Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Jan Simonsen og Tor Nymo om opprettelse av en domstol (klagerett) for gjenopptakelsesbegjæringer.

Innhold

Til Stortinget.

       Stortingsrepresentantane Jan Simonsen og Tor Nymo sette den 14. juni 1994 fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen legge frem lovforslag om opprettelse av en domstol (klagerett) med det formål å behandle gjenopptakelsesbegjæringer i både straffesaker og sivile saker. »

       I grunngjevinga for forslaget vert det m.a. vist til at det er den same domstolen som har avsagt dommen, som skal ta stilling til om det er grunnlag for gjenopptaking. Dette gjer etter forslagsstillarane si meining at mistanke om kollegiale tilhøve og prestisjeomsyn lett vil bli hengjande ved avgjerda sjølv om retten er sett med andre dommarar.

       Det er ikkje uvanleg i europeisk rett at avgjerda om gjenopptaking vert treft av ein annan domstol enn den som har avgjort skuldspørsmålet. I Danmark vert gjenopptakingsspørsmål avgjort av ein særskilt klagerett og forslagsstillarane meiner at det bør innførast ei tilsvarande ordning i Noreg.

       Spørsmålet om gjenopptaking er tidlegare teke opp i Dok.nr.8:11 (1989-1990), og vart sist drøfta i Stortinget under debatten om kriminalmeldinga i 1992. Komitéfleirtalet ba då om å få ei utgreiing av spørsmålet om ein frittståande klagerett for gjenopptakingssaker. Fleirtalet meinte også at ei sak som vert teke opp att, må førast for ein annan domstol enn den som handsama den opprinnelege saka. Forslagsstillarane meiner at Stortinget nå bør gje eit klart signal til Regjeringa om at ein slik klagerett skal opprettast.

    Komiteen vil visa til at spørsmålet om eigen klagerett og gjenopptaking av straffesaker har vore handsama av justiskomiteen ved fleire høve dei siste åra. Forslaget vart fyrste gong fremma av Jørgen Kosmo i Dok.nr.8:11 (1989-1990). Dokumentet frå Kosmo inneheldt også forslag om å utvida høvet til gjenopptaking av straffesaker.

       Komiteen vil visa til at mange endringar har vore gjort på dette området sidan forslaget vart fremma fyrste gongen. Krava til gjenopptaking er lempa på, men viktigast av alt, den såkalla to-instansreforma er vedteken av Stortinget. Komiteen slår fast at desse endringane har styrka rettstryggleiken i Noreg.

       Spørsmålet om eigen klagerett var sist drøfta i samband med Ot.prp. nr. 78 (1992-1993) . Eit fleirtal ba då Regjeringa følgje opp spørsmålet, og fremma eventuelle endringsforslag etter at spørsmålet hadde vore på høyring. Komiteen er klar over at to-instansreforma er svært omfattande og at gjennomføringa av denne har kravd store ressursar. I debatten om Ot.prp. nr. 78 (1992-1993) kom det fram at departementet burde prioritera gjennomføringa av denne reforma, før sak om klagerett vart fremma. Komiteen har difor forståing for at dette spørsmålet enno ikkje er greidd ut.

       Innføringa av to-instanshandsaminga vil redusera behovet for gjenopptaking, men også i framtida vil dette vera der. Etter komiteen sitt syn er det viktig at tilliten til det norske rettsvesen er så god som råd er. I dag er det same domstolen som har felt dommen som skal ta avgjerd om gjenopptaking. Dersom dette får nokon til å tvila på om avgjerda er rett, er det etter komiteen sitt syn eit problem i seg sjølv. Komiteen ynskjer difor at ein annan domstol enn den som feller dommen skal ta avgjerda om gjenopptaking.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, meiner at dette kan skje ved at ein annan sideordna domstol tek avgjerda, eller ved at slik avgjerd vert lagt til overordna domstol, eventuelt til ein eigen klagerett slik forslaget går ut på. Fleirtalet vil peika på at eit fleirtal i komiteen tidlegare har bede om at dette spørsmålet vert greidd ut.

       Fleirtalet vil be om at dette arbeidet vert sett i gang så snart som mogleg.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet mener at en egen klagerett etter dansk mønster vil være den beste løsningen. Ettersom et flertall i Stortingets justiskomité allerede i i sine komitémerknader til Ot.prp. nr. 78 (1992-1993) var enig om å be Regjeringen fremme forslag om en slik klagerett, og saken ble tatt opp første gang allerede i 1989-90 gjennom et Dok.nr.8-forslag fra stortingsrepresentant Jørgen Kosmo, ser disse medlemmer ingen grunn til ytterligere utredninger for å vurdere forslaget. Disse medlemmer mener at Regjeringen nå må få pålegg fra Stortinget om å komme tilbake til Stortinget med et konkret forslag om en egen klagerett for gjenopptakelsesbegjæringer. Disse medlemmer vil komme tilbake til spørsmålet om en slik klagerett også skal omfatte sivile saker i forbindelse med behandlingen av Dok.nr.8:63 (1993-1994).

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen legge frem lovforslag om opprettelse av en domstol (klagerett) med det formål å behandle gjenopptakelsesbegjæringer i straffesaker. »

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet:

       Stortinget ber Regjeringen legge frem lovforslag om opprettelse av en domstol (klagerett) med det formål å behandle gjenopptakelsesbegjæringer i straffesaker.

   Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

       Dok.nr.8:64 (1993-1994) om forslag fra stortingsrepresentantene Jan Simonsen og Tor Nymo om opprettelse av en domstol (klagerett) for gjenopptakelsesbegjæringer, vert å oversenda Regjeringa til utgreiing og uttale.

Oslo, i justiskomiteen, den 10. november 1994.

Lisbeth Holand, Olav Akselsen,
leiar. ordførar og sekretær.