Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til at Noreg blir med på den fjerde kapitalauken i Den asiatiske utviklingsbanken.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 116 (1994-1995)
- Kildedok: St.prp. nr. 29 (1994-95)
- Dato: 24.03.1995
- Utgiver: utanrikskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at Noreg blir med på ein kapitalauke i Den asiatiske utviklingsbanken (Asiabanken) med innbetaling av til saman 1.447.620 dollar, eller om lag 11 mill. kroner. Ho gjer vidare framlegg om at den norske garantikapitalen i Asiabanken blir auka med 71.174.650 dollar, eller om lag 490 mill. kroner.
Det blir i proposisjonen gjort greie for verksemda i Asiabanken, bakgrunnen for den fjerde kapitalauken og Noreg si deltaking i denne. Ei oversikt over medlemslanda i banken og fordelinga av dei nye aksjane under den fjerde kapitalauken ligg ved proposisjonen.
Det blir opplyst i proposisjonen at talet på medlemsland i banken har stige frå 27 ved skipinga i 1956 til 54 ved utgongen av 1993. Av medlemslanda kjem 38 frå sjølve regionen. Det blir vidare opplyst at banken og Det asiatiske utviklingsfondet (Asiafondet) som banken administrerer, fram til 1993 har godkjent lån til ein samla verdi av 47,7 mrd. dollar for 1.180 prosjekt i 31 utviklingsland i regionen. Av dette sto banken for utlån på 37,8 mrd. dollar på gunstige marknadsrentevilkår til dei meir velståande utviklingslanda medan fondet sto for utlån på 14,9 mrd. dollar på mjuke vilkår til dei fattigaste landa. I tillegg hadde banken ved utgongen av 1993 gjeve fagleg hjelp og støtte på gåvevilkår til ein samla verdi av 0,8 mrd. dollar.
India, Kina og Indonesia er dei største låntakarane frå banken. Energi og transport og kommunikasjonar er dei viktigaste sektorane. I motsetnad til Asiafondet, er utlånet frå banken til sosial infrastruktur framleis lite, sidan dei største låntakarane ikkje vil låna til sosiale føremål på dei vilkåra som gjeld for lån frå banken.
Dei nordiske landa, som saman med Canada og Nederland har litt over 7 % av røystevekta, har aktivt medverka til å gje banken eit breiare utviklingsmandat. No er det såleis generelt sett eit godt samsvar mellom norske u-hjelpsprioriteringar og dei måla som Asiabanken har sett opp for verksemda si. I siste halvdelen av 1980-åra er verksemda i banken stadig vorte meir innretta mot å få bukt med fattigdommen, utvikle dei menneskelege ressursane og få til ei berekraftig miljøutvikling i tillegg til den økonomiske veksten. Banken har vedteke ei målsetjing om at minst 50 % av låna skal ha fattigdomsreduksjon, fremjing av kvinner si rolle i utviklingsprosessen, utvikling av menneskelege ressursar, befolkning og/eller miljø som dei viktigaste eller nest viktigaste føremåla sine.
Det blir i proposisjonen opplyst at styrefråsegna om kapitalauken, i si tilvising til rapporten som tek for seg retningslinene for den framtidige verksemda til banken, skisserer ein utlånspolitikk som samsvarar godt med norske u-hjelpsprioriteringar. Det kjem no m.a. til å bli lagt meir vekt på sosiale verknader av utlånsverksemda. Sameleis kjem ein til å leggje meir vekt på prosjektkvalitet, liksom m.a. spørsmålet om eit godt styresett i låntakarlanda.
I mai 1994 vedtok guvernørane i banken samrøystes å rå til at den nye kapitalauken vert sett i verk. Vedtaket inneber at alle medlemslanda i banken no får høve til å auke aksjekapitalen sin med 100 %. Av denne auken skal berre 2 % betalast inn. Resten skal medlemslanda stille til rådvelde som garantikapital. Kapitalutvidinga kjem til å auke den autoriserte aksjekapitalen til banken frå om lag 24 mrd. dollar til kring 48 mrd. dollar. Denne auken kjem til å gjere det mogeleg å halde oppe utlånsverksemda til banken på dagens nivå i mange år framover.
Det vert opplyst i proposisjonen at Noreg har vore med på alle tidlegare kapitalauker i banken, seinast i 1993. Noreg har fått tildelt 6.020 nye aksjar når banken no aukar aksjekapitalen sin. Det skal berre betalast inn pengar for 120 aksjar. Det vil seie at Noreg skal betale inn om lag 11 mill. kroner i alt. Den nøyaktige summen er avhengig av kursen på dollar eller SDR på innbetalingstidspunktet. Regjeringa tek sikte på at den innbetalte norske delen av kapitalauken blir belasta budsjetterminane 1996-99 med fire like innbetalingar. Desse tilskota skal takast frå Programområde 03 Utviklingshjelp, kap. 163 Multilateral bistand under internasjonale finansieringsinstitusjonar, post 71 Innskot i Den asiatiske utviklingsbank og fond. Regjeringa kjem attende til løyvingsspørsmålet i samband med budsjettframlegget for 1996, 1997, 1998 og 1999.
Komiteens flertall, alle unntatt representanten Gundersen, har merket seg at retningslinjene for den fremtidige virksomheten i Den asiatiske utviklingsbanken skisserer en utlånspolitikk som samsvarer godt med norske u-hjelpsprioriteringer og at det dermed bl.a. vil bli lagt større vekt på sosiale virkninger av utlånsvirksomheten.
Flertallet viser for øvrig til at Regjeringen kommer tilbake til bevilgningsspørsmålet i kommende års budsjettforslag.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Fridtjof Frank Gundersen, vil motsette seg at Norge deltar i en kapitalutvidelse i Den asiatiske utviklingsbanken med en innbetalt del som tilsvarer ca 11 mill. kroner.
Dette medlem er ikke enig i at det norske garantiansvaret økes med noe som tilsvarer ca 490 mill. kroner.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte følgjande
1. | Stortinget samtykkjer i at Noreg blir med på ein kapitalauke i Den asiatiske utviklingsbanken (Asiabanken) med ein innbetalt del som svarar til ein motverdi i norske kroner på innbetalingstidspunktet på til saman 1.447.620 dollar. Dette utgjer om lag 11 mill. kroner. Innbetalinga av desse pengane skjer i åra 1996-99. |
2. | Stortinget samtykkjer i at den norske garantikapitalen i Asiabanken blir auka med 71.174 650 dollar, noko som svarar til om lag 490 mill. kroner. |
Oslo, i utanrikskomiteen, den 23. mars 1995. |
Haakon Blankenborg, | Kaci Kullmann Five, | Anne Enger Lahnstein, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |