Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Til Stortinget.
Representantane Magnhild Meltveit Kleppa, Sigurd Manneråk og Terje Sandkjær fremjar i dokumentet forslag om at det blir føreteke ei konsekvensutgreiing av ei eventuell Urar-regulering (Vassdr. nr. 021.Z.) i Setesdalsheiane/Ryfylkeheiane. Det vert i dokumentet vist til at Stortinget i 1974 gav I/S Øvre Otra konsesjon på omfattande utbyggingar i heiane mellom Setesdal og Ryfylke. Store delar av prosjektet er gjennomført, men det står att ei heving av Store Urarvatn med 13 meter.
Det vert i dokumentet vist til at ein i dag ser uheldige miljøverknader av dei naturinngrepa som allereie er gjennomført i området, og ei konsekvensutgreiing vil vere ein nødvendig del av departementet sitt grunnlag for å avgjere reguleringsspørsmålet.
Fylgjande forslag, dagsett 31. august 1994, vert fremja:
« Stortinget ber Regjeringa føreta ei konsekvensutgreiing av ei eventuell Urar-regulering (Vassdr. nr. 021.Z.) i Setesdalsheiane/Ryfylkeheiane. »