Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteens merknader

Komiteen har med uro merka seg at sivil og militær bruk av atomkraft på Kola utgjer eit omfattande trugsmål mot menneske- og naturmiljø. Det kan heller ikkje utelukkast at det finst lager av kjemiske våpen i området, eller at det har funne stad dumping av slike stridsmiddel i Barents- og Karahavet. Såvel drift av installasjonar som handtering og lagring av brukt uranbrensel, radioaktivt avfall og arsenhaldige våpen medfører stor miljørisiko.

       Komiteen vil understreke det ansvar Russland sjølv har til å rydde opp. Like fullt tilseier situasjonen at trugsmålet er så omfattande at det også må møtast gjennom eit bilateralt, regionalt og internasjonalt samarbeid.

       Komiteen seier seg samd med regjeringa i at det er eit overordna mål å verne helse, miljø og næringsverksemd mot radioaktiv forureining og forureining frå kjemiske stridsmiddel. Komiteen vil understreke at tiltak for å auke tryggleiken ved atominstallasjonar vil medføre store kostnader, og at det er vanskeleg for SUS-landa og Aust-Europa å prioritere dette høgt nok i den noverande økonomiske situasjonen. Det kan heller ikkje forventast utanlandsk assistanse i eit omfang som sikrar tilfredsstillande løysingar på kort sikt.

       Komiteen er samd i at det må vere eit langsiktig mål for norsk innsats i SUS og Øst-Europa å medverke til å setja desse landa i stand til sjølv å ta hand om problema sine. Men føresetnaden for dette er at desse landa utviklar ein meir solid økonomi, stabile politiske forhold, og medvite om miljøet. Også for å bekjempa faren for spreiing av kjernefysisk materiale er ei positiv økonomisk og sosial utvikling i Russland særs viktig.

       Komiteen vil understreke at nordisk samarbeid er viktig, med tanke på førebyggjande tiltak i Barentsregionen og i Baltikumregionen. Det er positivt at regjeringa vil delta aktivt i arbeidet for å utforma ein felles miljøvernstrategi for Barentsregionen gjennom Rovaniemi-prosessen. Komiteen er også samd med regjeringa i at det skjer ei vidareføring av det bilaterale samarbeidet med Russland på dette området. Det er vidare viktig at USA og Japan blir trekt aktivt med som samarbeidspartnarar. Det må også gjerast ein innsats for å styrkje det arbeid som kan utførast i regi av IAEA, NATO og EBRD.

       Komiteen vil og visa til at det nordlege Norge, Finland, Sverige og Russland i vesentleg grad utgjer det samiske busettingsområdet. Samene baserer seg i stor grad på ei primærnæring, som er sterkt eksponert for radioaktiv stråling Regjeringa bør vurdera, der det er naturleg, å trekkja Sametinget inn i samband med den vidare oppfølginga av denne saka.

       Komiteen viser til at kjernekraftverka på Kola, i Ignalina (Litauen) og Sosnovy Bor (St Petersburg) har reaktorar som høyrer til høgrisikogruppa. Fordi det ikkje er mogeleg å oppgradere desse til vestleg tryggingsnivå, rår G7-landa til at dei blir stengde av så snøgt som råd. Komiteen vil minne om dei mange driftsuhell som alt har funne stad ved t.d. Kola atomkraftverk. Det alvorlegaste hende i februar 1993, då den eldste reaktoren var nær ei nedsmeltingsulykke. Det rår brei fagleg semje om at det i Aust-Europa og i SUS-land finst 25 reaktorar som gjev stor grunn til uro. Av desse er 15 av Tsjernobyl-typen og 10 av typen VVER-440/230.

       Komiteen er samd med regjeringa i at det må skje ei styrt avvikling av høgrisikoreaktorar. Dette synet har brei internasjonal oppslutning. Det vil og vera nødvendig å gripe til kortsiktige, tekniske strakstiltak for å førebyggja nye uhell, slik Norge har teke initiativ til i samband med atomkraftverket på Kola. Frå norsk side er det ein klar føresetnad at slike tiltak ikkje skal forlenge drifta av reaktorane. Det er viktig at føresetnaden blir fylgd opp i praksis. Komiteen har merka seg at den europeiske utviklingsbanken (EBRD), som er sekretariat for G7-landa sitt atomsikringsfond, no engasjerer seg for å auke tryggleiken ved Kola atomkraftverk. Sekretariatet har fått mandat til å drøfte spørsmålet om avvikling av høgrisikoreaktorar med dei russiske styresmaktene.

