1. Innledning
Til Stortinget.
Dette framlegget blir fremja i dokumentet:
«1. | Stortinget ber Regjeringa oppheve regelen om at undervisning skal foregå på engelsk og etablere en ordning med øremerkede tilskudd til undervisning introduksjonskurs. |
2. | Stortinget ber Regjeringa bidra til at det utvikles ordninger som også sikrer muligheter til individuell rekruttering. |
3. | Stortinget ber Regjeringa sørge for at regelverket endres slik at det i enkelte tilfeller på individuelt grunnlag kan gis anledning til også å gjennomføre et doktorgradsstudium. |
4. | Stortinget ber Regjeringa vurdere tiltak som stimulerer studenter fra utviklingsland og østeuropeiske land til hjemreise etter endt studium f.eks. ved å etablere stipendordninger for å besøke hjemlandet i utdanningstiden. |
5. | Stortinget ber Regjeringa øke kvoten for utenlandsstudenter fra utviklingsland til 1.200 og kvoten for studenter fra østeuropeiske land til 300.» |
Komiteen vil vise til at det i ei rekkje regjerings- og stortingsdokument dei siste 10 åra er trekt opp positive målsetjingar for utanlandske studentar i Noreg.
Både i Willoch-regjeringa si St.meld. nr. 66 (1984-1985) Om høgare utdanning og Harlem Brundtland-regjeringa si tilleggsmelding St.meld. nr. 19 (1986-1987) og Stortinget si Innst.S.nr.124 (1986-1987) er det framheva det positive i at utanlandske studentar vel å studere i Noreg. Komiteen har spesielt merka seg at alle desse dokumenta understreka behovet for å leggje til rette for vidare mottak av utanlandske studentar, og at Noreg må føle eit spesielt ansvar for mottak av studentar frå utviklingsland. I tillegg til det bistandspolitiske har komiteen merka seg stortingsmeldingane si presisering av det positive bidraget utanlandske studentar har for målsetjingar som internasjonalisering og kulturutveksling.
Komiteen vil vise til at Noreg som ledd i EØS-samarbeidet har forplikta seg til å leggje til rette for at fleire studentar og forskarar innanfor EØS-området får studere og forske ved universitet og høgskular i Noreg.
Komiteen har og merka seg at departementet som ledd i å utvikle det nordiske samarbeidet vil føre vidare student- og lærerutviklingsprogrammet NORDPLUS.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil understreke at tilbodet til andre utanlandsstudentar fortsatt må bli prioritert sjøl om EØS-samarbeidet har opna for at fleire studentar og forskarar innafor EØS-området får studere og forske ved våre universitet og høgskular.
Komiteen viser vidare til handsaminga av St.meld. nr. 40 (1990-1991) Fra visjon til virke, der ein samrøystes komité i Innst.S.nr.230 (1990-1991) uttaler:
« Komiteen viser til at Norge tar imot for få studenter fra andre land, særlig fra utviklingsland. Norske universiteter og høyskoler hadde høsten 1988 ca 5.000 utenlandske studenter, mens det er omlag 7.000 norske studenter ved utenlandske læresteder. Komiteen vil be departementet vurdere virkemidler for å rekruttere flere utenlandsstudenter til Norge. » |
Komiteen er kjend med at om lag 2.000 studentar av desse var frå u-land med ulike støtteordningar.
Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 14 (1992-1993) Om lov om endring i lov om utdanningsstøtte til elever og studenter uttaler komiteen i Innst.O.nr.61 (1992-1993):
« For så vidt angår spørsmål om antall studenter fra utviklingsland og fra Øst-Europa, vil komiteen komme tilbake til dette i forbindelse med den bebudede meldingen om studiefinansiering og studentvelferd eller i en annen sammenheng. » |
Komiteen er kjend med at departementet i rundskriv F-101-93 har orientert lærestadane om den nye stønadsordninga og utdanningsprogrammet, og at det skal gjelde for opptak av 600 studentar frå utviklingsland og 150 studentar frå Aust-Europa. Komiteen er også kjend med at departementet gjennom dette rundskrivet har sett krav om at undervisninga bør føregå på engelsk og vere på hovudfagsnivå. Dette har departementet i brev av 4. mars 1994 ytterlegare understreka.
