Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

På svalbardbudsjettet for 2007 bevilges under:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Kroner

Utgifter

1

Svalbard kyrkje

1

Driftsutgifter

3 350 000

2

Tilskot til kulturelle formål m.m.

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960 000

3

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

86 954 000

5

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

1

Driftsutgifter

25 800 000

6

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

1

Driftsutgifter

65 700 000

7

Tilfeldige utgifter

1

Driftsutgifter

4 100 000

9

Kulturminnetiltak

1

Driftsutgifter

2 100 000

11

Bergmeisteren (jf. kap. 3011)

1

Driftsutgifter

1 310 000

17

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

50

Refusjon

2 750 000

18

Fyr og radiofyr

1

Driftsutgifter

3 400 000

19

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

1

Driftsutgifter

5 600 000

20

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

1

Driftsutgifter

10 659 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

500 000

22

Likningsforvaltninga for Svalbard

1

Driftsutgifter

2 500 000

Totale utgifter

215 683 000

Inntekter

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1

Diverse inntekter

300 000

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1

Leigeinntekter

1 100 000

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

1

Inntekter

2 784 000

3030

Skattar og avgifter

70

Skattar m.m.

83 000 000

71

Utførselsavgift

3 500 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 090 000

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

70

Tilskot

123 909 000

Totale inntekter

215 683 000

II

Formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2007 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1: 10 pst. av allminneleg inntekt Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10 000

  • b) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: 12 pst.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Skjermingsrenta for fastsetjing av berekna personinntekt for sjølvstendig næringsdrivande

Skjermingsrenta som nemnt i skattelova § 12-12 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

III

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2007 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2007 kan overskride løyvinga under

kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2

kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.

V

Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjetterminen 2007

For budsjetterminen 2007 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna.

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.