       Komiteen er kjent med at Det internasjonale Atomenergibyrå (IAEA) er i gang med å kartleggje tryggleiken ved kjernekraftverk i Aust- og Sentral-Europa. Det blir og utarbeidd ein internasjonal konvensjon om tryggleiken ved sivile atomkraftverk.

       Komiteen vil vise til at det i dag ikkje finst noko samla oversyn over og vurdering av energibehova i området, og heller ikkje tilsvarande vurdering av ulike energidekningsmåtar.

       Komiteen vil be Regjeringa om å ta initiativ til også å setja energiforsyningsspørsmål på dagsorden i dei samarbeidsorgan som er oppretta for Nordvest-Russland og Baltikum. Formålet med eit slikt initiativ er m.a. å klargjera energipolitiske alternativ til kjernekraft.

       I denne samanhengen bør norske styresmakter leggja vekt på å vurdere ENØK-satsing og bruk av gass. I og med at Russland også har eit stort vasskraftpotensiale, bør det bli vurdert å utnytte dette betre enn tilfellet er i dag.

       Komiteen vil understreke at høgrisikoreaktorar i SUS og Aust-Europa bør leggjast ned så snart som råd. I påvente av at det skjer bør desse reaktorane bli sikra ved hjelp av kortsiktige, tekniske forbetringar som er eigna til å førebyggja ulykker i den tida dei framleis er i drift.

       Komiteen vil særleg understreke at tiltaka for sikker drift av atominstallasjonar og betre varslingsrutiner må setjast i verk i samsvar med internasjonale retningsliner.

       Komiteen vil understreke at det er viktig å satse på forsking. Det kan m.a. skje ved kjøp av kommunikasjonsutstyr o.l. til russiske forskarmiljø. Innsats innan dette området kan medverke til å gjera atomkraftverka tryggare.

       Komiteen har merka seg at Regjeringa, med sikte på å betre tryggleiken ved Kola atomkraftverk, har stilt 20 mill. kroner til rådvelde for strakstiltak under Handlingsprogrammet for Aust-Europa. Komiteen vil oppmoda til at innsatsen vert trappa opp.

       Komiteen viser elles til det verdfulle samarbeidet som går føre seg mellom Kola-kraftverket og dei norske atomtekniske miljøa på Kjeller og i Halden.

       Komiteen er nøgd med at Norge og Russland har underteikna ein ny avtale om varsling av atomuhell og utveksling av informasjon om atomkraftverk og sivile atomdrivne fartøy. Det er viktig at også Ukraina og Litauen blir med i eit slikt avtaleverk, og komiteen seier seg glad for at Norge arbeider for at at det skjer.

       Komiteen har med uro merka seg at opphopinga av atomubåtar med kjernebrensel om bord, og som blir tekne ut av drift, synest å ha eit større omfang enn det som går fram av meldinga. Dette understrekar kor viktig det er å kunne sikre tilgang på informasjon, slik at drøftingar om samarbeidstiltak kan gå føre seg på eit realistisk grunnlag.

       Komiteen konstaterer at dårleg vedlikehald av strategiske atomubåtar med kjernebrensle om bord i verste fall kan føre til reaktorhavari og totalforlis. Tidsfaktoren er i denne samanhengen viktig. Difor bør det skaffast fram materiale som gjev haldepunkt for kva tidsperspektiv ein har framfor seg med tanke på at det kan oppstå akutte og farlege situasjonar. M.a. vil mykje avhenge av politiske, sosiale og økonomiske faktorar. Situasjonen aktualiserer også oppfylgjing av den norsk-russiske varslingsavtalen av 1993.

       Etter at meldinga vart lagt fram for Stortinget har det frå russisk side kome ei utgreiing som konkluderer med at atomubåten Komsomolets bør forseglast der den ligg. Norske styresmakter har gitt uttrykk for at dei ikkje vil heva båten og meiner det er lite truleg at det vil oppstå skadeverknader ved eventuelle radioaktive utslepp slik båten no ligg.

