Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Samandrag

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er Regjeringas øvste representant og tek vare på statens interesser på øygruppa. Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett.

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett. Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yt staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa.

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken er: ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Regjeringa er no i gang med utarbeiding av ei ny stortingsmelding for Svalbard som skal leggjast fram for Stortinget i april 2009. Meldinga vil innehalde ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av norsk svalbardpolitikk sett opp mot dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard.

Svalbard er ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda. Å vere til stades på Svalbard bidrar til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Regjeringa ønskjer derfor ei robust busetjing i Longyearbyen og vil arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna koordineringsansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Dette reiser særskilte utfordringar som gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

I tillegg til Det interdepartementale polarutvalet er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av Svalbard. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Han har òg ei viktig oppgåve som miljøforvaltar, og har den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Ein viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen, er Longyearbyen lokalstyre. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med dei å bidra til å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor.

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2009 er 231,7 mill. kroner. Dette er 10,5 mill. kroner eller 4,7 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2008. Underskotet på svalbardbudsjettet for 2009 er stipulert til 129,9 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. I saldert budsjett 2008 var underskotet som ble dekt inn med tilskot frå statsbudsjettet på 143,5 mill. kroner (9,5 pst. høgare enn i forslaget for 2009).

Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vorte auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2009 utgjer 56,1 pst. av dei venta inntektene. Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten. Skatteinntektene for 2009 er rekna til 101,8 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 43,9 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste, som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift og Statens bygningar i Longyearbyen. For 2009 er det òg foreslått å løyve 3,5 mill. kroner til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. Til Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur.

For 2009 er det foreslått løyvd netto om lag 388 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 100 mill. kroner til svalbardformål, ei auke på 8,6 pst. samanlikna med saldert budsjett 2008. Om lag 80 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Direktoratet for naturforvalting (1,6 mill. kroner), Statens kartverk (13 mill. kroner) og til forsking og miljøovervaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd (12 mill. kroner).

Miljøvernarbeidet vil i 2009 halde fram med å ha fokus på vern av villmarksområde på Svalbard mot inngrep og forstyrring, og då særleg med tanke på regulering av ferdsel i verneområda og vern av Svalbards kystfarvatn mot potensiell forureining.

Klimaendringane gjer seg sterkare gjeldande på Svalbard, og vi ser no truleg starten på nye, omfattande miljøutfordringar. Samtidig er Svalbards rolle og betyding som internasjonal forskingsplattform styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, gjennom Det internasjonale polaråret. Det vil derfor bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set oss i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga.

Over Nærings- og handelsdepartementets budsjett vil det bli løyvd 42,1 mill. kroner til svalbardformål. Staten har eigarinteresser i følgjande selskap på Svalbard: Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS, Kings Bay AS, Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard, Svalbard Reiseliv AS, Svalbard Satellittstasjon og Svalbard Rakettskytefelt. Av desse vil to få overført statlege midlar i 2009. Kings Bay AS (kraftproduksjon) vil få 40 mill. kroner, og det er ein føresetnad at 25 mill. kroner av dette blir nytta til bygging av nytt kraftverk. Etter Regjeringas syn er det naudsynt med nytt kraftverk for å sikre stabil og miljøvennlig energiproduksjon. Svalbard Reiseliv AS vil få eit tilskot på 2,1 mill. kroner, kor målet er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

Store Norske Spitsbergen Kullkompani legg planar for framtidig kolproduksjon i førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva, som venteleg går tom om 5–6 år.

Over Kunnskapsdepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 125 mill. kroner til svalbardformål i 2009, ei auke på 6,2 pst. Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda det siste tiåret. Til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er det foreslått eit tilskot på 82,2 mill. kroner. Tilskot vil også bli gitt til Noregs forskingsråd (16 mill. kroner), fondet for forsking og nyskaping – satsing på polarklimaforsking (7,5 mill. kroner) og barnehagar (8,673 mill. kroner).

Det vil også bli løyvd midlar til svalbardformål over budsjetta til Kultur- og kyrkjedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Justisdepartementet (til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap).

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Med verknad frå og med inntektsåret 2008 gjorde Regjeringa visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Etter Regjeringas syn gjer endringane skattesystemet meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast.