Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

4. Overføringar frå staten

       Det har vore ei svak auke i dei samla overføringane (i faste prisar) til privat sektor i 1993. Privat sektor omfattar også Statens Banksikringsfond som fekk tilført 2.500 mill. kroner i 1992 og 0,9 mill. kroner i 1993. Dersom ein held desse løyvingane utanom, var det ein monaleg auke (om lag 2,8 %) i andre overføringar til private. Overføringane til kommunal sektor viser ein reell nedgang på om lag 3,2 %.

       Oppstillinga under viser utviklinga i samla overføringar dei siste åra (inkl. folketrygda).

Tabell 3. Samla overføringar

  Overføringar Pst. av BNP
  i alt utan olje
  Mill. kr og sjøfart
1986 153.099 34,3
1987 166.943 33,7
1988 177.457 34,0
1989 197.241 37,3
1990 218.470 39,9
1991 247.207 43,8
1992 255.826 43,7
1993 263.197 43,5


       I 1993 utgjorde dei samla overføringane 43,5 % av BNP, 0,2 prosentpoeng lågare enn året før.

       Dei samla overføringane auka nominelt med 2,9 %. Dersom ein held utgiftene til Statens Banksikringsfond utanom, auka dei andre overføringane med 3,9 %. Den underliggande veksten var såleis monaleg redusert frå året før då han var på 7,7 %.

       Oppstillinga i tabellen nedanfor viser samla overføringar på dei viktigaste formåla og samanlikna med tilsvarande utgifter i 1992.

Tabell 4. Overføringar etter formål

  1992 1993 Endring
  Mill. kr Mill. kr i %
Sosiale formål 95.234 98.872 3,8
Helsevern 33.679 33.106 -1,7
Undervisning, forsking og kultur 23.227 24.056 3,6
Jordbruk, skogbruk og fiske 14.923 14.565 -2,4
Arbeidsliv og distriktsutbygging 23.790 25.763 8,3
Utviklingshjelp 7.433 6.639 -10,7
Familie- og forbrukerpolitikk 15.065 15.774 4,7
Innanlands transport 6.439 5.884 -8,6
Nærings- og energiformål 4.504 8.441 87,4
Bustadformål 3.959 4.079 3,0
Finansadministrasjon 4.467 553 -87,6
Renter på statsgjeld 17.575 19.516 11,0
Andre overføringar 5.531 5.949 7,6
I alt 255.826 263.197 2,9


       Tabellen viser at det var særleg sterk auke i overføringane under områda arbeidsliv og distriktsutbygging og nærings- og energiformål. Under området arbeidsliv og distriktspolitikk var det fortsatt stor auke i utgiftene til dagpengar og arbeidsmarknadstiltak. Under området nærings- og energiformål var auken særleg stor som følgje av at stønadsordningane ved bygging av skip og fiskebåtar i 1993 vart rekneskapsførte under dette området, medan ordningane i 1992 vart rekneskapsførte under finansadministrasjon. Desse ordningane utgjer åleine ein auke på 2.002 mill. kroner. Det er òg ein monaleg auke i utgiftene til forskningsformål.