Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Innlemming av nye stillingar i Statens pensjonskasse

    Dei sakene det gjeld er omtalt i proposisjonen under pkt. A1-21. Det er no slik at alle arbeidstakarar som er tilsette i staten med minst 14 arbeidstimar pr. veke og lærarar som er tilsette i statleg teneste i minst 35 % stilling, får automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse. Arbeidstakarar i ei verksemd utanfor statstenesta kan bli medlemer av pensjonskassa på dei same vilkåra som dei statstilsette når det gjeld arbeidstid, så framt Stortinget vedtek det, jf. pensjonslova § 5 annet ledd. Departementet kan òg fastsette at ei verksemd mellombels skal ha stillingar innlemma i pensjonskassa til Stortinget har gjort endeleg vedtak om det.

       Dei sakene som i proposisjonen er omtalte under punktene A til 18, er handsama etter dei generelle retningslinene for medlemskap i Statens pensjonskasse, som var dregne opp da Stortinget drøfta St.meld. nr. 11 (1976-1977), jf. Innst.S.nr.228. Sakene som er omtalte under pkt. A19-21, er handsama i samsvar med dei retningslinene som Stortinget drog opp før drøftinga av St.meld. nr. 33 (1993-1994), jf. Innst.S.nr.159.