4. Nærmare om avansesystemet

4.1 Avansesystemet - særskild utrekningsgrunnlag

Samandrag

       Avansesystemet inneber at avgiftspliktige vidareforhandlarar reknar meirverdiavgifta av avansen i staden for det fulle salsvederlaget. Avansen kjem ein fram til ved å trekkje kjøpspris frå salspris. Sjølve avgifta skal ikkje reknast med i grunnlaget.

       Avgifta skal som hovudregel reknast ut for kvar enkelt vare og bli teke med på omsetningsoppgåva som utgåande avgift kvar termin. Dersom innkjøpsprisen overstig salsprisen for same vare, skal differansen mellom innkjøpsprisen og salsprisen ikkje kunne avreknast mot avanse som kjem fram ved sal av andre varer. Ei slik avrekning ville stride mot prinsippet om at det skal reknast avgift av kvar enkelt vare.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget i proposisjonen når det gjelder beregningen av avgiftsgrunnlaget.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.

4.2 Fastsetjing av utrekningsgrunnlaget på bakgrunn av samla kjøp og sal i den enkelte termin (terminvis avanse)

Samandrag

       Det vil ikkje alltid vere mogleg å rekne ut meirverdiavgifta på grunnlag av kjøps- og salsprisen til den enkelte vara. Dette gjeld i tilfelle der vidareforhandlaren gjer eit samla innkjøp, til eksempel av eit dødsbu, der prisen på den enkelte vare ikkje blir ført opp i salsdokumentet. Same forhold vil kunne gjere seg gjeldande der ei enkelt vare inngår i eit vidaresal av fleire varer som blir selte under eitt, til eksempel sal av ei samling frimerke. Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om at utrekningsgrunnlaget, altså avansen, i desse tilfella kunne fastsetjast på grunnlag av samla kjøp og sal i den enkelte termin, der kjøps- og/eller salsprisen for den enkelte vare ikkje er kjent. Dette inneber at tap på enkelte transaksjonar i slike tilfelle vil kunne bli avrekna mot gevinstar på andre når utrekningsgrunnlaget for meirverdiavgifta skal fastsetjast.

       Dersom samla kjøp eller sal utgjer 80 % eller meir av omsetninga i terminen, kan reglane om samla terminvis avanse etter framlegget nyttast og for andre brukte varer m.v., der kjøps- og salsprisen let seg fastsetje.

       Det er berre varer der avgifta blir rekna ut etter avansesystemet ein skal ta omsyn til ved vurderinga av om samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av omsetninga. Vidare er det (den positive) avansen for enkeltgjenstandar som skal reknast med i det samla terminvise utrekningsgrunnlaget.

       Departementet er einig i at reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag vil vere ein kompliserande faktor ved avansesystemet. Dette gjeld særleg reglane om at dersom samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av omsetninga i terminen, kan reglane om samla terminvis avanse og nyttast for varer der kjøps- og salsprisen let seg fastsetje. Det er og grunn til å tru at desse reglane vil kunne skape vanskar når det gjeld den praktiske rekneskapsføringa.

       Departementet finn likevel at avansesystemet bør innehalde reglar om samla terminvis utrekningsgrunnlag. Mange vidareforhandlarar ville i liten grad kunne nytte avansesystemet utan slike reglar. Dette gjeld forhandlarar som for ein stor del gjer samla kjøp og sal. For at desse vidareforhandlarane skal kunne halde seg til berre ei særordning for utrekning av meirverdiavgift ved omsetning av brukte varer m.v., er det etter framlegget i ei viss utstrekning mogleg å nytte reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag for andre brukte varer m.v. der kjøps- og salspris er kjent.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget i proposisjonen om fastsettelse av terminvis avanse som avgiftsgrunnlag. De aktuelle reglene kan bli noe vanskelig å praktisere. Flertallet forutsetter derfor at det i forskrift fastsettes detaljerte regler for hvordan den næringsdrivende skal innrette seg med hensyn til bokføring og registrering av varene.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.

4.3 Kven kan nytte avansesystemet

Samandrag

       Det er berre avgiftspliktige vidareforhandlarar som etter framlegget kan nytte avansesystemet. « Avgiftspliktig vidareforhandlar » er etter lovframlegget definert som verksemd som med tanke på vidaresal innkjøper m.v. brukte varer, kunstverk, samleobjekt eller antikvitetar. Det er ikkje noko krav om at sal av brukte varer m.v. er hovudverksemda til vidareforhandlaren. Mange vidareforhandlarar vil i tillegg drive anna verksemd, til eksempel sal av nye varer. « Vidaresal » omfattar og avgiftspliktig omsetning ved kommisjon, herunder auksjon, jf. meirverdiavgiftslova § 10 første ledd.

       Uttrykket « innkjøper m.v. » er frå departementet si side meint å inkludere også det forhold at vidareforhandlaren kan nytte avansesystemet når den avgiftspliktige omsetninga skjer ved kommisjon, herunder auksjon. Det vil i desse tilfella ikkje vere riktig å hevde at kommisjonær/auksjonarius kjøper varene. Vidare er uttrykket meint å omfatte det forhold at vidareforhandlaren kan nytte avansesystemet der vederlaget for varene er noko anna enn vanlege betalingsmiddel (bytehandel).

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget i proposisjonen om hvem som skal kunne benytte avansesystemet.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.

4.4 Vilkår for å kunne nytte avansesystemet

Samandrag

       For at ein vidareforhandlar skal kunne nytte avansesystemet er det eit vilkår at vara er kjøpt frå ein seljar som ikkje skal krevje opp meirverdiavgift ved salet av dei brukte varene m.v. til vidareforhandlaren (pkt. 1, 2 og 4 nedanfor) eller som ikkje skal føre meirverdiavgiftsbeløp på salsdokumentet (pkt. 3 nedanfor). Det er og eit vilkår at seljaren ikkje har hatt rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift då han skaffa varene. Vidareforhandlarar vil dermed ha rett til å nytte avansesystemet ved kjøp av brukte varer m.v. frå følgjande subjekt:

1. Privatpersonar.
2. Ikkje-avgiftspliktige næringsdrivande eller offentlege institusjonar.
3. Andre avgiftspliktige vidareforhandlarar.
4. Avgiftspliktige næringsdrivande med avskoren frådragsrett (meirverdiavgiftslova § 14 og § 22).

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, er enig i de vilkår for å kunne benytte avansesystemet som er trukket opp i proposisjonen.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.

4.5 Avgifta skal ikkje førast i fakturaen - ordninga med avansen som utrekningsgrunnlag er frivillig

Samandrag

       Når avgifta blir rekna ut etter avansesystemet, skal avgifta etter framlegget ikkje førast på fakturaen. Dette for å hindre at slik meirverdiavgift skal kunne trekkjast frå i neste ledd dersom kjøparen er ein registrert næringsdrivande. Vidareforhandlarar kan derfor alltid velje å rekne ut avgifta etter dei alminnelege reglane, der heile vederlaget er utrekningsgrunnlag. Dette vil forhandlaren truleg gjere dersom det er ein registrert avgiftspliktig som er kjøpar. Kjøparen har i desse tilfella frådragsrett for inngåande meirverdiavgift og får løfta av meirverdiavgifta på vanleg måte.

       Etter departementet si vurdering er det ikkje ønskjeleg å nekte vidareforhandlarar valfridom når det gjeld kva for grunnlag som skal nyttast ved utrekninga av avgifta i det enkelte tilfellet. Framlegget om valfridom vil leggje forholda betre til rette for å hindre dobbel avgiftsbelastning og kumulativ avgiftseffekt.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget i proposisjonen om en valgfrihet mellom enten å benytte avansesystemet, og da ikke føre merverdiavgiften i fakturaen, eller å benytte vanlig merverdiavgiftsberegning av hele salgsvederlaget, og da med angivelse av avgiftsbeløpet i fakturaen.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.

4.6 Kva for varer er omfatta av avansesystemet

Samandrag

       Etter framlegget er det berre ved omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar at vidareforhandlarar har rett til å nytte avansesystemet.

       Når ein skal definere omgrepet « brukte varer » i denne samanheng bør ein ikkje leggje avgjerande vekt på om vara er brukt eller ikkje.

       Den nærmare definisjonen av brukte varer vil etter framlegget bli teke inn i forskrift.

       Den harmoniserte tolltariff har presise definisjonar av omgrepa « kunstverk, samleobjekt og antikvitetar ». Den nærmare avgrensinga av kva for kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som gir rett til å nytte avansesystemet bør derfor byggje på tolltariffen, og bli teke inn i forskrift. Både kunstverk, samleobjekt og antikvitetar vil ofte falle inn under definisjonen av brukte varer, men treng ikkje alltid gjere det. Presiseringa av at denne typen varer og skal vere omfatta av ordninga kan derfor vere viktig i enkelte samanhengar.

       Departementet vil i samband med det ovanfor nemnte forskriftsarbeidet leggje vekt på dei val andre land har gjort på dette området. Departementet går ut frå at eventuelle materielle endringar i forhold til gjeldande rett vil vere marginale.

       Definisjonen av kunstverk bør etter departementet si meining vere den same anten det gjeld kunstverk etter § 5 første ledd nr. 1 bokstav a, ny § 66a, jf. ny § 66c, § 62 nytt andre ledd og § 63 andre ledd, jf. nytt tredje ledd.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget i proposisjonen om hvilke varer som skal omfattes av avansesystemet. Som nevnt i merknaden under pkt. 2, går flertallet imot departementets forslag om at frimerker, sedler og mynter skal omfattes av de nye særreglene, jf. merknad under pkt. 7.4.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.