3. Forslag frå mindretal
Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringa om å ta initiativ til at det blir skipa eit internasjonalt samarbeidsprosjekt i FN-regi for å kartleggja og å koordinere ressursar som kan setjast inn mot miljøtrugsmål knytta til atomverksemd og kjemiske våpen.
Forslag 2
Stortinget ber om at Regjeringa i internasjonale fora arbeider for avvikling av kjernekraft. Norge bør markere eit prinsipielt nei til kjernekraft og gå inn for at denne energiforma blir erstatta av meir miljøvennlege energikjelder og energiøkonomisering.