Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om rettferdsvederlag av statskassa.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 92 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 18 (1994-95)
  • Dato: 09.02.1995
  • Utgiver: justiskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

   Etter at St.prp. nr. 36 (1993-1994) vart fremma våren 1994, har Billighetserstatningsutvalget handsama 137 saker. I 56 av sakene har utvalet tilstått rettferdsvederlag, medan 81 saker er avslått. Utvalet har tilstått rettferdsvederlag med til saman kr 5.240.000. Dei einskilde vederlaga ligg mellom 15.000 og 200.000 kroner.

Sak nr. 1

       NN, født 1976, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av at ho fekk ein hjerneskade ved fødselen og har utvikla omfattande cerebral skade og epilepsi. Helsedirektoratet legg til grunn at det er svært truleg at skadene kunne vore unngått dersom forløysinga hadde funne stad raskt. Direktoratet peikar på at sjukehuset har ansvar for å etablera medisinskfagleg forsvarleg drift av sjukehuset, og at dette ansvaret ikkje vart fylgt opp på det aktuelle tidspunktet. Direktoratet føreslo vederlag innvilga med 400.000 kroner. Justisdepartementet meiner at vederlaget bør setjast til 250.000 kroner etter samanlikning med praksis i andre saker. Billighetserstatningsutvalget sluttar seg til Justisdepartementet si tilråding. Departementet fremmar etter dette forslag om vederlag på 250.000 kroner.

       Komiteen tilrår at vederlag vert innvilga med 250.000 kroner.

Sak nr. 2

       NN, født 1957, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av komplikasjonar etter ein operasjon for karmisdanning i venstre side av hovudet, og på grunnlag av for lite informasjon før operasjonen. Misdanninga skuldast ei motorsykkelulykke søkjaren var utsett for som 14-åring. Før operasjonen hadde han eit lite synsutfall på høgre side og stadige smerter i hovudet. Etter operasjonen vart han blind på høgre halvdel av både høgre og venstre auge og han er i dag 50 % arbeidsufør. Helsedirektoratet uttalte m.a. at det synstapet søkjaren fekk meir må sjåast som ein forventa skade ved denne type operasjon enn ein komplikasjon. Ut frå den dokumentasjon som ligg føre la direktoratet til grunn at det vart gjeve informasjon før det aktuelle inngrepet i tråd med det som er vanleg i samband med slike inngrep. Direktoratet tilrådde etter dette ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet slutta seg til Helsedirektoratet si vurdering, og Billighetserstatningsutvalget tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 3

       NN, født 1935, søkte i 1992 om rettferdsvederlag med kr 150.000 på grunnlag av kraftig og vedvarande hovudpine etter bedøving ved eit sjukehus i 1985 i samband med ein plastisk operasjon. Helsedirektoratet meinte at søkjaren hadde fått adekvat og forsvarleg behandling og fann ikkje grunnlag for å retta kritikk mot sjukehuset. Søkjaren hadde likevel fått ein sjeldan komplikasjon i samband med bedøvinga og direktoratet meinte at søkjaren difor hadde kome spesielt uheldig ut av behandlingssituasjonen. Helsedirektoratet føreslo etter dette rettferdsvederlag med kr 40.000. Justisdepartementet slutta seg til Helsedirektoratet si vurdering, og Billighetserstatningsutvalget løyvde rettferdsvederlag med kr 40.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet uttalar at det ikkje er kome nye opplysningar i høve til dei som er lagt fram tidlegare og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 4

       NN, født 1922, søkte i 1985 om rettferdsvederlag med kr 150.000 på grunnlag av påståtte psykiske påkjenningar og økonomisk tap i samband med feil diagnose og feilbehandling ved ulike sjukehus i tidsrommet 1971 til 1984. Helsedirektoratet uttalte at ein pasient med sterke og plagsame symptom av den art søkjaren hadde, hadde krav på ei grundig somatisk undersøkjing. Direktoratet meinte at det var tvilsamt om NN kunne vore arbeidsdyktig sjølv om rett diagnose var blitt stilt, og tok ikkje standpunkt til eventuelt vederlag. Justisdepartementet slutta seg til Helsedirektoratet si vurdering, men rådde til at rettferdsvederlag på 30.000 kroner vart tilkjent. Billighetserstatningsutvalget innvilga rettferdsvederlag med kr 30.000.

