Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra justiskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Anders C Sjaastad, Arild Hiim og Kjellaug Nakkim om tiltak for å redusere kriminalitet blant barn og unge.

Innhold

Til Stortinget.

       Stortingsrepresentantene Anders C Sjaastad, Arild Hiim og Kjellaug Nakkim har den 22. mars d.å. fremsatt følgende forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om å redusere den kriminelle lavalder fra 15 til 14 år.
2. Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om en betydelig økning i rammen for foreldres erstatningsansvar, antydningsvis til kr 20.000.
3. Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om hjemmel for å kunne bringe en sak inn for konfliktråd selv om lovbryter ikke samtykker.
4. Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om hjemmel for å pålegge lovbrytere under den kriminelle lavalder å møte i konfliktråd.
5. Stortinget ber Regjeringen vurdere om grove og gjentatte tilfeller av skadeverk bør medføre utsettelse av adgangen til å ta førerkort for motorsykkel eller bil.»

       Bakgrunnen for forslaget er stadige rapporter om kriminelle handlinger begått av barn og unge. Høyre mener at det viktigste element for å motvirke og bekjempe kriminalitet blant barn og unge må være fortsatt satsing på forebyggende arbeid for å hindre at man starter en kriminell løpebane. Til tross for en styrket forebyggende innsats, er kriminaliteten blant barn og unge fortsatt skremmende høy. Det er derfor etter forslagsstillernes mening nødvendig å satse sterkere på tiltak som gjør det mulig å reagere raskere og mer konsekvent på lovbrudd begått av yngre lovbrytere. Forslagsstillerne understreker spesielt viktigheten av at det reageres på første lovbrudd og at det reageres raskest mulig på straffbare handlinger begått av barn og ungdom.

Komiteen sitt fleirtal, alle unntatt medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil som forslagstillarane slå fast at det er viktig med rask reaksjon når unge gjer seg skuldig i lovbrot. Etter fleirtalet sitt syn gir dagens lovverk fullt ut høve til dette, også mot born under den kriminelle lågalderen. Når born under den kriminelle lågalderen utfører straffbare handlingar, er det i første rekke foreldra eller andre føresette sitt ansvar å reagere og setja grenser. Ved fleire alvorlege lovbrot vil også det offentlege hjelpeapparatet med barnevernet i første rekkje, ha eit ansvar for å gripa inn. Fleirtalet vil peika på at om eit barn gjer fleire straffbare handlingar, kan det ofte vera uttrykk for eit behov om hjelp ut over det familien eller nærmiljøet kan gi. I slike tilfelle har barnevernet eit ansvar for å setja i verk tiltak med sikte på å hjelpa barnet. I første rekkje dreier det seg om friviljuge tiltak for barn og familie. Men dersom situasjonen tilseier det, kan det vera aktuelt å setja inn tvangstiltak. Fleirtalet viser til at barnevernslova gjev høve til å setja i verk særlege tiltak overfor barn med store åtferdsvanskar, medrekna born som har utført alvorlege eller fleire lovbrot. Eit slikt tiltak kan vera å plassera barnet i opplærings- eller behandlingsinstitusjon. Dette kan gjerast sjølv om barnet eller foreldra set seg mot dette.

       Fleirtalet viser vidare til at sjølv om den kriminelle lågalder er sett til 15 år, kan straffeapparatet etter gjeldande lov setja i verk ei rad med tiltak. Etter straffeprosesslova § 224 tredje ledd, kan ein setja i gang etterforsking mot personar under 15 år. Ein kan vidare føreta ransaking og beslag hjå og undersøking av mindreårige, jf. straffeprosesslova § 196, § 203, (jf. straffeprosesslova § 36 siste ledd) og § 157 andre ledd. I straffeprosesslova § 191 finn ein regelen om at personar kan bringast inn til politistasjonen i inntil fire timar. Denne regelen kan også nyttast mot born under 15 år. Det er med andre ord ikkje tilfelle slik somme hevdar, at det er fritt fram for born under 15 år å utføra straffbare handlingar.

       Komiteens mindretall, medlemmene fra Høyre og Fremskrittspartiet, er enig med forslagsstillerne i at det er nødvendig å satse sterkere på tiltak som gjør det mulig å reagere raskere og mer konsekvent på lovbrudd begått av yngre lovbrytere, både overfor unge førstegangskriminelle, og overfor grupper av sterkt belastede ungdomskriminelle i aldersgruppen 12-16 år. Disse medlemmer er også enig i at det er spesielt viktig at det reageres på første lovbrudd og at det bør reageres raskest mulig, slik at de barn og ungdom som begår et lovbrudd forstår at det får konsekvenser.

Øket erstatningsansvar for foreldre

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, viser til at det for tida pågår eit arbeid med å sjå på ulike erstatningsordningar, m.a. spørsmålet om ramma for foreldra sitt erstatningsansvar. Dette og andre spørsmål vil med det første verta sende ut på høyring. Fleirtalet har merka seg at dette arbeidet pågår, og vil venta med å ta endeleg stilling til dette spørsmålet til resultatet av dette arbeidet ligg føre. Fleirtalet vil likevel alt no peika på at eit erstatningsansvar på 20.000 kroner er for høgt.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke foreldreansvaret og familiens rolle som oppdrager når det gjelder bekjempelsen av kriminalitet, og støtter forslaget om å be Regjeringen legge frem forslag om en betydelig økning i rammen for foreldres erstatningsansvar, antydningsvis til ca kr 20.000. Samtidig vil disse medlemmer understreke at viktige samfunnsinstitusjoner som barnehage og skole i vårt samfunn også har påtatt seg et betydelig ansvar for barneoppdragelsen. Foreldrene kan derfor ikke alene gjøres ansvarlig dersom det går galt. Ytre omstendigheter utenom disse institusjonenes og foreldrenes kontroll kan også spille inn. Å fastsette erstatningsansvaret til ca kr 20.000 virker likevel rimelig. Det er et øvre beløp, og det er ikke større enn at det er mulig å håndtere for de fleste foreldre. En slik erstatningsplikt vil, slik forslagsstillerne antyder, kunne medvirke til å bevisstgjøre foreldre om deres ansvar for oppdragelsen av barna.

Konfliktrådsbehandling

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, viser til at ordninga med konfliktråd er nokså ny her i landet. Fleirtalet meiner at det ville vera feil å føreta vesentlege endringar i denne ordninga før ein får noko meir røynsle med korleis ordninga fungerer. Etter fleirtalet sitt syn er prinsippet om friviljug medverknad svært viktig for konfliktrådsordninga. Ved etablering av ei tvungen konfliktrådsordning vil det vera fare for at heile ordninga får endra profil, og at dei positive sidene ved denne ordninga vert svekka. Å påleggja eit barn å møta i konfliktråd dersom det ikkje har tilstått dei straffbare forholda konfliktrådet skal handsama, er truleg i strid med uskuldspresumpsjonen i artikkel 40 i FN sin konvensjon om rettane til born. Ein oppnår etter fleirtalet sitt syn lite ved å gi heimel til å påleggja eit barn å møta i konfliktråd, dersom det offentlege ikkje har sanksjonar å setja inn om barnet nektar å møte, eller lar vera å følgja opp dei avtalane som evt. er gjort i konfliktrådet. Slike eventuelle reaksjonar vil i så fall vera ulike former for straff, noko som kan stå i motstrid både til Grunnlova sin § 96 om at ingen skal straffast utan etter dom og internasjonale avtalar som t.d FN sin konvensjon om rettane til born.

       Innføringa av ein heimel til å gje pålegg om å møta i konfliktråd, reiser også spørsmål om kva for eit organ som skal sanksjonera denne heimelen. Dersom barnevernet vert pålagt ei slik oppgåve, vil det etter fleirtalet sitt syn bryta sterkt med den rolla barnevernet til no har spela som hjelpeinstans. Fleirtalet vil likevel visa til at ein har hatt gode røynsler med konfliktrådshandsaming for born under 15 år. Etter fleirtalet sitt syn kan mekling mellom ein ung lovbrytar og den lovbrotet har gått ut over, vera med å gi den unge lovbrytaren betre forståing for alvoret i det han/ho har gjort. Alt i dag ser ein at mange av sakene som er oppe til konfliktrådshandsaming, gjeld saker der born under 15 år er involverte. Ordninga bør likevel kunna bli omfatta av endå fleire barn enn det som er tilfellet i dag.

       Politi og barnevern bør etter fleirtalet sitt syn bli betre informert om denne ordninga og verta oppfordra til å ta ho i bruk. Dersom ei sak er eigna for handsaming i konfliktråd, bør politiet ta dette opp med foreldra/føresette og den fornærma. Politi og foreldre bør samarbeida om å motivera barnet til mekling der dette er mogleg. Også dersom barnevernet har ansvaret for barnet, bør barnet verta motivert til å delta i konfliktrådshandsaming. Fleirtalet kan ikkje stø forslaget om ein heimel for å kunna bringa ei sak inn for konfliktråd dersom lovbrytaren ikkje samtykkjer. Fleirtalet kan heller ikkje stø forslaget om ein heimel til å påleggja lovbrytarar under 15 år å møta i konfliktråd.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet ser på konfliktrådet som en meget velegnet institusjon for å få unge lovbrytere på rett kjøl igjen. I dag er det vilkår for konfliktrådsbehandling at partene er enige om å bringe saken inn for rådet. Disse medlemmer er enig med forslagsstillerne i at det bør gis hjemmel for å kunne bringe en sak inn for konfliktråd selv om lovbryter ikke samtykker. Det er sannsynlig at det i alle fall i enkelte tilfeller vil kunne virke oppdragende på den unge lovbryteren, og kanskje få vedkommende på bedre tanker. Disse medlemmer støtter også forslaget om at det bør gis hjemmel for å pålegge lovbrytere under den kriminelle lavalder å møte i konfliktråd. For denne yngre gruppen lovbrytere vil det å stå ansikt til ansikt med den skadevoldte sannsynligvis kunne være ekstra nyttig, med henblikk på å stanse en mulig fremtidig kriminell løpebane.

