Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Jan Simonsen om endring av dykkerforskriftene for å forenkle politiets og tollvesenets arbeid med kontroll av narkotikasmugling på skip.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 37 (1994-1995)
- Kildedok: Dokument nr. 8:74 (1993-94)
- Dato: 10.11.1994
- Utgiver: justiskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Til Stortinget.
Stortingsrepresentant Jan Simonsen har den 5. september d.å. sett fram følgjande forslag:
« Stortinget ber Regjeringen endre forskriftene om dykking slik at det gis unntak etter § 1 for tjenestemenn i politiet og tollvesenet som utfører dykkervirksomhet i etterforsknings- eller kontrollsammenheng. »
I grunngjevinga for forslaget vert det vist til at dykkarføresegnene krev at personar som skal driva yrkesmessig dykking har offentleg sertifikat. Politi- og tolletaten kan derfor som hovudregel berre nytta dykkarar tilslutta registrerte dykkarfirma, brannvesen eller Forsvaret under etterforsking eller andre aksjonar der dykking er påkrevd. Sjølv om politi- og tolletaten har personar som er dyktige sportsdykkarar blant sine tenestemenn, kan desse ikkje nyttast. Problemstillinga er blitt aktualisert dei siste åra, fordi det er aukande behov for å kontrollera om skip har festa narkotika til kjølen. Dette er blitt ein ofte nytta smuglarmetode.
Forslagsstillar meiner at det ikkje er naudsynt at tenestemenn med god sportsdykkarutdanning skal måtta utdanna seg til yrkesdykkarar for å kunna ta på seg kontrolloppgåver som nemnt.
Komiteen har i førebuinga av denne saka bede Justisdepartementet kommentera enkelte spørsmål av interesse for den vidare handsaminga. Departementet har gitt svar i brev til komiteen av 7. november 1994.
Komiteen viser til at departementet i svaret sitt gir uttrykk for at ein så langt ikkje har registrert praktiske problem med narkotika- eller anna etterforsking ved at politi- og tolltenestemenn ikkje har dispensasjon etter paragraf 1 i dykkarføresegnene.
Komiteen viser vidare til at departementet ikkje finn å kunna gi eit eintydig svar når det gjeld generell risikofare ved kontrolldykk i samband med narkotikaetterforsking under sjøflata, men at det blir nemnt at delar av arbeidet kan innebera risiko for amatørdykkarar.
Endeleg viser komiteen til at departementet ikkje tilrår oppretting av eiga dykkerteneste innan politiet, fordi kostnader ved etablering og drift ikkje vil svara til den nytta etaten vil ha av ei slik teneste.
Komiteen er kjend med at departementet i rundskriv G-100/93 av 22. juni 1993 har presisert føresegnene for politiet sin bruk av dykkarar. Her blir politikammer og lensmannskontor pålagde å listeføra alle dykkarar som politiet kan engasjera til dykkarteneste, anten dette er redningsdykk, sokning etter omkomne eller dykk i samband med anna etterforskingsarbeid. Dykkaroversiktene skal inngå i beredskapsopplegget som blir kontrollert rutinemessig kvart år.
Komiteen er er einig i at det som hovudregel skal setjast klare kvalifikasjonskrav i samband med dykking i yrkessamanheng. Dykking vil alltid innebera ein viss risiko, og dei som driv med yrkesdykking bør derfor ha offentleg dykkarsertifikat.
Komiteen har merka seg at det i føresegnene om dykking er gitt unntak for visse grupper (Forsvaret, brannvesen og sportsdykkarorganisasjonar) og visse typar aktivitetar (sportsdykking, militær aktivitet, redningsdykk, vitskapelege føremål og petroleumsverksemd på sokkelen).
Komiteen meiner at politi- og tolletat må ha ein dykkarberedskap som gjer det mogleg raskt og effektivt å føreta dykk for m.a. å kontrollera mistanke om narkotikasmugling på skip, ved at narkotika blir festa til skipsskrog under sjølina. Dersom gjeldande føresegner skapar problem for arbeid og effektivitet i politi- og tolletat i samband med denne type verksemd, meiner komiteen at det er behov for å vurdera å gi desse yrkesgruppene same dispensasjon frå krava som m.a. gjeld for Forsvaret og brannvesenet.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, legg i sine vurderingar vekt på at departementet seier seg godt nøgd med retningslinene slik dei blir praktiserte i dag, og at ein ikkje har registrert problem knytta til bruk av eksterne dykkarar. Gjeldande ordning inneber at kontrolldykk blir utført av personar som ikkje er tilsette i politi- eller tolletat. Fleirtalet føreset at departementet har tatt dette med i sine vurderingar.
Fleirtalet er generelt skeptisk til å gi for mange unntak frå regelverk og føresegner om dykking i yrkessamanheng. For å innvilga slik dispensasjon bør det kunna dokumenterast vesentlege ulemper knytt til gjeldande ordningar.
Fleirtalet understrekar at det i samband med redningsdykk der det er snakk om å redda liv eller store verdiar alt finst unntak frå hovudregelen, også for politi- og tollvesen. Fleirtalet minner dessutan om at desse etatane, dersom dei finn det ønskeleg, har høve til å gi tilsette tilbod om godkjent dykkarutdanning og offentleg sertifisering.
Fleirtalet vil på dette grunnlaget rå Stortinget til å avvisa forslaget i Dokumentet.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er oppmerksom på at problemet som omtales ikke er stort i den forstand at det angår et betydelig antall personer innen politiet og tolletaten. For de berørte tjenestemennene er det imidlertid et problem, som lett kan løses gjennom endring av forskriftene. Ettersom det allerede er gjort unntak for flere grupper og formål, eksempelvis dykking i forbindelse med vitenskapelige formål, kan ikke dette medlem se at det kan være noe problem å gjøre unntak fra forskriftene også for tjenestemenn i politiet og tolletaten, og dette medlem tar derfor opp forslag om å bifalle forslaget i Dok.nr.8:74 1993-1994).
Forslag frå Framstegspartiet:
Stortinget ber Regjeringen endre forskriftene om dykking slik at det gis unntak etter § 1 for tjenestemenn i politiet og tollvesenet som utfører dykkervirksomhet i etterforsknings- eller kontrollsammenheng.
Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjera følgjande
Dok.nr.8:74 1993-1994) - forslag frå stortingsrepresentant Jan Simonsen om endring av dykkerforskriftene for å forenkle politiets og tollvesenets arbeid med kontroll av narkotikasmugling på skip - blir avvist.
Oslo, i justiskomiteen, den 10. november 1994. |
Lisbeth Holand, | Anita Apelthun Sæle, | Olav Akselsen, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |