Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innledning

   Til Stortinget.

       Dette framlegget blir fremma i dokumentet:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om lovendring for å erstatte dagens kristendomsundervisning med en religionsnøytral opplæring i kultur, verdier og livssyn. »

       Religions- og livssynsfridom er ein av våre mest fundamentale menneskerettar, slegen fast i Grunnloven § 2. Noreg er det einaste landet i Norden med konsesjonsbunden kristendomsundervisning i den offentlege skulen, elles er det berre Malta, Hellas og nokre få muslimske statar som har ein slik praksis.

       Dokumentet inneheld nærare grunngjeving for framlegget. Kristne verdiar er i stor grad allmenne verdiar i det norske samfunnet. Det er ikkje skulen si oppgåve å drive forkynnande religionsundervisning eller å fremje eit særskilt religiøst grunna verdisett. Livssynsundervisning for einskilde elevar og kristendom for andre elevar skapar og nye problem.

       Etter framlegget bør det i staden for kristendomsundervisning bli innført eit livssynsfag som er nøytralt i høve til tru, men ikkje i høve til verdiar som er viktige i det norske samfunnet. Både i grunnskule og vidaregåande skule bør fagplanane ta for seg kultur, verdiar og etikk/moral, noko som vil innebere kunnskap om alle dei viktigaste livssyn og religionar. Det er naturleg at kristendomen får ein framståande plass.

       I dokumentet vert det m.a. synt til FNs komité for born sine rettar, som ser det som eit brot på born sin rett til privatliv at dei må dokumentere eit anna livssyn enn det statskyrkjelege for å bli fritekne for kristendomsundervisning. Sjølv ein 15-åring som etter loven har rett til å melde seg ut av kyrkja og til sjølv å avgjere val av utdanning, har med lovgjevinga i dag ikkje høve til å velje seg bort frå kristendomsfaget.