3. Komiteens tilråding
    Komiteen viser til merknadene og rår Stortinget til å gjere slikt 
       Stortinget ber Regjeringa fylgje opp at også profesjonsutdanning kjem inn under kvoteprogrammet og at det blir etablert ei ordning med utdanningsstøtte til innføringskurs i norsk. 
       Stortinget ber Regjeringa auke kvota for studentar frå austeuropeiske land til 300. 
       Regjeringa blir oppmoda om å utarbeide regelverk og etablere ei ordning slik at u-landstudentar kan fullføre sine studier utan å kome i konflikt med reglane for opphaldsløyve. 
       Regjeringa blir oppmoda til å vurdere tilbod om reisestipend i og etter studietida for at utanlandsstudentar lettare skal kunne halde kontakt med heimlandet og vende tilbake etter avslutta studier. 
| Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 9. mai 1995. | 
| Jon Lilletun, | Jørgen Holte, | Siri Frost Sterri, | 
| leiar. | ordførar. | sekretær. |