalt programstoff, sjølv om det er i strid med Stortingets føresetnader, og dermed er melde til politiet av Statens Medieforvaltning.

       Mindretalet vil at dei lokalfjernsynsselskapa som ønskjer det, skal kunne styrkast gjennom samarbeid med TV2. Mindretalet ber departementet medverke til at det vert sett i gang tingingar mellom lokalfjernsynet og TV2 snarast.

       Eit anna mindretal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, reknar med at ein viss overgangsperiode er naudsynt for å få til tilfredsstillande samarbeidsløysingar.

       Dette mindretalet vil at resultatet av tingingane må vera klare seinast innan 1. oktober 1995 og at direktesendt vidareformidling med reklame samstundes vert stoppa.

       Dette mindretalet reknar med at departementet held Stortinget orientert om utviklinga i saka.

       Dette mindretalet legg til grunn at alle dei konsesjonærane som hittil har produsert lokalt programstoff, må få høve til å inngå samarbeid med TV2 eller andre aktuelle samarbeidspartnarar som dei måtte ønskje.

       Dette mindretalet gjer fylgjande framlegg:

       « Stortinget ber departementet ta initiativ til utvida samarbeid mellom lokalfjernsyn og TV2.

       I overgangsperioden fram til 1. oktober 1995 kan direktesendt vidareformidling med reklame halde fram. »

8. Eigarskap i nærkringkasting

       Komiteen viser til reglane som gjeld i dag, framlegg frå fleirtalet i Eigarskapsutvalet og høyringsfråsegnene som er komne inn.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, finn det rett å halde oppe skiljet mellom programselselskap og distributør i mediepolitikken, og er difor samd i at kabelselskap ikkje skal ha eigen konsesjon til nærkringkasting.

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialisisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til dagens regelverk som setter klare begrensninger på kommuners og kommunale organers deltagelse i drift av nærkringkasting. Dette flertallet er av den oppfatning at dette fortsatt bør gjelde. Etter søknad kan det i spesielle tilfeller gjøres unntak fra dette regelverket. Dette gjelder i de tilfeller der det er aktuelt å ta over en enekonsesjon som ellers ville gått inn. En forutsetning er at ingen andre aktører fremmer søknad, og at det blir arbeidet aktivt for å finne nye eiere og drivere. Dette flertallet vil peke på at nærkringkastingsselskap som eies fullt ut av et offentlig organ vil representere en uheldig maktkonsentrasjon, og være i strid med de grunnleggende vurderinger av media som en viktig kritisk og overvåkende aktør i demokratiske prosesser. Dette bør ikke være til hinder for at det blir gitt anledning til å drive en informasjonskanal som blir formidlet over kabel.

       Eit tredje fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til at den største gruppa av høyringsinstansar vil ha avgrensa regulering av eigarskap i nærkringkasting eller ingen regulering i det heile, ut frå omsyn til dei økonomiske rammevilkåra.

       Dette fleirtalet merker seg at i den mindre gruppa som er meir positive til eigarskapsregulering, finn ein dei bransjeorganisasjonane som sjølve er aktørar på nærkringkastingssektoren.

       Dette fleirtalet sluttar seg til framlegga frå departementet når det gjeld at ingen enkelt aktør skal kunne disponere meir enn 33 1/3 % av den samla nasjonale marknaden kvar for seg nærradio og lokalfjernsyn.

       Eit fjerde fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og representanten Roy N Wetterstad, er samde i at aviser på nytt skal kunne ha eigen konsesjon til drift av nærkringkasting og dei andre krava departementet gjer framlegg om for desse.

       Et mindretall, medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil understreke at ut fra demokratiske og kulturelle interesser er det nødvendig å stimulere til en politikk for medieutvikling som sikrer et allsidig og seriøst nyhetsbilde, mangfold og kvalitet i kultur- og kunnskapsformidlingen. Den kommersialiseringen og sentraliseringen som har skjedd innen massemedia i de senere år har bare forsterket dette kravet. Å motvirke eierkonsentrasjon og kulturell ensretting innen massemediene er derfor av avgjørende betydning.

