Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Bakgrunn

   Som bakgrunn for forslaget vert det vist til at eit godt tilgjengeleg postnett er ein viktig føresetnad for næringslivet og busetjinga i heile landet. Forslaga frå Postverket om samanslåing av postdistrikt og ei storstilt nedlegging av postkontor skapar stor uvisse om dei framtidige posttenestene i store delar av landet. Det rår i dag stor uro i mange lokalsamfunn. Folk fryktar at det lokale postkontoret skal leggjast ned i den omorganiseringa som det no vert lagt opp til i Postverket.

       Det har vore eit viktig politisk mål å oppretthalde eit likeverdig postservicetilbod i alle delar av landet.

       Senterpartiet kan ikkje akseptere dei planane som no ligg føre om sentralisering og postkontornedlegging. For å hindre ei slik massiv nedlegging av postkontor, som vil gå ut over servicen både i by- og landkommunar, vil Senterpartiet føreslå at det vert utarbeidd ein nasjonal plan for korleis postkontornettet skal sjå ut i framtida, der det vert trekt opp faste kriterium for postservicen og distribusjonsnettet. Postservicen må planleggjast som ein del av det totale servicetilbodet i kommunane.

       Inntil ein slik plan er handsama av Stortinget, må planane om nedlegging av postkontor stansast, der eit fleirtal i kommunestyret går imot nedlegging.