Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

   Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samd i at det er eit problem at menneske vert smugla inn i landet, og i så måte bryt lovverket.

       Fleirtalet viser til at utlendingsetatane registrerer ei stadig auke i talet på tellfelle av menneskesmugling. Problemet må takast på alvor og fleirtalet understreker derfor at vi har straffereglar som rammar dette.

       Fleirtalet vil ta avstand frå måten forslagsstillaren karakteriserer som menneskesmuglarar alle dei involverte i alle typar reiser utan gyldig papir. Etter fleirtalet si meining bør omgrepet nyttast om dei som driv menneskesmugling i strid med utlendingslova.

       Det mest alvorlege problem er dei som driv menneskesmugling gjennom organisert verksemd og ut frå økonomiske motiv. Vi har her å gjere med internasjonal organisert kriminalitet. Dette vert ramma av strafferegelen i utlendingslova § 47.

       Ei anna gruppe er enkeltpersonar som « låner ut » sitt utlendingspass til eit medlem av familien eller ein venn. Dette kan sjeldan karakteriserast som menneskesmugling i strid med utlendingslova, men er likevel eit brot på norske reglar, og vert ramma av straffelova § 182.

       Fleirtalet vil likevel påpeike at det alltid vil vere moralsk høgverdig når menneske ut frå medkjensle hjelper menneske i reell fare. Illegal verksemd for å hjelpe forfulgte menneske er like djupt moralsk i dag som det var under den andre verdskrigen.

       Etter fleirtalet si oppfatning kan dei menneske som kjem til Noreg utan gyldige papir ikkje automatisk reknast for å drive menneskesmugling. Det er inga foresetnad for å søkje asyl at ein har gyldige papir.

       Fleirtalet understrekar at ein på dette området må bruke det ordinære straffelovverket og fylgja ordinære strafferettslege prinsipp.

       Etter dagens reglar kan ein utanlandsk statsborgar som oppheld seg i Noreg verta utvist mellom anna dersom han gjer seg skuldig i brot på utlendingslova eller er vorten straffa for eit lovbrot - uansett på kva grunnlag han oppheld seg i Noreg. Dette skjer i stor grad i praksis.

       Fleirtalet viser til at det er heilt naudsynt med ei konkret vurdering i kvart einskild høve om utvisning skal finne stad. Dersom eit menneske oppfyller kriteria for flyktningestatus vil det vere eit brot både på noverande norsk lov og på flyktningekonvensjonen av 28. juli 1951 ikkje å innvilge asyl. Dette er eit faktum fleirtalet ikkje ynskjer å endre, sett i lys av kva det å vere flyktning, truga på livet, inneber for eit menneske. Det vil dermed vere urimeleg ikkje å vurdere ein asylsøkjar si sak fordi han kom til landet utan lovlege papir. Trugsmålet frå heimlandet kan vere like reelt sjølv om ein manglar nødvendige papir. I mange tilfelle kan det vere dei som ikkje har våga å oppsøkje dei formelle instansane som har størst trong for vern. Omsynet til dette er viktige prinsipp å ivareta, ikkje minst for eit land med lange humanistiske tradisjonar.

       Fleirtalet viser til at det er eit brot på FNs flyktningekonvensjon og menneskerettane å sende asyløsøkjarar/flyktningar attende til heimlandet når dei der framleis er truga på liv og lekam. Stortinget har i si forrige handsaming av lova ( Ot.prp. nr. 46 (1986-1987) , jf. Innst.O.nr.92 (1987-1988)) slege fast at utvisning av flyktingar berre kan skje når dei utgjer ein fare for samfunnet, eller er dømde for eit alvorleg brotsverk.

       Fleirtalet meinar at automatisk utvisning og automatisk avslag på ein asylsøknad utan ei individuell vurdering er uakseptabelt både på bakgrunn av Noreg sine internasjonale plikter, vårt lovverk og vårt moralske ansvar.

       Fleirtalet går etter dette inn for at Dok.nr.8:51 (1994-1995) vert avvist.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til begrunnelsen i Dok.nr.8:51 (1994-1995), og vil for øvrig bemerke at personer som kommer til Norge på stjålet eller falskt pass godt mulig kan være reelle flyktninger, selv om det ikke vil forekomme ofte. I de tilfeller det kan være sannsynlig at disse asylsøkerne kan være reelle flyktninger, mener dette medlem at de bør sendes til en flyktningeleir i FN-regi, helst i nærområde til hjemlandet, der de kan være trygge og få en grundig vurdering av sin mulige flyktningestatus. Dette medlem er for øvrig ikke enig i at en avvisning av asylsøkere som er kommet til Norge ved hjelp av falske pass er i strid med flyktningekonvensjonen. Når det gjelder norsk lov forutsetter selvsagt dette medlem at departementet eventuelt følger opp et stortingsvedtak i tråd med forslaget i Dok.nr.8:51 ved å foreslå nødvendige lovendringer.

       Dette medlem har merket seg at flertallet i komiteen mener at bidrag til menneskesmugling må straffes på vanlig måte og ikke gjennom utvisning. Dette medlem er selvsagt enig i at menneskesmugling må straffes på vanlig måte, men mener i tillegg at dette er en så alvorlig form for kriminalitet at det for utenlandske statsborgere må føre til utvisning.

       Dette medlem vil for øvrig minne om de betydelige kostnadene det vil medføre for norske skattebetalere dersom asylsøkere som er kommet til Norge ved hjelp av stjålet eller falskt pass får bli i landet og får sine søknader om asyl vurdert på vanlig måte. Det kan medføre lange opphold i Norge, blant annet som et resultat av de ankemulighetene som finnes. Et lengre opphold i Norge på skattebetalernes bekostning kan også gi muligheter for å opparbeide andre og nye argumenter for å få bli i landet permanent.

       Dette medlem tar opp følgende forslag:

« I.

       Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige lov- eller forskriftsforslag som medfører at asylsøkere som benytter stjålet pass, falskt pass og flybilletter kjøpt i Norge automatisk får avslått sin søknad om asyl.

II.

       Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige lov- eller forskriftsforslag som medfører at flyktninger eller andre utlendinger som aktivt assisterer asylsøkeres reise til Norge basert på bruk av stjålet eller falskt pass eller billetter kjøpt i Norge automatisk får sin oppholdstillatelse inndratt, samt blir sendt ut av landet. »