Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om endringar i løyvingar på statsbudsjettet for 1994 under Finans- og tolldepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 28 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 5 (1994-95)
  • Dato: 08.11.1994
  • Utgiver: finanskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       I Nasjonalbudsjettet 1995 kap. 5.4.1 blir Stortinget sitt vedtak av 17. juni 1994 omtalt. Regjeringa blir her bedt om å redusere Statens banksikringsfond med 260 mill. kroner.

       På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak av 17. juni 1994 blir det på statsbudsjettet for 1994 gjort framlegg om ei tilbakeføring frå Statens banksikringsfond på 260 mill. kroner. Beløpet blir løyvd under (nytt) kap. 5350 Tilbakeføring av middel frå Statens banksikringsfond, post 50 Overføring. Det blir elles vist til nærare omtale av Statens banksikringsfond i Nasjonalbudsjettet 1995.

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, frå Venstre, Lars Sponheim, frå Raud Valallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, viser til merknader frå komiteen og dei einskilde fraksjonane i B.innst.S.nr.IV (1993-1994). Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa og har elles ingen merknader.

      I St.prp. nr. 1 (1993-1994) Finans- og tolldepartementet, vedtak IV, punkt 2, er det ved ein inkurie ført opp ei garantiramme på 28 mill. kroner. Det korrekte skal vere at det samla ansvaret for lån som Noregs kommunalbank har teke opp, ikkje må overstige 28.000 mill. kroner. I tabelloppstillinga over garantiordningar på side 19 og i tekstomtalen på side 20, er korrekt garantiramme oppgjeven.

       På bakgrunn av dette blir det gjort framlegg om nytt vedtak om at statens samla ansvar for statsgaranti for lån som Noregs kommunalbank har teke opp, ikkje må overstige 28.000 mill. kroner.

       Komiteen sluttar seg til framlegget.

     Komiteen viser til proposisjonen og til det som står framføre og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

I.

       På statsbudsjettet for 1994 vert gjort følgjande endringar:

Kap. 5350

(Nytt) Tilbakeføring av middel frå Statens banksikringsfond
50 Overføring, blir løyvd med kr 260.000.000

II.

       Staten sitt samla ansvar for statsgaranti for lån som Noregs kommunalbank har teke opp, må ikkje overstige 28.000 mill. kroner i 1994.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. november 1994.
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Per Olaf Lundteigen, Per-Kristian Foss,
leiar. ordførar. sekretær.