       Søkjaren klaga i 1993 over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet uttalar mellom anna at det ikkje kjem fram nye opplysningar i anken som endrar deira tidlegare standpunkt. Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 5

       NN, født i 1920, søkte i 1990 om rettferdsvederlag fordi ho meinte ho var kome spesielt uheldig ut etter ein kreftoperasjon ved eit sjukehus i 1986. Helsedirektoratet meinte at ho hadde fått adekvat behandling og informasjon om sin situasjon, og det var ikkje konstatert feil eller kritikkverdig behandling. Direktoratet rådde til at søkjaren ikkje skulle tilkjennast vederlag. Justisdepartementet slutta seg til Helsedirektoratet si vurdering, og Billighetserstatningsutvalget tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet held fast ved at det ikkje er grunnlag for å gje søkjaren rettferdsvederlag og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 6

       NN, født 1938, søkte i 1991 om rettferdsvederlag med kr 110.916 for økonomisk tap og tort og svie i samband med komplikasjonar etter å ha trekt tenner hos ein tannlege i 1987. Det blei ståande att rotrestar etter tennene, noko som skal ha vore årsak til store smerteplager for søkjaren. Helsedirektoratet fann at plagene til søkjaren var påreknelege etter den type behandling ho hadde fått, og at følgjene av dei kritikkverdige tilhøva ho var utsett for ikkje kunne seiast å vera svært alvorlege. Likevel føreslo direktoratet eit moderat vederlag med kr 10.000. Justisdepartementet slutta seg til Helsedirektoratet si vurdering, medan Billighetserstatningsutvalget sette vederlaget til kr 20.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Statens Helsetilsyn held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 7

       NN, født 1956, har søkt om rettferdsvederlag med kr 500.000 etter at ho to gonger er blitt gravid utanfor livmora etter eit steriliseringsinngrep i 1978. Søkjaren har gått til søksmål mot fylkeskommunen som sjukehuseigar, men sjukehuset vart frifunne fordi det ikkje var ført prov for aktløyse. Helsedirektoratet uttalte mellom anna at inngrepet vart utført på vanleg måte, men at den komplikasjonen søkjaren har hatt er svært sjeldan. Direktoratet tilrådde difor rettferdsvederlag med kr 50.000. Justisdepartementet rådde til at vederlaget vart sett til 40.000 kroner. Billighetserstatningsutvalget slutta seg til Justisdepartementet sitt standpunkt, og tilkjente rettferdsvederlag med 40.000 kroner.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Statens Helsetilsyn uttalar mellom anna at ein ikkje har grunnlag for å endre si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 8

       NN, født 1954, har søkt om rettferdsvederlag med kr 700.000 på bakgrunn av at søkjaren over fleire år har hatt store problem med dødsfall og abortar i storfebuskapen sin. Det vart søkt Landbruksnemnda om vederlag i 1987. Denne søknaden blei avslått fordi det kan teiknast forsikring mot slik skade og vedtaket vart ikkje påklaga. Landbruksdepartementet uttalte mellom anna at søkjaren sine problem må koma av ulike drifts- og miljøfaktorar som huseigarar sjølve i svært stor grad skal ha kontroll over. På den bakgrunn rådde Landbruksdepartementet til at søknaden vart avslått. Justisdepartementet slutta seg til Landbruksdepartementet si vurdering, og Billighetserstatningsutvalget tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Landbruksdepartementet finn ikkje at ein ut frå faglege vurderingar kan rå til at det vert tilkjent rettferdsvederlag, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 9

       NN, født 1943, har søkt om rettferdsvederlag med kr 150.000 på grunn av asbestskade, og at han har kome i ein uheldig livssituasjon. Sjølv om søkjaren på grunn av ymse tilhøve har kome økonomisk uheldig ut fann ikkje Kommunal- og arbeidsdepartementet tilstrekkelege grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet viste til at søkjaren ikkje hadde blitt arbeidsufør eller lidd noko økonomisk tap på grunn av asbestskaden. Korkje asbestskaden eller andre tilhøve gav grunnlag for å yta rettferdsvederlag. Billighetserstatningsutvalget slutta seg til Justisdepartementet si vurdering og tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Kommunal- og arbeidsdepartementet kan ikkje sjå at anken inneheld opplysningar som taler for ei endra vurdering, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 10

