2. Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronningen
Løyvinga vert nytta til personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter i samband med diverse offisielle oppgåver, og til drift og vedlikehald av eigne eigedommar.
Løyvinga vert nytta til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver, drift av organisasjonen, infrastruktur og mindre investeringar til vedlikehald. I samband med at hovudhuset på Bygdøy Kongsgard vert ferdig rehabilitert i 2007, og kan takast i bruk som sommarbustad, er løyvingsforslaget auka for å kunne løyse driftsoppgåvene.
Løyvinga skal òg dekkje utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei kongelege eigedommane Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall slott.
I løyvinga er det lagt inn 5 mill. kroner til interiørprosjektet ved hovudhuset, Bygdøy Kongsgard, som vert avslutta i 2007. Prosjektet har ei ramme på 15 mill. kroner, og det er løyvd 10 mill. kroner i 2006. Vidare dekkjer 4 mill. kroner av løyvinga fysiske tryggingstiltak i bygg som blir nytta som bustad av dei kongelege. Forslaget til løyving inneheld òg 15 mill. kroner til oppstart av interiørprosjektet ved Oscarshall slott, som Det Kongelege Hoff har ansvaret for. Prosjektet gjeld innvendig rehabilitering av bygget, inkludert sikring og restaurering av kunst, møblar og anna inventar. Prosjektet har ei ramme på 45 mill. kroner. Oscarshall slott er stengt pga. den byggtekniske tilstanden. Det er trong for både utvendig og innvendig rehabilitering. På grunn av anlegget sin antikvariske og kulturhistoriske verdi blir prosjektet utført i nært samarbeid med antikvariske styresmakter. Rehabiliteringa tek sikte på å vere klar i 2009, slik at lystslottet igjen kan opnast for publikum. Statsbygg har ansvaret for utvendig rehabilitering og teknisk infrastruktur, jf. kap. 1581 post 45.
Komiteen har merket seg at bevilgningen til H.M. Kongen og H.M. Dronningen er foreslått øket med 15 prosent i forhold til saldert budsjett for 2006. Økningen skyldes i hovedsak ny post 51 Særskilde prosjekt ved Det Kongelege Hoff. Posten innbefatter blant annet midler til interiørprosjekt ved hovedhuset, Bygdøy Kongsgård og midler til oppstart av innvendig rehabiliteringsprosjekt ved Oscarshall slott.
Komiteen konstaterer med tilfredshet at det nye budsjettsystemet for kostnadsfordeling mellom statlige og private kongelige eiendommer og drift som ble innført etter et betydelig utvalgsarbeid i 2002, i hovedsak virker godt. Komiteen viser til at apanasjen dekker normale drifts- og vedlikeholdsutgifter også for de private eiendommer, som Prinsehytta og folkegaven Kongsseteren. Komiteen legger til grunn at nødvendig periodevis oppgradering og utvikling av disse eiendommene kan inngå i bevilgninger på kap. 1 post 51.
Komiteen har ellers ingen merknader og slutter seg til budsjettforslaget.