Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1994 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 32 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 4 (1994-95)
  • Dato: 09.11.1994
  • Utgiver: utanrikskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

    I proposisjonen blir det foreslått å omfordele 317 mill. kroner mellom ulike postar på budsjettet for utviklingshjelp for å få til ein mest mogeleg effektiv bruk av løyvingane i 1994. Ein vesentlig del av midlane som er foreslått omfordelte har samanheng med at forhandlingane om ny kapitalpåfylling til Afrikabanken har trekt ut i tid, og at utbetalingane først vil skje i 1995. Samstundes har framdrifta i enkelte av uhjelpsprogramma vorte forsinka grunna ymse tilhøve i utviklingslanda.

       Det er i proposisjonen foreslått auka løyvingar til Midt-Austen, til gjeldslettetiltak og til ymse multilaterale organisasjonar.

       Det vises i proposisjonen til at det i 1994 er 8.588 mill. kroner til disposisjon til utviklingshjelp. Av dette er 503,8 mill. kroner overførde ubrukte løyvingar frå 1993 og 90 mill. kroner ekstra løyving knytta til hjelpetiltak i det tidlegare Jugoslavia, jf. St.prp. nr. 46, Innst.S.nr.200 (1993-1994).

      Fleirtalet i komiteen viser til proposisjonen og stør forslaga i denne.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Gundersen, vil støtte alle forslag til reduksjoner og går imot alle forslag til økninger.

    Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1994 vert det gjort følgjande endringar:

Auke

Kap. 140

Administrasjon av utviklingshjelpa
01 Løn og godtgjersle, vert auka med kr 340.000
frå kr 30.800.000 til kr 31.140.000

Kap. 141

Direktoratet for utviklingshjelp
01 Løn og godtgjersle, vert auka med kr 410.000
frå kr 60.010.000 til kr 60.420.000

Kap. 142

Lokale representasjonar
01 Løn og godtgjersle, vert auka med kr 215.000
frå kr 57.620.000 til kr 57.835.000

Kap. 143

Utanriksrepresentasjon/03-området
01 Løn og godtgjersle, vert auka med kr 110.000
frå kr 11.255.000 til kr 11.365.000

Kap. 154

Utviklingshjelp til Midt-Austen
70 Tilskot til tiltak for palestinarar, kan overførast,
vert auka med kr 50.000.000
frå kr 45.000.000 til kr 95.000.000

Kap. 160

Bilateral utviklingshjelp administrert av
internasjonale organisasjonar (multi-bi)
74 SN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO),
kan overførast, vert auka med kr 7.000.000
frå kr 14.000.000 til kr 21.000.000
82 SN sitt utviklingsprogram (UNDP), kan overførast,
vert auka med kr 27.000.000
frå kr 5.000.000 til kr 32.000.000

Kap. 161

Multilateral utviklingshjelp under SN og relaterte organisasjonar
71 Tilskot til SN sitt befolkningsfond (UNFPA),
vert auka med kr 10.000.000
frå kr 175.000.000 til kr 185.000.000
72 Tilskot til SN sitt barnefond (UNICEF),
vert auka med kr 10.000.000
frå kr 247.000.000 til kr 257.000.000
77 Tilskot til landbruksforsking, vert auka med kr 7.000.000
frå kr 33.000.000 til kr 40.000.000

Kap. 163

Multilateral utviklingshjelp under internasjonale finansieringsinstitusjonar
76 Tilskot til Nordisk utviklingsfond, kan overførast,
vert auka med kr 40.000.000
frå kr 20.000.000 til kr 60.000.000

Kap. 164

Utviklingshjelp via andre internasjonale organisasjonar
71 Tilskot til Kvinnene sitt internasjonale garantifond (WWB),
vert auka med kr 15.000.000
frå kr 3.000.000 til kr 18.000.000

Kap. 184

Gjeldsslettetiltak
71 Tilskot til fond for internasjonale gjeldsoperasjonar,
kan overførast, vert auka med kr 150.000.000
frå kr 110.000.000 til kr 260.000.000

Reduksjonar

Reduksjon i ubrukt løyving 1993, overført til 1994

Kap. 150

Utviklingshjelp til Afrika
73 Tilskot til Botswana, kan overførast,
vert redusertmed kr 3.390.000
frå kr 3.390.000 til kr 0
79 Andre tiltak Afrika, kan overførast,
vert redusert med kr 20.000.000
frå kr 29.555.000 til kr 9.555.000

Kap. 152

Utviklingshjelp til Mellom-Amerika
70 Tilskot til Nicaragua, kan overførast,
vert redusert med kr 434.000
frå kr 434.000 til kr 0

Kap. 160

Bilateral utviklingshjelp administrert av internasjonale
organisasjonar (multi-bi)
76 SN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur
(UNESCO), kan overførast, vert redusert med kr 4.000.000
frå kr 4.000.000 til kr 0

Kap. 180

Samarbeid med næringslivet
71 Tilskot til blanda kredittar til utviklingsland,
kan overførast, vert redusert med kr 11.000.000
frå kr 64.121.000 til kr 53.121.000
72 Tilskot til opplæring ved eksport, kan overførast,
vert redusert med kr 1.937.000
frå kr 1.937.000 til kr 0

Reduksjon i ordinær løyving (B.innst.S.nr.III) 1994

Kap. 150

Utviklingshjelp til Afrika
73 Tilskot til Botswana, kan overførast,
vert redusert med kr 10.910.000
frå kr 43.000.000 til kr 32.090.000

Kap. 152

Utviklingshjelp til Mellom-Amerika
70 Tilskot til Nicaragua, kan overførast,
vert redusert med kr 6.966.000
frå kr 70.000.000 til kr 63.034.000

Kap. 163

Multilateral utviklingshjelp under internasjonale
finansieringsinstitusjonar
72 Innskot i Den afrikanske utviklingsbank og fond,
kan overførast, vert redusert med kr 245.000.000
frå kr 245.000.000 til kr 0

Kap. 180

Samarbeid med næringslivet
72 Tilskot til opplæring ved eksport, kan overførast,
vert redusert med kr 2.063.000
frå kr 8.000.000 til kr 5.937.000

Kap. 185

Til dekning av ymse hjelpetiltak
70 Tilskot, kan overførast, vert redusert
med kr 11.375.000
frå kr 25.401.000 til kr 14.026.000

Oslo, i utanrikskomiteen, den 9. november 1994.

Haakon Blankenborg, Anne Enger Lahnstein,
leiar og ordførar. sekretær.