       Mindretallet støtter ikke departementets forslag om å åpne for at aviser skal kunne ha egen konsesjon for drift av nærkringkasting. Mindretallet vil vise til at en slik åpning lett vil kunne føre til at enkelte aktører får en for dominerande posisjon lokalt og regionalt. Mindretallet vil åtvare mot ei slik utvikling.

       Mindretallet vil gå inn for å opprettholde dagens ordning som slår fast at aviser ikke skal kunne inneha egen konsesjon til drift av nærkringkasting, og fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa videreføre dagens regler om at aviser ikke skal kunne inneha egen konsesjon til drift av nærkringkasting. »

       Et annet mindretall, medlemmene fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, mener det er uheldig, særlig med tanke på mangfoldet, dersom en enkelt aktør disponerer for stor andel av det samlede nasjonale markedet hver for seg i nærradio eller lokalfjernsyn.

       Dette mindretallet vil derfor gå imot departementets forslag på 33 1/3 % og isteden gå inn for at ingen enkelt aktør skal kunne disponere mer enn 20 % av det samlede nasjonale markedet.

       Dette mindretallet vil på denne bakgrunn fremme forslag om at ingen enkelt aktør skal kunne disponere mer enn 20 % av det nasjonale markedet:

       « Stortinget ber Regjeringen sikre gjennom lovverket at ingen enkelt aktør verken i nærradio eller lokalfjernsyn, skal kunne disponere mer enn 20 % av det nasjonale markedet. »

       Eit tredje mindretal, medlemene frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad, vil som meldinga framheva den prinsipielle utsegna frå Redaktørforeningen:

       « Det er viktig at det offentliges styringsbehov ikke kan være annerledes for kringkasting enn for trykt presse. Det bør derfor være færrest mulig sperrer for etablering av medier. Bare når det er tekniske kapasitetsbegrensninger kan konsesjonsordninger aksepteres for mediedrift. Det må også gjelde for nærkringkastingsvirksomhet ».

       Dette mindretalet meiner likeeins at kommunar og kommunale organ ikkje skal ha eigen konsesjon til å drive nærkringkasting, då slik drift ikkje er ei kommunal oppgåve, og at dette kan føre til maktkonsentrasjon lokalt. Dette mindretalet rekner med at informasjonstrongen frå slike organ kan ordnast gjennom lokalavisene, kjøp av sendetid i nærkringkastinga eller at dei har høve til å gå inn som partseigarar i eit selskap (opp til 49 %) for å stø lokale interessenter. Dette mindretalet ser difor ingen tungtvegande grunnar til at ein kommune skal eige og drive nærkringkasting.

       På denne bakgrunn gjer dette mindretalet fylgjande framlegg:

       « Kommunar eller kommunale organ bør ikkje eige eller drive nærkringkasting. »

       Komiteens medlem, Roy N Wetterstad, ønsker mest mulig liberale regler for eierskap, og vil peke på at restriktive regler øker problemene med å få tilgang på risikovillig kapital.

9. Medie-etiske spørsmål

       Komiteen viser til at spørsmål om etiske haldningar i media er komne på dagsordenen over heile Europa etter kvart som tevlinga innan presse og elektroniske media hardnar til og journalistikken tyr til metodar som tidlegare var ukjende.

       Komiteen har merka seg omtalen av medie-etiske spørsmål i St.meld. nr. 32 (1992-1993) og finn det føremålstenleg at departementet innleier samarbeid med partane om å få til eit fagleg og rasjonelt system som kan ta seg av overtramp, klager på urett handsaming, sanksjonsformer og elles ta eigne inititativ i saker av meir prinsipiell art.

       Komiteen finn tanken om eit felles presse-etisk organ for alle media interessant. Komiteen meiner det må vera fornuftig med eit organ som kan samordne etikkarbeidet i dei ulike media, bygt på prinsippet om sjølvjustis og « ver-varsam-plakater ».

       Komiteen vil åtvare mot journalistiske metodar som kan vera provoserande ut frå omsyn til personvernet. Komiteen reknar med at presse- og mediainstitusjonane er på vakt mot utglidningar på dette området.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil vise til Innst.S.nr.223 (1992-1993) der et flertall, alle unntatt Høyre, ba Regjeringa om å komme tilbake til Stortinget med en utredning om en medieombudsordning.

