10. Kulturelle formål
Løyvingane til OL Lillehammer
Samla forbruk i 1993 under kapittel 390 dei Olympiske vinterleikane 1994, var 1.853 mill. kroner. Innanfor post 70 drifts- og arrangementsutgifter vart det forbrukt 1.592 mill. kroner, medan forbruket på post 80 investeringar var 261 mill. kroner. Akkumulert forbruk i perioden 1988-93 under kapittel 390 var 5.170 mill. kroner.
Det vart innbetalt 506 mill. kroner under kapittel 3390 OL-inntekter i 1993. Av desse var 213 mill. kroner sponsorinntekter, 128 mill. kroner inntekter frå kringkastingsselskap, 111 mill. kroner billettinntekter og 53 mill. kroner frå sal av OL-produkt. Akkumulerte OL-inntekter var 1.099 mill. kroner ved utgangen av 1993.
Organisasjonskomiteen for Lillehammer-OL (LOOC) hadde pr. 2. januar 1994 inngått avtaler for 5.848 mill. kroner, dvs. 90 % av utgiftsbudsjettet. Ein hadde i tillegg ein reservepost på 255 mill. kroner til å møte ikkje-budsjetterte problem og utgiftsrisiki. Pr. 2. januar 1994 var summen av slike utgiftsrisiki kalkulert til 30-80 mill. kroner.