       Advokat A har fremma søknad om rettferdsvederlag for den norske og nordiske del av mannskapet om bord på M/S B for skadar av medisinsk og økonomisk art som skal vera oppstått som følgje av brann om bord i skipet i 1990. Søknaden gjeld i alt 13 av mannskapet som var om bord ulykkesnatta. Vederlagskravet er gjort gjeldande med 135.000 for kvar av dei. I tillegg ber ein om at rettferdsvederlag vert vurdert for to av mannskapet som var heime på avspasering då ulykka fant stad. Utanriksdepartementet uttalte mellom anna at det ikkje var tvil om at mannskapet hadde vore utsett for belastning under katastofa. Sjølv om ein i ettertid hadde sett at det var naudsynt å stramma inn kontrollen med skip under framand flagg, meinte departementet at det likevel ikkje var grunnlag for lasta det offentlege for det tapet som var lidd. Departementet uttalte vidare at det ville vera vanskeleg å grunngje ein eventuell forskjellsbehandling av ulike grupper av mannskapet. På denne bakgrunn tilrådde departementet ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet uttalte mellom anna at rettferdsvederlag som hovudregel berre blir ytt når skaden er påført her i riket eller om bord på norske fartøy eller liknande. Det norske lovverket er blitt endra i ettertid. At dei skadelidne ville ha kome betre ut med dei nye reglane kan ikkje få avgjerande verknad etter Justisdepartementet sitt syn. Justisdepartementet tilrådde under tvil at søknaden om rettferdsvederlag ikkje vart teken til følgje. Billighetserstatningsutvalget slutta seg til dei to departementa sine vurderingar, og tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjarane har påklaga avslaget. Utanriksdepartementet kan ikkje sjå at anken inneheld nye opplysningar som talar for ei endra tilråding, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 11

       NN, født 1917, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av at ho har kome uheldig ut av sitt møte med hjelpe- og omsorgsapparatet ettersom ho ikkje har fått hjelp til å ta seg av den sjuke ektemannen sin. Helsedirektoratet uttalte mellom anna at det var truleg at søkjaren hadde lidd både materielt og psykologisk under pleie- og omsorgsarbeidet, og at ho hadde gjort ein innsats utover det ein kunne vente. Ved ein meir aktiv informasjon frå Helsevesenet hadde søkjaren truleg kunna få meir økonomisk hjelp. Søkjaren hadde likevel ikkje sjølv i særleg grad fremma behov for økonomisk stønad, og direktoratet kunne vanskeleg sjå at det låg føre grunnlag for rettferdsvederlag. Justisdepartementet slutta seg til Helsedirektoratet si vurdering og Billighetserstatningsutvalget fant ikkje grunnlag for å tilkjenna rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Statens Helsetilsyn uttalar at det ikkje kjem fram nye opplysningar i anken i høve til det som vart lagt til grunn tidlegare, og Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 12

       NN, født 1932, har søkt om rettferdsvederlag på grunnlag av den store psykiske belastninga ho vart utsett for då sonen hennar omkom i brann i eit fengsel. Brannen var oppstått ved at sonen hadde sett fyr på madrassen som han plasserte framfor celledøra. Justisdepartementet uttalte mellom anna at det ikkje var gjort feil frå anstalten si side i samband med brannen. Departementet tilrådde at søknaden ikkje vart teken til følgje. Billighetserstatningsutvalget slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet meiner at det ikkje har kome fram opplysningar i klageomgangen som talar for eit anna resultat, og rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 13

       NN, født 1944, har søkt om rettferdsvederlag etter at han har fått øydelagd barndomen sin på grunn av mobbing fordi faren hans var tysk soldat. Søkjaren meiner at styresmaktene si haldning til barn av tyske fedre legitimerte mobbinga. Justisdepartementet uttalte at mange av barna som vart født under og like etter krigen med tysk far fekk ein vanskeleg oppvekst. Likevel kunne ein ikkje, først og fremst av omsyn til konsekvensane, sjå at det var tilstrekkeleg grunnlag for å tilkjenna rettferdsvederlag. Fleirtalet i Billighetserstatningsutvalget slutta seg til Justisdepartementet, og utvalet tilkjente ikkje rettferdsvederlag. Eit mindretal ville ikkje ta stilling til saka før spørsmålet vart politisk vurdert.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet finn ikkje grunnlag for å endra sitt tidlegare standpunkt, og rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 14

       NN, født 1929, har søkt om rettferdsvederlag for skader ho skal vera påført som følgje av seksuelle overgrep av ein gardsgut da ho var i 4-6 års alderen. Justisdepartementet uttalte at ein på bakgrunn av dokumenta fann at søkjaren som barn hadde vore utsett for seksuelle overgrep. Under tvil fant departementet og at dei psykiske problema søkjaren hadde til dels kunne førast attende til overgrepa. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med 50.000 kroner. Billighetserstatningsutvalget kunne ikkje sjå at det var tilstrekkeleg grunnlag for å seia at det var årsakssamanheng mellom plagene til søkjaren og det ikkje særleg alvorlege tilhøvet til gardsguten. Utvalet tilkjente difor ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet uttalar at det ikkje er lagt fram nye opplysningar i anken og finn det etter tilhøva rett å tilrå at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen føreslår etter ei samla vurdering at søkjaren vert innvilga rettferdsvederlag med kr 50.000 i tråd med departementet si opprinnelege tilråding.

