Komiteen har for øvrig ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
A. Innlemming av nye stillingar i Statens pensjonskasse
I.
Dei stillingane som er nemnde nedanfor, går inn under føresegnene i lov av 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse frå dei tidspunkta som er gitt for kvar innlemming. Vedtaket gjeld alle stillingar i den nemnde verksemda, dersom ikke anna er sagt.
1. |
Fylkesledda i Vaksenopplæringsforbundet blir innlemma med verknad frå 1. september 1992. |
2. |
Stiftelsen for helsetjenesteforskning ved Sentralsykehuset i Akershus blir innlemma med verknad frå 1. juni 1992. |
3. |
Stiftelsen Universitetsstudiene på Svalbard (UNIS) blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
4. |
Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (NKSS) blir innlemma med verknad frå 1. oktober 1991. |
5. |
Forskningsstiftelsen Step-gruppen blir innlemma med verknad frå 1. april 1994. |
6. |
Rådet for psykisk helse blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
7. |
Stiftelsen Senter for høyere studier blir innlemma med verknad frå 1. mai 1992. |
8. |
NSB Gardermobanen A/S blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
9. |
Oslo Hovedflyplass A/S blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
10. |
Nord-Norsk pensjonistskole blir innlemma med verknad frå 1. januar 1992. |
11. |
Norsk Folkehjelp blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
12. |
Stiftelsen Sosial Trygd blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
13. |
Egede Instituttet blir innlemma med verknad frå 1. august 1992. |
14. |
Statkraft SF og Statnett SF har rett til å vidareføre medlemskapen sin etter omorganiseringa 1. januar 1992. |
15. |
Statkraft Engineering A/S og Statkraft Anlegg A/S blir innlemma med verknad frå 1. juli 1993. |
16. |
H.M Kongens teneste blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
17. |
Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO) blir innlemma med verknad frå 1. april 1994. |
18. |
a) Statskog SF blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993 og b) Statskog SF - skogsarbeidarar blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
19. |
Stiftinga Unifor ved Universitetet i Oslo blir innlemma med verknad frå 1. oktober 1993. |
20. |
Institusjonar tilknytte Norsk Medisinaldepot blir innlemma med verknad frå 1. juli 1994.21. Akva Gen AS blir innlemma med verknad frå 1. januar 1995.
|
II.
Innlemmingsvedtaket gjeld tenestemenn som er tilsette:
a) |
etter innlemmingstidspunktet |
b) |
før innlemmingstidspunktet som anten har sagt seg villige til å bli medlem av Statens pensjonskasse, eller som innan tre månader etter at vedkomande er gjord kjend med at han/ho har fått rett til medlemskap i Statens pensjonskasse, seier seg villig til å bli medlem. |
B. Endringar i tidlegare vedtak om innlemming av stillingar i Statens pensjonskasse
1. |
Tilsette ved Musikkselskabet Harmonien frå 1. januar 1991. |
2. |
Tilsette ved Filharmonien frå 1. januar 1991. |
3. |
Tilsette ved Nordisk Språksekretariat frå 1. januar 1990. |
4. |
Tilsette ved Rudolf Steinerskolen i Vestfold, vidaregåande steg, frå 1. januar 1992. |
5. |
Tilsette ved Norsk Reknesentral frå 1. mars 1993. |
6. |
Tilsette ved Jordforsk frå 1. april 1992. |
7. |
Tilsette ved Statnett SF frå 1. februar 1993. |
C. Medrekning av tidlegare tenestetid
H.M Kongens teneste
I medhald av lov av 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse, § 20, 3. ledd, fastsetjer ein slike reglar om medrekning av tenestetid for arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste:
1. |
Arbeidstakarar, som no blir medlem av Statens pensjonskasse, får rekna med som tenestetid i Statens pensjonskasse, si tidlegare teneste ved H.M Kongens teneste. |
|
Går arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste over frå deltidsstilling til større deltidsstilling, eller til full stilling ved overgang til medlemskapen i Statens pensjonskasse, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i høve til arbeidstida, etter reglane i pensjonslova, § 15. |
2. |
Medrekninga fører til at arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste, i høve til reglane i pensjonslova, blir rekna som om han/ho hadde vore medlem av Statens pensjonskasse i vedkomande periode, når det gjeld regelen om opptak, utrekning av pensjonen, med vidare. |
3. |
Administrasjonsdepartementet kan i nødvendig utstrekning gi utfyllande reglar for gjennomføring av ordninga foran.
|
|
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 11. mai 1995.
|
Grethe G Fossum, |
Arne Haukvik, |
Eli Sollied Øveraas, |
leiar. |
ordførar. |
sekretær. |