2. Komiteen sine merknader
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Sosialistisk Venstreparti, ser på forslaget i dokumentet om førskuleborn sin rett til språkopplæring, som interessant. Fleirtalet ser likevel ikkje at Stortinget har tilstrekkeleg grunnlag for å fatta vedtak knytta til desse spørsmåla no.
Det er etter fleirtalet si vurdering viktig at born, døve og tunghøyrde, som har teiknspråk som sitt første språk, bør sikrast opplæring i dette så tidleg som mogleg. Fleirtalet er kjent med at døve born med døve foreldre tek til å nytta teikn før dei er eitt år, og at utviklinga elles er svært avhengig av at borna lærer språket sitt tidleg. På studiebesøk i Stockholm vart representantar frå komiteen kjent med at elevar som hadde hatt 525 t eller 15 t i veka i teiknspråkleg miljø av varierande storleik og med varierande kompetanse, var på same utviklingsnivå som sine jamngamle ved skulestart.
Fleirtalet har i tidlegare saker hatt forståing for døve og tunghøyrde sin spesielle situasjon. Deira behov for å læra språket sitt skil seg, etter fleirtalet si vurdering, klårt frå behov for spesialpedagogisk hjelp av ulik art. Fleirtalet meiner at teiknspråkopplæring må vurderast som språkopplæring, og ikkje som spesialpedagogisk tiltak.
Fleirtalet syner i den samanhangen til Innst.O.nr.28 (1994-1995) om barnehageloven, der familie-, kultur- og administrasjonskomiteen peiker på dei spesielle problema døve barn i barnehage står overfor i samband med opplæring i teiknspråk, og ber Regjeringa kome attende til Stortinget med framlegg med løysingar på dette.
Fleirtalet ser behovet for at born vert sikra eit minimum av opplæring i eige språk før skulealder, uavhengig av kompetanse i dette spesielle spørsmålet i den einskilde kommune og kortsiktige økonomiske vurderingar. Ut frå dette ynskjer fleirtalet å få utgreidd betalingsordningar mellom kommunar og mellom kommune og stat som er mest mogleg nøytrale i høve til kva tilbod ein vel. Fleirtalet ynskjer og utgreidd spørsmål om evt. foreldrebetaling for teiknspråkopplæring.
Fleirtalet ser at det kan vera vanskeleg å etablera ordningar som sikrar det einskilde born og samstundes er praktisk gjennomførbare over det ganske land, og vil påpeika at rammer og retningsliner derfor må romma stor grad av fleksibilitet.
Fleirtalet ser det som naturleg at kompetansesentra for døve og tunghøyrde og audiopedagogane som er tilsette ved Statens utdanningskontorer, får ei sentral rolle i planlegging, rådgjeving og gjennomføring av tiltak som sikrar desse borna opplæring i eige språk i førskulealder.
Fleirtalet vil på denne bakgrunn be departementet greia ut og koma med forslag til rammer og retningsliner for å sikra døve førskuleborn rett til opplæring i teiknspråk, seinast i samband med opplæringslovene.
Komiteen meiner at målsettinga må vere at døve og hørselshemma born får eit tilbod om språkopplæring i eit teiknspråkmiljø, som gjør at gruppa er på same nivå som sine jamngamle ved skulestart.
Komiteen syner til at det i forskriften § 2-4, pkt 4 heiter: « Hørselshemma born under opplæringspliktig alder, som får spesialpedagogisk hjelp, skal få tilbod om opplæring i tegnspråk. » Forskriften gjer at borna sine rettar til opplæring i eige språk, kjem klårere til uttrykk enn tidlegere. Imidlertid er komiteen gjort kjend med at denne forskriften ikkje har teke til å gjelda fordi departementet avventar eit opplæringsprogram for dei aktulle lærarane.
Det faktum at regelverket ikkje har teke til å gjelda, gjer at det i mange kommunar oppstår misforståingar om døve og hørselshemma born sine rettar. Komiteen vil be departementet kome til Stortinget med bevilgingsforslag i samband med statsbudsjettet for 1996, slik at opplæringsprogrammet kan intensiverast.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener videre at døve barns rett til opplæring i og på tegnspråk bør lovfestes og vil fremme forslag om det. Dette medlem vil også understreke at språkopplæringen må starte fra ettårsalderen. Dette betyr at alle døve og hørselshemmde barn skal ha tilbud om plass i offentlig barnehage. Der det er befolkningsmessig grunnlag for det, skal det opprettes eller opprettholdes egne barnehager med tegnspråk som kommunikasjonsform. Dette medlem mener at det må utarbeides retningslinjer for minimumskrav til antall timer, f.eks. 4-5 timer pr. dag, med tilrettelagt opplæring i tegnspråk, og fremmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til endringer i grunnskoleloven slik at døve barns rett til opplæring i og på tegnspråk blir lovfestet. »
Dette medlem viser til at PP-tjenesten er tillagt ansvar for sakkyndig utredning av døve barn. Dette medlem viser til at kompetansen på dette området ikke er tilstrekkelig utbygd i mange kommuner, og at utredningen i mange tilfeller tar svært lang tid. Dette medlem ber departementet utrede muligheten for å legge denne oppgaven inn under kompetansesentrene eller observasjonsavdelingene ved de kommunale og fylkeskommunale barnehagene. Det er en forutsetning at språkopplæring iverksettes umiddelbart etter utredning.