       Komiteen konstaterer at det det førebels rår noko ulike syn på korleis sikringa av ubåten der han no ligg best kan skje og reknar med at Regjeringa kjem tilbake til saka på eit seinare tidspunkt.

       Komiteen har merka seg at store mengder brukt brensel hopar seg opp ved atominstallasjonane. Manglande kapasitet til å ta hand om avfallet aukar faren for dumping. Russland kan i dag ikkje løyse problemet på eiga hand. Fleire land bør difor gå saman om å medverke til ei forsvarleg handtering og lagring av radioaktivt avfall på Kola. Norge bør yte økonomisk støtte til dette arbeidet. Komiteen vil be regjeringa vurdere om det kan bli aktuelt å gå inn med pilotprosjekt i området. M.a. vil det vera ei nærliggjande oppgåve å sikre båten « Lepse ».

       Komiteen viser til den russiske kvitboka av 1993, der det blir stadfest at skort på lagerkapasitet fører til dumping av avfall i Barents- og Karahavet. Jamvel om radioaktiviteten i det undersøkte området framleis er svært lågt, må mykje setjast inn på å stanse dumpinga. Så langt har Russland reservert seg mot å ratifisere deler av Londonkonvensjonen om forbod av dumping av lågaktivt avfall. Det er viktig å arbeide for at Russland sluttar seg til avtalen. Norge må dessutan arbeide for at avtalen også kan anvendast på militært avfall.

       Komiteen meiner det må vera ei prioritert oppgåve å kartleggja kjeldene til radioaktiv forureining i Barents- og Karahavet. Ekspertgruppa under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen har utført to fellestokt og eit nytt tokt i 1994 er under planlegging. Norge og Russland samarbeider om å finne ut i kva grad utslepp frå reprosesseringsanlegget i Tsjeljabinsk blir transportert via elvesystemet til Karahavet. Sluttføring av kartleggingsarbeidet er ein føresetnad for utarbeiding av truverdige konsekvensanalyser.

       Komiteen har merka seg at Novaja Zemlia no er det einaste området for kjernefysiske sprengingar innan Russland. Det er målt store mengder langliva radioaktive stoff i testområda. Norge har interesse i å innleie samarbeid med russiske fagmiljø for å kartleggje miljøfarane. Det vil vera avgjerande at ein full prøvestansavtale kan kome i stand frå 1996. Avtalen vil stille store krav til verifikasjon og kontroll. Komiteen meiner dette er eit område som ligg til rette for norsk engasjement i tida framover. Det same gjeld spørsmålet om destruksjon av store mengder russiske kjernefysiske våpen. Meldinga peikar på at Norge gjennom NATO arbeider for å bringe vestleg assistanse inn i destruksjonsprosessen, t.d. ved forsyning av spesialkonteinarar.

       Komiteen viser til at også Norge stør opprettinga av eit vitskaps- og teknologisenter i Moskva for å medverke til omstilling til sivil verksemd.

       Komiteen konstaterer at Russland har store lager av kjemiske våpen. I tråd med Kjemivåpenkonvensjonen av 1993 skal landet øydelegge desse innan 10 år etter at konvensjonen er gjort gjeldande, dvs frå 1995/96. Ingen godkjent plan for gjennomføring er til no lagt fram. Det er usikkert om det finst lagra kjemiske våpen på Kola. Men det er uråd å sjå bort frå at kjemisk avfall kan vera dumpa i Barents- eller Karahavet. Først når konvensjonen tek til å gjelde vil Russland måtte leggja fram nøyaktige opplysningar om lokalisering av kjemiske stridsmiddel i sitt område. Dumping av kjemiske våpen fram til 1974 kjem ikkje inn under konvensjonen.

       Komiteen minner om at arsenhaldige stridsmidlar utgjer ein stor miljørisiko. Det er viktig at det tidlegast råd kan skaffast fram full oversikt over mogeleg lokalisering av kjemiske stridsmiddel på Kola. Norge må arbeide for snarleg ratifikasjon og ikrafttredelse av Kjemivåpenkonvensjonen.