Innskjerping av hjemmelen til å utsette adgangen til å ta førerkort

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil visa til at dagens regelverk går ut på å hindre at folk som ikkje er skikka til å kjøra bil eller motorsykkel får ta førarkort. Fleirtalet kan ikkje sjå at det er nokon samanheng mellom det å utføra skadeverk og evna til å køyra bil. Fleirtalet vil visa til at det er utradisjonelt å supplera straff etter ei føresegn/lov med straff heimla i andre føresegnar/lover når det ikkje føreligg brot på desse. I straffelova er det rekna opp i alt 32 hovudtypar av lovbrot. Fleirtalet kan ikkje sjå at det er rett å ileggja ei form for tilleggsstraff for brot på ein av desse. Forslaget er etter fleirtalet sitt syn inkonsekvent. Dersom forslaget får fleirtal, kan ein risikera at ein person som har utført skadeverk vert idømt utsett høve til å ta førarkort, medan personar dømt for langt alvorlegare lovbrot ikkje får slik tilleggsstraff. Forslaget kan med andre ord slå svært urettvist ut. I svært mange yrke er det i dag krav til førarkort. Å nekta personar å ta førarkort fordi dei har gjort skadeverk, kan etter fleirtalet sitt syn i realiteten fungera som eit yrkesforbod. Ein jobb å gå til er det som for mange skal til for å koma ut av ein kriminell løpebane. Personar utan førarkort kan ha vanskelegare for å få seg jobb. Dersom forslaget får fleirtal, kan det etter fleirtalet sitt syn verka nett motsett av det forslagstillarane ynskjer. Fleirtalet stør ikkje forslaget om å utsetja høve til å ta førarkort for motorsykkel eller bil.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at forslagsstillerne ønsker å utvide hjemmelen i veitrafikklovens § 24, slik at man i større grad kan benytte muligheten til å utsette adgangen til å ta førerkort. I bestemmelsen krever man bl.a. « at det ikke er noe å si på hans vandel » for å få førerkort. Forslagsstillerne vil blant annet ha vurdert om grove og gjentatte tilfeller av skadeverk bør medføre utsettelse.

       Disse medlemmer kan se at det er mulig å reise prinsipielle motforestillinger mot forslaget fordi det ikke er samsvar mellom den type kriminalitet som er utøvd og den straffen som gis. Disse medlemmer vil imidlertid ikke vektlegge en slik innvending, og viser til at dagens lovverk allerede gir adgang til å koble straff i form av nektelse av bilbruk sammen med kriminell atferd som ikke trenger å ha hatt tilknytning til bilkjøring. I alle tilfeller bør slike prinsipper vike når hensikten er å finne frem til straffereaksjoner som kan medvirke til å forebygge kriminalitet hos unge lovbrytere. Det er liten tvil om at faren for utsatt førerkort kan veie tungt som generalpreventivt virkemiddel for unge mennesker.

       Disse medlemmer støtter forslaget.

Senkning av den kriminelle lavalder fra 15 til 14 år

       Komiteen viser til at Justisdepartementet i Ot.prp. nr. 26 (1986-1987) la frem forslag om å heve den kriminelle lavalder fra 14 til 15 år. Bare Fremskrittspartiets representanter stemte imot dette forslaget. Justiskomiteens mindretall, representantene fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, mente at vilkårene ennå ikke var til stede for å heve den kriminelle lavalder, men ville ikke motsette seg at lovendringen ble vedtatt for senere iverksettelse. Et forslag fra disse partiene om en slik utsettelse av ikrafttredelsen ble vedtatt av stortingsflertallet. I Ot.prp. nr. 50 (1988-1989) foreslo Justisdepartementet at lovvedtaket om å heve den kriminelle lavalder skulle settes i kraft. Forslaget ble støttet av stortingsflertallet.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil syne til at spørsmålet om kvar grensa for den kriminelle lågalderen skal gå, har vore drøfta ved ulike høve dei siste åra. Bakgrunnen for å heva den kriminelle lågalderen var dei skadeverknadane eit evt. fengelsesopphald vil ha på unge lovbrytarar. Fleirtalet vil her syne til fleirtalet sine merknader i Innst.O.nr.86 (1988-1989) .

       « Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, har merket seg den forskning og de resultater som er kommet fram når det gjelder virkningen av fengsling på barn og unge. Flertallet vil understreke at de unge dette gjelder allerede er psykisk ustabile, og at den isolasjon et fengselsopphold medfører, vil kunne gi ytterligere psykiske skader som igjen kan resultere i økt kriminell atferd. »

       Med heving av den kriminelle lågalderen frå 14 til 15 år, kom Norge på line med dei andre nordiske landa på dette feltet. Med bakgrunn i det ein veit om skadeverknadene ved evt. fengselsopphald for born under 15 år og med dei reaksjonsformane som barnevernet rår over, kan ikkje fleirtalet stø framlegget om reduksjon av den kriminelle lågalder. Fleirtalet trur ikkje at forbod og påbod åleine kan føra unge lovbrytarar inn på betre spor. Ein må i stor grad også leggja vekt på positive tiltak for å nå dette målet.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil vise til følgende merknad fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet i Innst.O.nr.86 (1988-1989) :

       « Komiteens mindretall, medlemmene fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, er enig i at fengselsopphold kan ha en uheldig virkning især overfor yngre lovovertredere hvis de blir plassert sammen med eldre og kriminelt mer belastet klientell. Disse medlemmene mener derfor lovregler og rutiner må utformes slik at fengsling av de yngste lovovertrederne i størst mulig grad kan unngås. Overfor ungdom som f.eks. har begått drap eller annen særdeles grov kriminalitet vil det likevel være uforsvarlig å redusere mulighetene for tvangsplassering eller annen forvaring. Kriminelt belastet ungdom mellom 14 og 15 år kan etter disse medlemmers vurdering bli påført stor psykisk og fysisk skade dersom de gis anledning til å fortsette sin kriminelle aktivitet i enda et år før samfunnet griper inn. Denne skade kan være langt større enn virkningen av en mild strafferettslig reaksjon. Dessuten vil det kunne utløse ny kriminalitet som kan tvinge frem økt bruk av fengsling av ungdom som er fylt 15 år. »

       Disse medlemmer er i hovedsak enig i disse betraktningene, og støtter forslaget å senke den kriminelle lavalder fra 15 til 14 år.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener den kriminelle lavalder bør heves til 16 år og viser i den forbindelse til merknader i Innst.S.nr.192 (1991-1992) om bekjempelse av kriminalitet.

       Komiteen sitt medlem frå Kristeleg Folkeparti ser at det kan vera argument som talar for å senka den kriminelle lavalder frå 15 til 14 år.

       På den andre sida må det strekast under at det ikkje er lang tid sidan den kriminelle lavalder vart sett opp frå 14 til 15 år.

       Det vil no vera naturleg å satsa sterkt på førebyggjande arbeid mellom born og unge. Dette kan m.a. skje ved å styrkja frivillige lag og organisasjonar, som i dag driv eit aktivt og allsidig arbeid mellom born og unge.

       Førebyggjande arbeid kan også skje ved haldningsskaping via skuleverket. Dersom det vert skapt haldningar som rustar opp moralske og etiske verdiar, vil dette vera eit aktivt bidrag i kampen mot barne- og ungdomskriminalitet.

       Dette medlemet vil difor vinna meir erfaring med den eksisterande kriminelle lavalder, før ein evt. går inn for senking. Dette medlemet er ikkje innstilt på å heva den kriminelle lavalder ut over dagens nivå.

       Dette medlemet går difor i denne omgang inn for at den kriminelle lavalder vert ståande uendra; 15 år.

Forslag fra Høyre og Fremskrittspartiet:

Forslag 1

       Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om å redusere den kriminelle lavalder fra 15 til 14 år.

Forslag 2

       Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om en betydelig økning i rammen for foreldres erstatningsansvar, antydningsvis til kr 20.000.

Forslag 3

       Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om hjemmel for å kunne bringe en sak inn for konfliktråd selv om lovbryter ikke samtykker.

Forslag 4

       Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om hjemmel for å pålegge lovbrytere under den kriminelle lavalder å møte i konfliktråd.

Forslag 5

       Stortinget ber Regjeringen vurdere om grove og gjentatte tilfeller av skadeverk bør medføre utsettelse av adgangen til å ta førerkort for motorsykkel eller bil.

Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

       Dok.nr.8:36 (1993-1994) - Forslag fra stortingsrepresentantene Anders C. Sjaastad, Arild Hiim og Kjellaug Nakkim om tiltak for å redusere kriminalitet blant barn og unge - avvises.

Oslo, i justiskomiteen, den 9. mai 1994.

Anders C Sjaastad Jan Simonsen, Olav Akselsen,
fung. leder ordfører. sekretær.