Sak nr. 15

       NN, født 1951, har søkt om rettferdsvederlag for skade ho vart påført som følgje av seksuelle overgrep i barndomen. Justisdepartementet uttalte at ein under tvil fann det truleg av søkjaren som barn hadde vore utsett for seksuelle overgrep. Det var usikkert kor stort omfanget var, og departementet trudde ikkje at alle dei psykiske problema som søkjaren har i dag kunne førast attende til overgrepa. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 50.000. Billighetserstatningsutvalget fant som departementet at søkjaren hadde vore utsett for seksuelle overgrep. Det vart likevel peika på at det dreide seg om einskildepisodar og at gjerningsmennene ikkje var omsorgspersonar som sto søkjaren nær. Fleirtalet i utvalet meinte at plagene til søkjaren ikkje kunne førast attende til desse episodane, og tilkjente ikkje rettferdsvederlag. Eit mindretal i utvalet slutta seg til innstillinga frå Justisdepartementet.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet uttalar at det ikkje kjem fram nye opplysningar i anken, og finn det etter tilhøva rett å rå til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen føreslår etter ei samla vurdering at søkjaren vert innvilga rettferdsvederlag med kr 50.000 i tråd med deparatementet si opprinnelege tilråding.

Sak nr. 16

       NN, født 1941, har søkt om rettferdsvederlag for skader som følgje av seksuelle overgrep i barndomen. Justisdepartementet uttalte mellom anna at saka var lite dokumentert og opplyst. Ein kunne ikkje sjå at det var gjort tilstrekkeleg truverdig at søkjaren var utsett for seksuelle overgrep frå den oppgitte skadevaldaren, eller at dette var årsak til ein abort søkjaren hadde hatt eller dei seinare problema hennar. Departementet rådde til at rettferdsvederlag ikkje vart innvilga. Billighetserstatningsutvalget slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Sak nr. 17

       NN, født 1957, søkte i 1993 om rettferdsvederlag med kr 150.000 for skader etter seksuelle overgrep søkjaren hevda å ha vore utsett for i oppveksten. Justisdepartementet fann det truleg at søkjaren hadde vore utsett for seksuelle overgrep som hadde påført henne plager seinare i livet. Departementet rådde til at ein tilkjente rettferdsvederlag med 60.000 kroner. Billighetserstatningsutvalget fant at det ikkje var godt nok dokumentert at dei vanskane søkjaren hadde hatt kunne førast attende til seksuelle overgrep i barndomen. Utvalet meinte at problema såg ut til å ha sin grunn i andre vanskar søkjaren hadde møtt og tilkjente ikkje rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet uttalar at det ikkje er lagt fram nye opplysningar som gjev grunnlag for å endra vedtaket til utvalet, og finn etter tilhøva ikkje grunnlag for å tilrå at anken vert teken til følgje.

       Komiteen føreslår etter ei samla vurdering at søkjaren vert innvilga rettferdsvederlag med kr 60.000 i tråd med departementet si opprinnelege tilråding.

Sak nr. 18

       NN, født 1917, søkte i 1993 om rettferdsvederlag på grunn av at det rettsstridig vart fastsett trekk i uføretrygda og seinare alderspensjonen hans. Fylkesmannen og seinare departementet har oppheva ektefellebidraget. Justisdepartementet kunne ikkje sjå at bidragsfuten hadde kravd bidrag utan tvangskraft eller lovstridig nedlagt trekk i trygda og pensjonen til søkjaren, og tilrådde difor ikkje at det vart ytt rettferdsvederlag. Billighetserstatningsutvalget fant ikkje grunnlag for å løyva rettferdsvederlag.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Justisdepartementet uttalar at det ikkje kjem fram nye opplysningar i anken som endrar deira tidlegare standpunkt og rår til at anken ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at anken vert avslått.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

I.

       Følgjande vert tilstått rettferdsvederlag av statskassa:

Sak nr    1 NN kr 250.000
Sak nr  14 NN kr   50.000
Sak nr  15 NN kr   50.000
Sak nr  17 NN kr   60.000

II.

       Anken frå følgjande vert ikkje teken til følgje:

Sak nr    2 NN
Sak nr    3 NN
Sak nr    4 NN
Sak nr    5 NN
Sak nr    6 NN
Sak nr    7 NN
Sak nr    8 NN
Sak nr    9 NN
Sak nr  10 NN
Sak nr  11 NN
Sak nr  12 NN
Sak nr  13 NN
Sak nr  16 NN
Sak nr  18 NN

III.

       Kostnadene vert førte til utgift under kap. 2309 Tilfeldige utgifter post 11.

Oslo, i justiskomiteen, den 9. februar 1995.

Anders C Sjaastad, Olav Akselsen,

leiar. ordførar og sekretær.