       Komiteen ser det som nyttig å skilje mellom akutte miljøproblem og trugsmål som er i ferd med å byggje seg opp over lengre tid. Atomkraftverket på Kola er eit døme på det første, opphopinga av atomavfall i området illustrerer det andre.

       Stortingsmeldinga gjev ein grundig framstilling av dei miljøpolitiske utfordringane i vårt nærområde. Supplert med informasjon frå eit prosjekt utført i regi av organisasjonen Bellona, med støtte frå Utanriksdepartementet, har komiteen såleis hatt eit godt utgangspunkt for sitt arbeid.

       Komiteen meiner det vil vera behov for å intensivere kartleggingsarbeidet. Mange opplysningar er usikre. Dette heng saman med samfunnssituasjonen generelt i Russland, men og med vår evne til å forstå tilhøva. Dette talar for at breie fagmiljø blir knytta til det vidare arbeidet. Likeeins er det på det reine at frivillige organisasjonar kan spele ei viktig rolle. På den måten kan samarbeidet bli best mogeleg forankra i samfunnspolitiske realitetar. Siktemålet må i første omgang vera ei omfattande kartlegging av miljøkonsekvensar og finansieringsbehov.

       Komiteen meiner dette arbeidet bør resultere i ein handlingsplan der det går fram kva for tiltak regjeringa meiner er mest kostnadseffektive med omsyn til å fjerne trugsmålet om radioaktiv forureining av våre nærområde. Arbeidet med ei slik prioriteringsliste vil måtte ta tid. Medan dette pågår må ein del enkelttiltak iverksetjast slik at arbeidet mot trusselen frå atomforureining og kjemiske våpen ikkje stoppar opp. Regjeringa og Stortinget vil i statsbudsjettet for 1995 koma tilbake med konkrete løyvingar til atomførebyggjande tiltak i våre nærområde, i SUS og Aust-Europa.

       Komiteen har elles merka seg at beredskap i tilfelle ulykker er for lite utvikla i Nord-Norge. Det bør vurderast om det er behov for fleire målings- og varslingsstajonar. Når det gjeld medisinsk beredskap vil komiteen be Regjeringa vurdere å gje Regionsjukehuset i Tromsø eit spesielt ansvar.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, leiaren, Kullmann Five, Kolle Grøndahl, Gundersen, Hoel, Jagland, Berget Jørgensen, Petersen og Talleraas, viser til tidlegere merknader som understreker betydninga av m.a. IAEA, NATO og EBRD. Fleirtalet minner vidare om at desse problema er et felles europeisk ansvar. Derfor er det viktig å søkja støtte i Den europeiske unionen og arbeide for at EU sine program for økonomisk støtte blir brukt til til miljøformål i dette området. Det vert vist her til EU sitt engasjement i Tsjernobyl, og fleitalet ser det som svært viktig at EU i sterkare grad set inn ressursar også i nordområda. Norge og dei nordiske landa vil som medlem av EU kunne medverka til ein sterkare innsats i desse områda. (Det blir her synt til EU-parlamentet si handsaming 14. desember 1993 om atomtryggleikstiltak i Aust-Europa.)

       Fleirtalet ser det som nødvendig at koordineringsinnsatsen byggjer på det internasjonale samarbeidet som er i gang, der ei rekkje ulike organisasjonar og samanslutningar er involvert. Det ville vere ein føremon om dette kunne koplast saman med det arbeidet som går føre seg mellom G7-landa.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, Arnstad, Bondevik, Dale, Lahnstein og Solheim, meiner, i tråd med dokumentasjonen som er lagt fram i meldinga, at utfordringane må møtast gjennom eit omfattande internasjonalt samarbeid. Det er naturleg at EU tek del i dette på line med andre samarbeidspartnarar. Desse medlemmer vil hevde at den internasjonale innsatsen hittil har vore liten. Dette aktualiserer behovet for at det skjer ei kartlegging og koordinering av ressursane i FN-regi, slik det går fram av fellesmerknader frå komiteen.

