Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Breimo, Fevåg, Frøiland, Gaundal, Gjul og Hegna, medlemene frå Høgre, Fatland og Finstad, og medlemet Hillgaar, viser til proposisjonen og støtter Regjeringa sitt forslag.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, leiaren, Chaffey, Enoksen og Giil, viser til at den samla produksjonen av petroleum på norsk sokkel var på omlag 138,7 millionar toe i 1993. Dette er ein klar auke frå 1992, då den samla petroleumsproduksjonen var på 132,7 millionar toe. Produksjonen er venta å stige dei næraste åra. Oljeproduksjonen isolert vil auke frå ca 2,27 millionar fat dagleg i 1993 til 2,8 millionar fat i 1996. Sjølv om produksjonen av olje venteleg vil verte redusert i 1997, vil den samla petroleumsproduksjonen halde seg høg til århundreskiftet. Gassproduksjonen er venta å stige frå ca 24,7 millionar toe i 1993 til ca 60 millionar toe kring århundreskiftet.

       Desse medlemene viser til at det høge utvinningstempoet vil føre til ei rask uttapping av dei viktigaste lagerressursane. Samstundes medverkar det høge aktivitetsnivået til å halde prisen på produkta nede.

       Desse medlemene viser til at dei ekstremt høge investeringane i tida 1993 til 1997 er venta å føre til ein dramatisk reduksjon før århundreskiftet.

       Desse medlemene ser det som viktig at vi får ei utflating av aktiviteten på ein slik måte at den reduksjonen i investeringsnivået som er venta kan verte mindre dramatisk.

       Desse medlemene ser det som viktig at både investeringar og utvinning vert halde på eit nivå som kan balansere ønskjet om betre pris på produkta, og at ein større del av petroleumsformuen kjem komande generasjonar til gode. Dette tilseier ein snarleg reduksjon i produksjonsnivået utover det som Regjeringa reknar med.

       Desse medlemene meiner at Gullfaks Sør ikkje bør planleggjast for utbygging og drift no.

       Med tilvising til ovannemnde, meiner desse medlemene at Stortinget bør utsetje å ta stilling til om Gullfaks Sør er lønsamt å byggje ut.

       Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti, Frafjord Johnson, stiller seg kritisk til dagens høye og voksende utvinningstempo på norsk sokkel og ser en mer langsiktig og balansert forvaltning av olje- og gassressursene som mer formålstjenlig. Et jevnere investeringsnivå på sokkelen vil tjene norsk næringsliv på lengre sikt og redusere vår oljeavhengighet. I dagens situasjon kan dette for eksempel gjøres ved en mer planmessig innfasing av nye utbygginger som kan kompensere for den relativt dramatiske nedgang som etterhvert er forventet i investerings- og produksjonsnivået.

       Dette medlem finner det imidlertid ikke hensiktsmessig å ta stilling til spørsmålet om utbygging av Gullfaks Sør nå. Dette medlem vil komme tilbake til dette når eventuelle planer for utbygging blir forelagt Stortinget og vil derfor gå inn for at lønnsomhetserklæringen for Gullfaks Sør tiltredes.