Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innledning

Til Stortinget.

       Nærings- og energidepartementet viser i proposisjonen til at olje- og gassfeltet Gullfaks Sør er lokalisert innafor utvinningsløyve 050, blokk 34/10, som vart delt ut i 1978. Dei utvinnbare reservane i Gullfaks Sør er om lag 18,5 mill. Sm3 olje, 15 mill. Sm3 kondensat og 62 mrd. Sm3 gass.

       Statoil er operatør med deltakarinteresse på 85 %, delt med 73 % på staten sitt direkte økonomiske engasjement (SDØE) og 12 % på Statoil sin økonomiske del.

       Departementet viser til at operatøren 29. oktober 1993 la fram ein rapport for departementet der det vart dokumentert at det vil vere lønsamt å byggje ut Gullfaks Sør.

       Etter departementet sine utrekningar vil utbygging av Gullfaks Sør gi god lønsemd. Med den same oljeprisen som vart brukt då overslag til revidert nasjonalbudsjett 1994 vart utarbeidd, har departementet rekna ut at ei framtidig utbygging av Gullfaks Sør har ein noverdi på 8 til 15 mrd. 1993-kroner før skatt og med 7 % diskonteringsrente, avhengig av kva for ei utbyggingsløysing som blir valt. Departementet meiner at Statoil si erklæring om at det vil vere lønsamt å byggje ut Gullfaks Sør, bør godkjennast. Det visast til at ei slik godkjenning får ingen verknader i budsjettet for SDØE i 1994. Søknaden om løyve til å byggje ut Gullfaks Sør vil bli lagt fram for Stortinget som eiga sak.