       Bakgrunnen for en slik henstilling fra et klart flertall i Stortinget var på bakgrunn av bl.a. følgende merknader:

       « Flertallet vil understreke at det må være samfunnets oppgave å sette klare grenser for hvor langt det er akseptabelt å gå i ytringsfrihetens navn, særlig når det gjelder krenking av privatlivets fred og det enkelte menneske. Flertallet mener det er grunn til å peke på at det finnes grelle eksempler på overtramp når det gjelder dette, som f.eks. deler av ukepressen og løssalgsavisene har gjort seg skyldig i. »

       Flertallet vil understreke de argumenter flertallet den gang la vekt på når de ba om en nærmere utredning av medieombudsordningen.

       Flertallet kan ikke se at utviklingen i norsk media har endret seg på en slik måte at disse merknadene har blitt mindre aktuelle.

       Flertallet ser derfor fram til resultatet av den utredning departementet nå foretar og håper at de vurderinger flertallet framførte i Innst.S.nr.223 blir vektlagt når konklusjonen skal fattes.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad er kjende med at ei arbeidsgruppe i departementet er oppnemnt for å vurdere innføring av eit medieombod i Noreg. Desse medlemene reknar med at utvalet avviser dette, jf. handsaminga av det same spørsmålet i internasjonale fora der Noreg er med og har gått mot ideen gjennom offisielle kanalar.

       Desse medlemene har tillit til at norsk presse også i framtida vil halde ein høg etisk og moralsk standard og utøve ein effektiv sjølvjustis. Det kviler eit stort ansvar på presse og media. Ein effektiv injurielovgjeving bør vera eit vern mot overtramp frå pressa.

       Desse medlemene vil gå imot at det skal skipast eit medieombod, og er redd at dette vil kunne undergrava Pressas Faglege Utval.

10. Andre spørsmål

Vald i media

       Komiteen viser til dei tiltaka som i seinare tid er sette i verk mot vald i media, særleg « Regjeringens handlingsplan mot vold i billedmediene ». Komiteen føreset at utviklinga blir følgt nøye, også gjennom forsking, slik at eventuelt andre tiltak kan setjast inn. Komiteen stør også framlegget om å arbeide med dei meir langsiktige tiltaka mot vald.

       Komiteen vil særleg understreke foreldre- og vaksenansvaret i haldningsarbeidet for å motverke uheldige vanar blant born og unge.

       Komiteen vil streke under at skulen har ei særs viktig utfordring i å formidle kritisk bruk av media.

       Komiteen ser positivt på tiltak som tek sikte på å gjera importørar og publikum meir medvitne om vald i film, på kino, i fjernsyn og andre media, og valdsbodskap i nyare musikkformer osb.

       Komiteen sluttar seg i hovudsak til dei ymse punkta i den drøftinga av vald i media som departementet legg fram i St.meld. nr. 42.

Pressestøtte

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti er kjend med at Administrasjonsdepartementet arbeider med reglane for statleg annonsering i pressa på bakgrunn av høyringsrunden etter Viksveen-utvalets innstilling samstundes som Kulturdepartementet arbeider med reglane for pressestøtte. Som kjend kom Viksveen-utvalet med ei tilråding om at statsetatar skal stå friare i val av annonsemedium enn dei gjer i dag, slik at plikta til å annonsere i alle avisene på vedkomande utgjevarstad når dei set inn annonsar i dagspressa, fell bort.

       Dersom dette blir resultatet, vil dette få dramatiske følgjer for mange mindre riksdekkjande aviser og nr. 2 aviser.

       Desse medlemene vil understreke kor viktig det er å ha ei variert presse i landet vårt og vil såleis åtvare mot tiltak som kan svekkje ei slik målsetting.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre viser til sine prinsipielle merknader om pressestøtte og framlegg om å bygge denne ordninga ned, jf. Innst.S.nr.223, Media i tida og i alle budsjettinnstillingane i seinare år.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad viser til sine merknader og forslag om avvikling av pressestøtten i forbindelse med behandlingen av flere statsbudsjett.