Komiteen er kjend med at bakgrunnen for denne endringa var regjeringa sitt ynskje om å følgje opp Flatin-utvalet sitt forslag om ei ordning som stimulerte studentane til å skaffe seg høg kompetanse og reise tilbake til heimlandet.
Komiteen viser til B.innst.S.nr.12 (1994-1995), der komiteen uttaler følgjande:
« Komiteen meiner at tilbod om opplæring i norsk må vere ein viktig del av Noreg sin innsats for internasjonalisering, kulturutveksling og kontakt over landegrensene. Komiteen gjer framlegg om at tilskotsreglane blir endra slik at utdanningssøkjande til høgre utdanning frå u-land og Aust-Europa kan få støtte til innføringskurs slik at undervisninga også kan foregå på norsk. Komiteen er kjend med at mange austeuropeiske land manglar studium som er viktige for samfunnsutviklinga etter systemskifte, t.d. sosial- og helsefagutdanning og kommunal planlegging. Komiteen vil gjere framlegg om at u-landsparagrafen i Lånekassa bli endra til også å gjelde tilbod om kvotar for profesjonsutdanningar på norsk. » |
Komiteen ser positivt på at departementet gjennom nytt rundskriv av 23. februar 1995 har endra praksis for opptak for studieåret 1995/96 og at Stortinget sitt ynskje om eit utvida og meir aktivt tilbod delvis er teke til fylgje. Komiteen viser til at det i rundskrivet er opna for unnatak frå hovudregelen om engelskspråklege program for profesjonsutdanning på høgare nivå, og at det kan gjevast utdanningsstøtte til innføringskurs i norsk.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil peike på at innføringsprogrammet i norsk ikkje berre lærer dei utanlandske studentane eit språk dei skal studere vidare med, men også lærer dei å bli fortruleg med det å vere student i Noreg.
Fleirtalet er kjent med at mange austeuropearar tidlegare har lært russisk og kan lite engelsk, sjølv med høgare utdanning. Desse må truleg ta engelskkurs for å kunne ta eit fagstudium på engelsk i Noreg. Dette gjeld også til dømes fransktalande afrikanarar eller spansktalande latinamerikanarar.
Fleirtalet viser til at det i dag finst 19 universitet i Aust-Europa med norskundervisning. Mange søkjarar frå Aust-Europa vil kvalifisere seg for å verte norsk-lærarar ved desse institusjonane i heimlandet. Andre søkjarar som har teke forkurs i norsk, vil nytte denne kunnskapen som tolk eller omsetjar for bedrifter i heimlandet som handlar med Noreg - i tillegg til å ha fått ei profesjonsutdanning.
Fleirtalet viser til at mange austeuropeiske land manglar studium som er viktige for samfunnsutviklinga etter systemskifte, som til dømes sosialfag, kommunalplanlegging, media, førskule- og økonomisk-administrativ utdanning.
Dei fleste av desse profesjonsutdanningane blir gitt ved dei statlige høgskulane. For at utanlandsstudentane skal nytte disse tilboda, meiner fleirtalet at det må etablerast eit tilbod om innføringskurs i norsk.
Fleirtalet vil understreke at det er verdefullt at studentar frå u-land og Aust-Europa også lærer norsk språk og kultur i den tida dei er i Noreg.
Komiteen føreset at undervisninga skal kunne føregå både på engelsk og norsk, og vil ut frå dette støtte forslag nr. 1 om å oppheve hovudregelen om at det berre blir gitt støtte til undervisninga som føregår på engelsk.
Komiteen vil støtte at også profesjonsutdanning kjem inn under kvoteprogrammet, i tillegg til hovudfag, og at det blir etablert ei ordning med utdanningsstøtte til norskundervisning, gjerne i form av intensive innføringskurs.
