5. Folketrygda
Ved utgangen av 1993 hadde om lag 950.000 personar langtidsbidrag frå folketrygda som si viktigaste inntektskjelde. Desse personane fordeler seg med om lag 624.000 personar på alderspensjon, om lag 232.000 på uførepensjon og om lag 90.000 på andre pensjonar/stønader (einslege, etterlatne m.v.). I tillegg var det om lag 265.000 personar med korttidsytingar frå folketrygda, fordelt med ca 66.000 på attføring, av desse om lag 21.000 på yrkesretta attføring (pr. 30. juni 1993) og om lag 50.000 på sjukepengar og om lag 150.000 på arbeidsløysetrygd.
Utgiftene til folketrygda gjeld både sosiale føremål og helsevern. Sosiale føremål gjeld hovudsakleg kontantutbetalingar til enkeltpersonar. Helsevern er sett saman av ulike tenester/finansieringsordningar for helseformål. Pasientar står som mottakarar av tenester, medan institusjonar og helsepersonell som regel får oppgjer direkte frå trygda.
I 1991-93 var utgiftsutviklinga slik:
Tabell 5. Utgifter under programområda 29 og 30 for åra 1991-93 (mill. kroner)
1991 | 1992 | 1993 | ||||
Sosiale formål | 90.029 | 94.460 | 93.490 | |||
Helsevern | 7.950 | 8.916 | 9.421 | |||
Sum | 97.979 | 103.376 | 102.911 | |||
Endring i % | -13,1 | 1 | 5,5 | -0,5 | 2 |
1 | Frå og med 1. januar 1991 vart rammetilskotta til fylkeskommunane og kommunane overført til statsbudsjettet. |
2 | Frå 1. januar 1993 er ansvaret for fødselspengar og adopsjonspengar overført til Barne- og familiedepartementet (ca 4.193 mill. kroner i 1993). |
Det har vore ein reduksjon i utgiftene på 0,5 % frå 1992 til 1993.
Tabell 6. Utgifter til sentrale føremål under programområda 29 og 30 for åra 1991-93 (mill. kroner)
1991 | 1992 | 1993 | ||||
Sosiale formål: | ||||||
Sjukepengar m.v. | 15.403 | 15.270 | 11.026 | 3 | ||
Attføring | 6.845 | 7.846 | 8.400 | |||
Uførepensjonar m.v. | 19.508 | 20.303 | 20.806 | |||
Alderspensjonar | 39.995 | 42.106 | 43.995 | |||
Helsevern: | ||||||
Helse- og sosialtenesta i fylkeskommunane | 1.263 | 1.462 | 1.573 | |||
Helse- og sosialtenesta i kommunane | 1.845 | 1.984 | 2.012 | |||
Refusjonar ellers | 4.842 | 5.470 | 5.836 |
3 | Frå 1. januar 1993 er ansvaret for fødselspengar og adopsjonspengar overført til Barne- og familiedepartementet. Pr. 31. desember 1993 utgjorde fødselspengar m.v. 4.193 mill. kroner. Tala for 1992 og 1993 kan difor ikkje samanliknast. |
For året 1993 utgjer alderspensjonane ca 42,8 % av dei totale utgiftene (område 29 og 30), uførepensjonar 20,2 % og sjukepengar 10,7 %.
Sjukefråværet og sjukepengeutgiftene viser framleis reell nedgang. Frå 1992 til 1993 var det ein reell nedgang i folketrygdas samla utgifter til sjukepenger i alt på 7,1 %. For perioden 1990 til 1993 er det tilsvarande talet på 16,2 %. Statistikkmateriale for åra 1990-93 viser ein forholdsvis sterk nedgang for arbeidstakarar, men utgiftene til sjukemeldte arbeidsledige har og gått sterkt ned som fylgje av lågare stønadsnivå.