       Desse medlemene vil peike på det store behovet som finst for kartlegging av miljøtrugsmål knytta til atomverksemd og kjemiske våpen. Det er og viktig å koordinere og målrette ressursar med tanke på å kunne etablere ein effektiv miljøstrategi. Desse medlemene vil på denne bakgrunnen be Regjeringa om å ta initiativ til at det blir skipa eit internsjonalt samarbeidsprosjekt i FN-regi for å ta seg av dei nemnde oppgåvene. Føresetnaden for at arbeidet skal lukkast er at det på internasjonalt nivå og blir gjort ein innsats for å gjera informasjon mest mogeleg tilgjengeleg.

       Desse medlemene vil fremja følgjande forslag:

       « Regjeringa blir beden om å ta initiativ til at det blir skipa eit internasjonalt samarbeidsprosjekt i FN-regi for å kartleggja og å koordinere ressursar som kan setjast inn mot miljøtrugsmål knytta til atomverksemd og kjemiske våpen. »

       Desse medlemene meiner at det internasjonale samarbeidet må ha som mål ei forsvarleg avvikling av atominstallasjonar og kjemiske våpen. Dette bør bli konkretisert gjennom ein internasjonal handlingsplan der det blir lagt stor vekt på energisamarbeid og og assistanse til omstrukturering av næringsliv. Norge bør aktivt medverke til å fremje eit internasjonalt samarbeid etter slike liner.

       Desse medlemene meiner det er positivt at spørsmålet om avvikling av høgrisikoreaktorar står sentralt i internasjonale fora. Men samstundes er det fare for at det kan bli bygd nye atomkraftverk i områda. Bak dette står kjernekraftinteresser i vest, i eit samspel med styresmakter i dei aktuelle landa.

       Desse medlemene vil peike på at det internasjonale samfunnet her står framfor eit prinsipielt linevalg. Norge bør internasjonalt arbeide for at kjernekraft blir erstatta med andre energikjelder og energiøkonomiseringstiltak. Det er særs viktig at Norge i internasjonale fora undertrekar at målet er avvikling av kjernkraft, ikkje å skape såkalla « sikker » teknologi. Dette synet gjeld og i høve til kjernekraft hos våre nordiske og vestlege allierte. Desse medlemene vil fremja følgjande forslag:

       « Stortinget ber om at Regjeringa i internasjonale fora arbeider for avvikling av kjernekraft. Norge bør markere eit prinsipielt nei til kjernekraft og gå inn for at denne energiforma blir erstatta av meir miljøvennlege energikjelder og energiøkonomisering. »

       Desse medlemene meiner at ei avvikling av atomkraftverket på Kola kan leggjast til rette etter slike liner. Ein stor del av krafta vert eksportert til Karelen, St Petersburg og Finland. Ved å minske eksporten av kraft frå området, utnytte det store potensialet for energiøkonomisering, framføre gass frå andre deler av Russland samt bruk av vasskraftressursar vil det vera mogeleg å skape eit energipolitisk alternativ til atomkrafta. Norge kan i denne samanhengen gå inn med kompetanse og overføring av teknologi.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke at EUs arbeid med å skape demokrati og markedsøkonomi i det tidligere kommunistiske Øst- og Sentral-Europa har vært meget omfattende. Også på miljøområdet har EUs innsats vært betydelig. EU, TACIS-programmet, har gjennom perioden 1991-1993 gitt mer enn 2 mrd. kroner til forbedring av atomsikkerhet i dette området. EU-landene har også signalisert en høy satsning i fremtiden.

       Pengene har i hovedsak gått til Russland og Ukraina. Midlene har bl.a. blitt brukt til å forbedre sikkerheten på atomkraftverkene, utarbeide foranalyser (feasibility studies), styrke kompetanse hos sikkerhetsmyndighetene og til å omskolere eksperter på militær atom-teknologi til sivile områder.

       Noe av EU-midlene har blitt brukt på Kola, men fokus har i større grad vært rettet mot sentrale deler av Øst- og Sentral-Europa. Disse medlemmer vil peke på at Norge som medlem i EU i stor grad vil være med å sette EUs prioriteringer på dette området. Sammen med de andre nordiske land vil vi kunne bidra til at EU i langt større grad enn i dag prioriterer nordområdene. Disse medlemmer vil derfor understreke at et EU-medlemskap for Norges og Nordens del vil kunne bidra til et bedre miljøarbeid i våre nærområder i nord.