Komiteen meiner at det for studentar som tek profesjonutdanning blir opna for fritak frå opptakskravet om minst 2 års høgare utdanning i heimlandet. Komiteen vil spesielt peike på den betydning dette kan ha for at fleire kvinner kan kome inn under kvoteprogrammet.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil vise til at Det norske universitetsråd i budsjettnotat av 11. oktober 1994 til komiteen, m.a. uttaler:
« Fortsatt satsing på internasjonalisering av norsk utdanning har vår fulle tilslutning. Den innstramming i u-landsstudentenes muligheter som departementets kvoteprogram har ført til, står imidlertid i sterk kontrast til vektleggingen av EU-programmene. » |
Fleirtalet viser til at omlegginga frå den såkalla u-landsparagrafen til kvoteprogrammet har ført til at talet studentar er redusert. Det er tatt opp 186 frå utviklingsland og Aust-Europa for studieåret 1994/95 av ei tildelt kvote på 282 etter den nye ordninga. I tillegg kjem studentar som alt er inne etter den gamle ordninga, slik at talet på støtteberettiga er omlag 1.050 studentar. Denne nedgongen skuldast dels avgrensing i eksisterande tilbod og dels vanskar med å rekruttere studentar til desse. Denne utviklinga er etter fleirtalet sitt syn uheldig.
Til forslag nr. 2 om individuell rekruttering vil komiteen vise til brev frå departementet av 4. april 1995, trykt som vedlegg til innstillinga, der det går fram at opptak også vil kunne skje individuelt.
Komiteen vil sjå det som ein fordel om søkjarane som hovudregel vert rekrutterte gjennom ein institusjonsavtale mellom lærestadane. Gjennom ei slik ordning vil ein kunne oppnå ei betre målstyring for utdanningsbehov og større sikkerheit for at studentane vender tilbake til heimlandet.
Komiteen vil spesielt understreke behovet for eit betre samarbeid mellom myndigheit som gir opphaldsløyve, Statens lånekasse og lærestadane, og ber departementet arbeide for at det blir gitt retningsliner som kan ivareta dette.
Til forslag nr. 3 viser komiteen til brev frå departementet av 4. april 1995 der det går fram at det blir etablert ei ordning for støtte til doktorgradstudium, gitt på områder vi har spesiell kompetanse på.
Komiteen presiserer at ei sentral målsetting og viktig forutsetning for stønadsordninga gjennom kvoteprogrammet er at studentane vender tilbake og at kunnskapen kjem heimlandet til del.
For å stimulere til dette ber komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, departementet vurdere tilbod om reisestipend både i studietida og etter ferdig studieopphald, jf. brev frå departementet av 4. april 1995, i tillegg til den etablerte ordninga om å gjere lånet om til stipend for mottaker som reiser tilbake til heimlandet.
Fleirtalet ser på utdanningstilbod som ei positiv og viktig form for bistand og ynskjer vurdert ei opptrapping av talet på studentar under kvoteprogramma etter kvart som gamal ordning går ut og det blir utarbeidd nye tilbod.
Fleirtalet vil slutte seg til forslag om å auke kvota for studentar frå austeuropeiske land til 300.
Når det gjelder u-landsstudentar, syner komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet til fellesmerknad over med ynskje om opptrapping av talet på studentar.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil og slutte seg til forslag om å auke kvota på u-landsstudentar til 1.200.
