Sammendrag
Det blir fremja eit eige svalbardbudsjett fordi artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard, og korleis desse midlane kan nyttast. Stortinget slutta seg til ynskjet frå Regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett under handsaminga av St.meld. nr. 9 (1999-2000).
Måla for svalbardpolitikken vart vedtekne ved handsaminga av St.meld. nr. 40 (1985-1986), og stadfesta i St.meld. nr. 9 (1999-2000). Måla er ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området, og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.
Justisdepartementet har ansvar for å samordne forvaltninga sitt arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk. Samordninga skjer i hovudsak i det interdepartementale Polarutvalet. Sysselmannen, Regjeringa sin øvste representant på Svalbard, og Longyearbyen lokalstyre er viktige medspelarar for å sikre ei god forvaltning av øygruppa.
Det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra som kjem. Regjeringa utarbeider i den samanheng ein strategi for nordområda. Denne strategien skal vere langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og vil omfatte fleire departement sine ansvarsområde. Svalbard er ein viktig del av våre nordområde, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda.
Det internasjonale polaråret 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle.
Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan forsking på Svalbard. Koordinering av denne verksemda er blitt stadig viktigare.
Regjeringa har i 2006 vedteke å etablere Svalbard globale frølager.
Budsjettramma for svalbardbudsjettet for 2007 er 215 683 000 kroner. Dette er ei auke på 14,5 pst. i forhold til vedteke budsjett for 2006, og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett. I 2007 vil dette tilskotet, som er den største inntektsposten på svalbardbudsjettet, utgjere 57,4 pst. av dei venta inntektene, mot 51,2 pst. i budsjettet for 2006.
Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten. For 2007 er skatteinntektene rekna til 87 590 000 kroner, som er av det same som vedteken løyving for 2006. Det utgjer 40,6 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet for 2007.
Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Store utgiftspostar er Sysselmannen si transportteneste, løyving til Sysselmannen si ordinære drift og staten sine bygningar i Longyearbyen. For 2007 er det foreslått å løyve 3,5 mill. kroner til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. Det er òg foreslått å løyve midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Frå 2007 vil Longyearbyen lokalstyre ha ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule.
Regjeringa foreslår å løyve netto om lag 331 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål i 2007. Tilsvarande tal i 2006 var om lag 308 mill. kroner. Dette omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt budsjett, med tillegg av utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa. Inntektene frå Svalbard som går inn i budsjetta til dei andre departementa er trekte frå.
Over Miljøverndepartementet sitt budsjett vil det bli løyvd om lag 90 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 70 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutt sin verksemd på og rundt Svalbard. Miljøvernarbeidet vil fokusere særleg på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova, og vidareutvikling av forvaltningsplanar for å styrkje verneområdet. Miljøverndepartementet tek sikte på å setje i verk eit besøksgebyr for tilreisande til Svalbard i 2007. Gebyret vil ha heimel i svalbardmiljølova. Midlane skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard.
Nærings- og handelsdepartementet har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Kolverksemda har i mange år vore halden oppe med statleg støtte. Bakgrunnen har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på øygruppa. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.
I juli 2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS vil truleg få eit økonomisk tap på om lag 270 mill. kroner, etter forsikringsdekninga. Styret i Store Norske har på forretningsmessig grunnlag kome til at interessene til selskapet og kreditorane er best tent med vidare drift i Svea Nord.
Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kroner til selskapet i 2007. Selskapet eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein svært avansert miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.
Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Det er foreslått å løyve 2 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2007. Målet med tilskotet er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Det er ei viktig oppgåve for selskapet å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv. Svalbard Reiseliv har arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida.
Svalbard Satellittstasjon les ned data for sivile formål frå satellittar i polare banar, og styrer òg desse satellittane. Kongsberg Satellitt Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av satellittstasjonen.
Svalbard rakettskytefelt er etablert i Ny-Ålesund av Andøya Rakettskytefelt AS. Formålet er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi.
Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis. Svalbard forskingspark stod ferdig hausten 2005. Den samlar dei akademiske miljøa i Longyearbyen. Parken rommar i tillegg eit kulturhistorisk magasin. Arbeidet med å etablere forskingsparken på Svalbard har vore eit samarbeidsprosjekt mellom fleire departement og andre offentlege instansar. Kostnadsramma for prosjektet er på 426,5 mill. kroner pr. sluttføringsdato.
I budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det for 2007 foreslått å løyve 75,5 mill. kroner til Universitetssenteret på Svalbard. Ein stor del av studentane er utanlandske.
Om lag 14 mill. kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2007 vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte.
Regjeringa ynskjer at Noreg skal ha ei førande rolle i Det internasjonale polaråret 2007-2008, som er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking. For 2007 er det foreslått å sette av 80 mill. kroner til Forskingsrådet sitt arbeid med dette. Det er vanskeleg på førehand å seie kor stor del av desse løyvingane som kjem forsking på Svalbard og i havområde omkring til gode.
Utgiftene til Longyearbyen skule har til og med 2006 vorte dekte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule blir overført til Longyearbyen lokalstyre frå 1. januar 2007. Utgiftene skal da dekkjast over Svalbardbudsjettet.
Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Kunnskapsdepartementet. Dette området er inkludert i Kunnskapsdepartementet for å sikre heilskap og samanheng i opplæringstilbodet til barn og unge. Forslaget for 2007 er 6,8 mill. kroner.
Personar som er busette på Svalbard og selskap som er heimehøyrande der har på visse vilkår alminneleg skatteplikt til Svalbard. Regjeringa foreslår å innføre eit eige svalbardfrådrag frå og med inntektsåret 2006. Frådraget er på inntil 7 200 kroner, og vil bli gitt alle som er busette på Svalbard og som faktisk har opphalde seg der i minst tolv månader. Det er venta ei nedgang i skatteinngangen på om lag 13 mill. kroner i 2007.
Som eit tiltak overfor barnefamiliane for å oppretthalde eit robust familiesamfunn i Longyearbyen, blir det innført eit svalbardtillegg på 3 840 kroner. Dette vil auke utgiftene på budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet med 1,3 mill. kroner.