5. Komiteens tilråding
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
På svalbardbudsjettet for 2008 bevilges under:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Kroner | ||
Utgifter | ||||||
1 |
Svalbard kyrkje |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
3 600 000 |
||||
2 |
Tilskot til kulturelle formål m.m. |
|||||
70 |
Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard |
960 000 |
||||
3 |
Tilskot til Longyearbyen lokalstyre |
|||||
70 |
Tilskot til Longyearbyen lokalstyre |
88 800 000 |
||||
5 |
Sysselmannen (jf. kap. 3005) |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
26 250 000 |
||||
6 |
Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006) |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
67 600 000 |
||||
7 |
Tilfeldige utgifter |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
4 100 000 |
||||
9 |
Kulturminnetiltak |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
2 100 000 |
||||
11 |
Bergmeisteren (jf. kap. 3011) |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
1 310 000 |
||||
17 |
Refusjon til Norsk Polarinstitutt |
|||||
50 |
Refusjon |
2 800 000 |
||||
18 |
Fyr og radiofyr |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
3 450 000 |
||||
19 |
Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
5 950 000 |
||||
20 |
Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020) |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
11 100 000 |
||||
45 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast |
600 000 |
||||
22 |
Likningsforvaltninga for Svalbard |
|||||
1 |
Driftsutgifter |
2 627 000 |
||||
Totale utgifter |
221 247 000 | |||||
Inntekter | ||||||
3005 |
Sysselmannen (jf. kap. 5) |
|||||
1 |
Diverse inntekter |
250 000 |
||||
3006 |
Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6) |
|||||
1 |
Leigeinntekter |
1 100 000 |
||||
3020 |
Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20) |
|||||
1 |
Inntekter |
2 820 000 |
||||
3030 |
Skattar og avgifter |
|||||
70 |
Skattar m.m. |
69 000 000 |
||||
71 |
Utførselsavgift |
3 500 000 |
||||
72 |
Utmålsgebyr, årsavgift |
1 090 000 |
||||
3035 |
Tilskot frå statsbudsjettet |
|||||
70 |
Tilskot |
143 487 000 |
||||
Totale inntekter |
221 247 000 |
II
Formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2008 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
-
a) Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
-
b) Selskap og samanslutning som nemnd i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
-
a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: Låg sats: 8 pst. Høg sats: 22 pst.
-
b) Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattas av b) på 20 000 kroner
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
III
Bestillingsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2008 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.
IV
Merinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2008 kan overskride løyvinga under
-
– kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2
-
– kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.
V
Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjetterminen 2008
For budsjetterminen 2008 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:
-
– 1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,
-
– 0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,
-
– 0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,
-
– 0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,
-
– 0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,
-
– 0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,
-
– 0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,
-
– 0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,
-
– 0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,
-
– 0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.