Komiteen viser til brev av 8. mai 1995 frå statsråden, der han gir slikt svar på spørsmål frå komiteen:
« Jeg viser til Kirke-, utdannings- og forskningskomiteens brev av 27. april 1995 om ovennevnte sak, hvor det bes om svar på spørsmål: |
1. | Finnes det noen form for avtale kontrakt med u-landsstudenter - eller deres institusjoner - om at de binder seg til å virke i eget hjemland, evt. for et visst antall år, etter endt studium i Norge? |
Så vidt jeg er kjent med, er det ikke inngått noen form for avtale som eventuelt skulle binde u-landsstudenter til å virke i eget hjemland etter endt utdanning i Norge. |
En av intensjonene med den nye støtteordningen for studenter fra u-land og Øst-Europa er å stimulere kandidatene til hjemreise etter endt studium i Norge. I ordningen er det derfor som et stimulerende tiltak lagt opp til at lånet i Statens lånekasse for utdanning omgjøres til stipend når støttemottakeren reiser tilbake til hjemlandet for å bosette seg varig der. |
2. | Er en slik ordning forenlig med internasjonalt avtaleverk? |
I og med at et slikt tiltak som er skissert i første spørsmål ikke er vurdert i forbindelse med den aktuelle kvoteordningen, har en heller ikke vurdert et slikt tiltak i forhold til internasjonalt avtaleverk. Når det gjelder den ordning departementet har innført vil vi bemerke at vilkårene for norsk studiefinansiering overfor søkere fra de aktuelle land ikke reguleres av internasjonale avtaler. » |
Komiteen sitt fleirtal, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til merknad ovenfor om tiltak for å motivere studentar frå u-land og Aust-Europa til å reise heim etter avslutta studium.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil på denne bakgrunn be departementet vurdere bruk av en gjensidig kontrakt mellom den enkelte student inntatt på kvoteprogrammet og lærestedet i Norge som sterkere enn nå sikrer at vilkåret for slik utdanning er at studenten etter avlagt eksamen, vender tilbake til hjemlandet. Disse medlemmer vil fremme forslag i samsvar med dette:
« Det henstilles til Regjeringen å vurdere innført bruk av kontrakt mellom studenter som blir opptatt ved et norsk lærested under kvoteprogrammet og lærestedet som bidrar til at studentene etter fullført studium vender tilbake til hjemlandet. »
Disse medlemmer viser til sin støtte til muligheten for at utenlandsstudenter bør kunne få støtte til innføringskurs i norsk i Innst.S.nr.12 (1994-1995). Disse medlemmer vil understreke at dette bør gis under den forutsetning at et slikt innføringskurs legges eksempelvis til sommersemesteret slik at ikke studieoppholdet blir forlenget, og at tilbudet i første rekke bør gjelde de studentene som tar sikte på en profesjonsutdanning. Disse medlemmer er enig i at engelsk for en rekke utenlandsstudenter et et språk de har lite kjennskap til, men vil understreke at studenter fra Afrika og Latin-Amerika ofte har hatt dette som 2. språk på skolen. Disse medlemmer vil også understreke at engelsk for de aller fleste av disse studentene vil være et langt mer nyttig språk i fremtiden. Det er tross alt de færreste av disse studentene som vil ha som mål med sitt studium å ende opp som norsklærere eller norskspråklig tolk i sitt hjemland. Disse medlemmer vil videre peke på at dersom norske myndigheter legger opp tilbudet til utenlandsstudenter for at disse skal bli mest mulig tilpasset det norske samfunn og mest mulig lik norske studenter, vil målsettingen om at disse studentene skal returnere til sitt hjemland ved endt studium kunne bli vanskeligere å gjennomføre.
Komiteens medlem representanten Christiansen er enig i at mange østeuropeiske land mangler studier som er viktige for samfunnsutvikling, og at bistand i form av utdanningsplasser derfor kan være nyttig. Dette medlem ser derfor at det er mye som taler for at kvoten for østeuropastudenter blir økt selv om dette kan medføre økte kostnader. Dette medlem er generelt uenig i norsk bistandspolitikk. Dette medlem mener imidlertid at de bistandsmidler som bevilges bør brukes på en best mulig måte, og forutsetter derfor at den kostnadsøkningen som en økt Øst-Europa kvote vil medføre for staten, i sin helhet dekkes over kap. 0118 Internasjonal bistand innenfor den rammen som er bevilget av Stortinget.